Marita redda livet ved å snakke om følelsane sine

4 days ago 5



– Da eg var på mitt mørkaste, ville eg ikkje stå opp, eg ville ikkje gå ut blant folk, vere saman med folk.

Gjennom oppveksten sleit Marita Bremertun Skrenes (28) med depresjon og sjølvmordstankar.

Å snakke ope med mor hennar om korleis ho eigentleg hadde det, vart ei redning.

– Eg er her i dag takka vere ho. Heilt nede på mitt mørkaste så tenkte eg at «eg kan ikkje gjere dette mot mamma», seier Marita og trekker pusten.

en kvinne med rosa hår

Foto: Helene Hjelseth Holen

– Skulle eg gått gjennom det heilt mutters åleine, så hadde eg ikkje vore her i dag. Det trur eg ikkje at eg hadde klart.

Fleire tar kontakt

– Vi har sett ein tydeleg vekst på rundt 40 prosent dei siste tre åra, seier Johannes Heggland.

Han er generalsekretær i Kirkens SOS, ei døgnopa kriseteneste på nett og mobil.

Stadig fleire tar kontakt på SOS-chat, ei anonym chat-teneste.

Omtrent kvar tredje samtale har sjølvmord som tema, ifølgje Heggland.

  • en mann med briller

    Johannes Heggland

    • Generalsekretær i Kirkens SOS

– Dette er menneske som er i vanskelege livssituasjonar og treng eit medmenneske å snakke eller chatte med, seier han.

I fjor vart dei kontakta til saman 280.000 gonger.

En gruppe mennesker som sitter ved et bord med bærbare datamaskiner

– Vi lyttar til det dei seier, og prøver å finne håp saman med dei, seier Ida om jobben som frivillig hos Kirkens SOS.

I andre enden sit rundt 1.000 frivillige som tar imot dei som ringer eller skriv inn.

– Nokre samtalar fester seg jo veldig. Det er tunge tema vi pratar om, seier Ida. Ho er frivillig i Kirkens SOS.

– Men det er jo ein veldig fin ting å kjenne at du hjelper eit anna menneske. Å kunne bidra til at nokon kan få ein betre dag, det er ei veldig god kjensle.

Dei som tar kontakt synest det hjelper å prate med nokon, seier Ida.

– Mange opplever at dei får sortert tankane sine og kanskje ser klarare kva dei treng for å komme seg vidare.

Sjølvmordstala stig

I fjor var det 739 personar i Noreg som tok sitt eige liv.

Sjølv om tala held seg ganske stabile, har det vore ei svak auke dei siste åra.

Sjølvmordstalet for 2024 er det høgaste nokosinne, og vi må tilbake til 1999 for å finne ein høgare sjølvmordsrate. Kvifor er det slik?

– Det vi veit, er at forhold i samfunnet sannsynlegvis er av betydning.

en person som holder en mobiltelefon

SOS-chat er ei anonym chatteteneste på nett.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Kim Stene-Larsen, fungerande avdelingsdirektør for psykisk helse ved Folkehelseinstituttet, prøvar å gi eit svar på auken. Men det er ikkje så beint fram.

– Det at samfunnet kan ha dreidd i retning av eit meir individualistisk samfunn med krav til prestasjonar på ulike område, kan vere av betydning.

Bilder av Kim Stene-Larsen, seniorforsker, PhD. Jobber med psykisk helse og selvmord på Folkehelseinstituttet.

Kim Stene-Larsen, fungerande avdelingsdirektør for psykisk helse ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Siri Vålberg Saugstad

Stene-Larsen peiker på at økonomiske forhold (for eksempel personleg, uhandterleg gjeld), arbeidsløyse og sosiale forskjellar også er viktig.

– Alt dette er faktorar som kan spele inn, utan at vi kan peike på kva som er årsaka akkurat no.

Ei permanent påminning

Marita er framleis ikkje heilt frisk. Ho har gode og dårlege dagar.

Men eit symbol på handleddet gjer at ho aldri gløymer det ho har vore gjennom.

en persons hender med en tatovering på armen

– Det er lett å gløyme alle dei gode tinga når ein har det så mørkt, seier Marita. Tatoveringa minner ho på å hugse lyspunkta.

Foto: Helene Hjelseth Holen

Tatoveringa av eit semikolon prydar i dag huda hennar.

– Det å ha dette fysiske merket på ein plass eg kan sjå heile tida, gjer at eg har ei konstant påminning, seier Marita.

Liknande tatoveringar og teikningar prydar også mellom anna Instagram, med emneknaggen #thesemicolonproject.

Ei rørsle som starta i 2013, med eit mål om sjølvmordsførebygging og å fjerne stigma rundt psykisk helse.

en person med rosa hår som står i en skogEn person med flerfarget hår står i en skogkledd setting. Vedkommende har på seg en grå jakke. Bakgrunnen viser trær og grå bygninger. Det er høstlig stemning med sparse blader på trærne.

– Eg har gode og dårlege dagar, seier Marita.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

På same måte som teiknet til vanleg blir brukt for å fortsette ei setning, blir semikolonet her brukt som eit symbol på at eit liv ikkje tar slutt, men held fram.

– For meg vil det vere ei påminning om at eg har klart dette før. Så skulle det bli mørkt igjen, skal eg klare det ein gong til, seier ho.

– Tør å prate med nokon

I 2020 la regjeringa fram ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord.

Med den innførte dei samtidig ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.

Men har nullvisjonen vore forgjeves?

– Det at vi ser ein viss tendens til auke, og har sett det dei siste ti åra, er jo bekymringsfullt. For det er i same periode at vi har hatt handlingsplanar for førebygging av sjølvmord i Noreg, seier Stene-Larsen i FHI.

Han peiker på at regjeringa har bestemt å forlenge den gjeldande handlingsplanen for sjølvmord – og at dei ønskjer å få på plass ein ny, meir spissa handlingsplan.

En kvinne i blå jakke

– Du får ikkje gjort noko med det viss du skal gøyme deg frå det heile tida, seier Marita.

Foto: Helene Hjelseth Holen

– Ein skal fokusere på færre tiltak, og på den måten prøve å få ein effekt her. Det er eit arbeid vi er i gang med no, saman med Helsedirektoratet, seier han.

Marita har eit klart råd til dei som sit inne med mørke, tunge tankar:

– Be om hjelp. Tør å prate med nokon. Det er absolutt det beste steget å ta for å begynne å bli betre og for å få det betre.

Publisert 13.11.2025, kl. 17.15

Read Entire Article