Mariam El Khassan Ali blei tilbode masterplass på UiB. Like før studiestart blei ho fråteke plassen på grunn av feil i behandling av søknaden.

Publisert 14.08.2025 23:28
– Det hadde vore fint å få beskjed tidlegare enn ei veke før, seier Mariam El Khassan Ali.
28-åringen gleda seg til å byrja på ein master i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.
Ho hadde allereie lest gjennom mykje pensum, for å førebu seg til det to år lange studiet.
Ein månad etter ho blei tilbode plass, fekk ho beskjed om at universitetet hadde gjort ein feil i søknaden, og plassen blei fråteken.
Universitetet i Bergen beklagar ulempa, men vil ikkje kommentera enkeltsaker.

Ikkje godkjente fag
El Khassan Ali kjem frå Ukraina, og har ein bachelor i journalistikk frå Universitetet i Odessa.
Dette dekker ikkje den fagleg relevante fordjupinga på 80–90 studiepoeng i sosialantropologi som trengst for å komma inn på studiet.
Dette fekk ho beskjed om ein månad etter ho fekk plass.
– Det er litt ubehageleg at dei sa dette til meg mindre enn ei veke før oppstart. Eg var ikkje fornøgd, seier El Khassan Ali.
Likevel går ho ikkje inn i hausten utan studieplass. El Khassan Ali blei tilbode ein plass på bachelor i politikk og administrasjon i staden.
– Kva tenker du om at dei blei ein bachelor og ikkje ein master?
– Eg forventa eigentleg bachelor, fordi eg har eit godt vitnemål. Men det er tre år med bachelor, og to år med master, så då er det jo sjølvsagt betre med master.

Til TV 2 seier Universitetet i Bergen at studentar har klagerett og at desse klagene blir behandla i nemnd.
El Khassan Ali seier ho er usikker på om det er verdt å klage.
– Eg veit ikkje. Er eg ikkje kvalifisert, så er det vel rettferdig.
Ho seier ho er nøgd med å koma inn på eit studie til hausten, no som sjokket har lagt seg.
– Eg er eigentleg fornøgd, eg, seier El Khassan Ali.
NSO: – Trist
Sigve Næss Røtvold er leiar i Norsk Studentorganisasjon. Han meiner saka er trist.

– Å få plass på eit studie er noko av det største ein kan oppleva, og det er veldig leit å då få ein slik kontrabeskjed. Her må UiB gjennomgå rutinane sine for å sørga for at dette ikkje skjer igjen, seier Røtvold til TV 2.