Ekteparet frå Ulefoss i Telemark har sett fram til nokre rolege dagar på hytta i Ålesund, men måndag blei det dramatikk.
Ein skogbrann kom ut av kontroll i det tørre terrenget, og ei tid var flammane berre mellom 100 og 150 meter unna dei næraste hyttene like ved Emblemssanden.
– Det såg litt skummelt ut til å begynne med, med veldig røykutvikling, seier Henning Breivik (80).
Han og kona Marit har hatt hytte like ved det flotte turområdet på Emblemssanden i Ålesund i over 20 år. Dei skulle ein snartur på apoteket måndag. Då dei kom tilbake fekk dei klar beskjed om å snu på grunn av brannen.
– Eg måtte berre sette frå meg bilen. No er vi hos nokre venner, seier Breivik.
Politiet melde tidlegare at totalt tre personar frå to hytter var evakuerte.
Melder om kontroll på brannen
Det har vore store styrkar i sving måndag ettermiddag for å få kontroll på brannen som har slikka seg oppover skogen og nærma seg fleire hytter og hus.
Etter innsats frå fleire brannlag melde brannvesenet like etter klokka 19 at det var kontroll.
– Nei, det er ikkje fare for spreiing på brannen, den har vi god kontroll på, sa innsatsleiar for Ålesund brannvesen, Rolf Jarle Ødegaard på direkte spørsmål i NRK Dagsrevyen.
Den meldinga er ekteparet frå Telemark glade for.
– Det er jo fantastisk. Hytta vår ligg veldig nært skogen. Dersom det hadde blitt skikkeleg skogbrann hadde det nok blitt tøft å misse hytta, seier Henning Breivik.
Frå sjøen er det synlege flammar i terrenget.
Foto: Remi Sagen / NRKBer om «skjerpings»
Ålesund Brannvesen har måndag kveld lagt ut ei melding på Facebook med overskrifta «SKJERPINGS».
Her ber dei folk om å spele på lag for å unngå fleire brannar i området.
Brannsjef Sindre Egeness seier til NRK at det er svært tørt i området og at dei ikkje ønskjer fleire brannar.
– Vi treng at publikum spelar på lag og hjelper oss til det.
– Mistenkjer de at de er brukt eld, fyrt opp bål?
– Det blir ein spekulasjon, men vi veit at dersom ein er ute og fyrer opp i terrenget er det fare for å oppleve større brannar, seier han.
Operasjonsleiar Arild Reite i politiet seier dei ikkje har nokon mistenkte måndag kveld.
Sløkkearbeid utover kvelden
Innsatsleiar Rolf Jarle Ødegaard i brannvesenet seier vidare at det er stor varme i grunnen, og at dei vil bruke tid i kveld og natt på å sikre seg at flammane ikkje utviklar seg på nytt.
Brannhelikopteret har bidratt med å flyge over området for å skaffe kontroll, men blei ikkje brukt til sløkking.
– Frå det blei rekvirert og til det kom, endra situasjonen seg veldig positivt i vår retning, slik at dette ikkje blei ein større brann, seier innsatsleiaren for Ålesund brannvesen.
Brannhelikopter på plass ved brannen i Ålesund.
Foto: Remi Sagen / NRKStort område i brann
Brannmeister Jon Rune Lillebø seier til NRK at det er eit stort område som er råka. Litt tidlegare sa han at det ikkje var kontroll i området.
– Det er eit kjempestort område som brenn, seier han og legg til:
– Vi har ikkje kontroll på brannen.
Han seier dei har kalla ut alt tilgjengeleg mannskap og at dei har brukt tid på å sikre fleire nærliggande hytter.
Tidlegare i ettermiddag gjekk dei rundt og sjekka om det var folk i hyttene, for å be dei forlate området.
Politiet ber no hyttefolk om å forlate området.
Foto: Remi Sagen / NRKBad om hjelpe frå helikopter
Det er stor brannfare i Midt-Noreg – og det er sett inn eit ekstra brannhelikopter som står i beredskap på flyplassen Vigra utanfor Ålesund.
Dette helikopteret skulle etter planen setjast inn i brannen, men dette blei seinare avblåst.
Brannvesenet brukte også dronar for å få oversikt over området.
Innsatsleiar Fredrik Ellingsen i politiet seier det blir sløkt både frå lands og til vanns.
Han seier det blir eit langvarig arbeid å få kontroll på brannen.
Innsatsleiar Fredrik Ellingsen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Remi Sagen / NRKDet har vore ei rekkje brannar i Midt-Noreg den siste tida.
Brannen måndag ettermiddag har oppstått om lag 25 kilometer unna Sukkertoppen, i den andre enden av Ålesund.
– Ser masse røyk
Røyken frå staden blir sett på lang avstand.
– Eg ser masse røyk og mange brannbilar. Det er ei kraftig røykutvikling, seier ein nabo til NRK måndag ettermiddag.
Like før klokka 17.00 melde politiet at brannvesenet starta sløkkingsarbeidet. Då var det opne flammar på staden.
Publisert 20.04.2026, kl. 16.57 Oppdatert 20.04.2026, kl. 21.49


















English (US)