– Får eg denne vara endå billigare om eg prutar på den?
Nyleg skreiv NRK om at folk meinte Rema 1000 sat ned varene sine for lite når dei var i ferd med å gå ut.
Rema-butikkane vel nemleg ofte berre 30 prosent, sjølv om vara går ut same dag.
I Rema 1000 butikken i Sentrumsgården i Bodø går det greitt å få selt kjøtvarer som går ut same dag. Særleg om dei er prisa ned med 50 prosent. Andre varer er det verre å sørge for at ikkje hamner i søpla.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKForbruker-influensar Kornelia Minsaas ønskte seg moglegheita til å prute på varer som openbert burde blitt selt billigare.
Difor er NRK-journalisten på tokt i butikkane. Og her får ho napp.
– Det kan vere aktuelt, seier Rune Lysberg, butikksjef på Rema 1000 i Bodø sentrum.
– Særleg i tilfelle der det er større mengder vare som går ut på dato, eller varer som sel dårleg.
– Ein interessant tanke
I Rema 1000-butikkane står kvar enkelt kjøpmann fritt til å lage sine eigne ordningar for mellom anna korleis dei prisar ned varer som er i ferd med å gå ut.
Difor kan Lysberg berre snakke for sin butikk.
– Eg måtte ha tatt avgjerder sjølv kvar gong i tilfelle. Det er komplisert å lage ei rutine som er enkel for dei tilsette å lære og sette i praksis.
Rune Lysberg, butikksjef på Rema 1000 i Bodø sentrum, er villig til å la folk prute på varene sine for å få ned matsvinnet.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Pruting er ein interessant tanke. Men kor gjennomførbart det er, er verre.
Varen journalisten held fram er ein biff.
Nett kjøt meiner butikksjefen det går greitt å få selt med 50 prosent rabatt same dag. Andre ting er det verre med.
Influensarens beste prutetips
Forbrukarinfluensar Kornelia Minsaas har god erfaring med å prute på varar i butikkar.
Ho har jobba i matbutikk både i Bergen og i Trøndelag. Det er slik ho oppdaga at pruting er ein moglegheit. Ho veit det er mykje svinn.
– Stor tommel opp til butikksjefen på Rema som seier det er aktuelt, men eg synest også at dei tilsette bør ha moglegheit til å ta vurderingar, seier ho til NRK.
For nokre år sidan var Kornelia Minsaas ambassadør for DNB-ung. Då fanga ho på video første gong at ho pruta på matvarer på daglegvarebutikkar.
– Er det flaut å prute?
– Både ja og nei. Eg veit jo ikkje responsen. Men ein må ikkje tenke så mykje på seg sjølv. Tenk på vara som kanskje vil hamne i søpla, seier ho.
Og legg til:
– Det handlar om å gå litt ut av komfortsona. Det er jo ikkje heilt vanleg.
Men det, altså vanleg, håper ho det vil bli å prute. Også i daglegvarebutikkar.
Forbrukarinfluensar Kornelia Minsaas legg ut både forslag på korleis ein kan redde mat, og kva ein kan bruke han til.
Foto: PrivatSå korleis gjer ein det?
Her er influensarens beste tips til deg som vil bli ein god prutar:
- Sjå etter feil på varer. Det kan vere bulk eller hol i innpakninga eller at ein frukt eller grønsak i pakninga er litt roten eller har ei skade.
- Ta med den uperfekte vara, som du mistenker at andre kundar ikkje vil kjøpe, til ein butikktilsett eller direkte til kjøpmann.
- Legg fram feilen. Forklar kvifor du bør få vara billigare. Legg det fram som ei løysing på problemet til butikken, altså at dei sannsynlegvis må kaste vara.
- Foreslå ein betre pris og si at du kjem til å kjøpe vara om du får denne prisen. Det er mogleg å spørje om å få rabatt, men Minsaas har betre erfaring med å forslå ein pris, til dømes halv pris av prislappen.
- Er du redd eller flau? Tenk på det større bilete og legg fram forslaget på ein løningsorientert måte.
– Sjølv om det kan vere litt flaut er det verdt det å ta kampen. Det beste som kan skje er at du sparer pengar og gjer ein innsats for ein god sak. Det verste du kan få er eit nei.
Du bør altså stå litt på krava, ifølge Minsaas.
– Særleg om du opplever at varene ikkje er sat ned så mykje som butikkane lover.
Så kva er det eigentleg butikkane lover?
Dette lover butikkane
Alle Rema-kjøpmenn kan prise ned varer som snart går ut mellom 30 og 70 prosent.
Ifølge butikkjedenes sjef for berekraft kan alle kjøpmennene ta imot innspel til nedprising frå kundar.
Emilie Våge
- Leiar for samfunnsansvar og bærekraft i Rema 1000
Altså kan ein prute med kjøpmann på Rema, men det er ikkje lov å prute på enkeltvarer i kassa.
Alle dei 720 Kiwi-butikkane i landet har i motsetnad til Rema same rutine. Varer som er i ferd med å gå ut på dato prises ned med 50 prosent.
Ifølge kommunikasjonsdirektøren er det ikkje lov å prute i Kiwi-butikkane.
Kristine Aakvaag Arvin
- Kommunikasjonsdirektør i Kiwi
– Fast rabatt gir lik behandling av alle kundar og gjer det enklare for våre medarbeidarar, seier ho til NRK.
Ifølge Arvin blir over 90 prosent av det som blir lagt i «halvpris-disken» på Kiwi selt.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKCoop har òg ein felles rutine for alle deira butikkar. Dei set ned varene med kort haldbarheit med 40 prosent.
Dei sel òg varer som allereie har gått ut på dato sat ned med 70 prosent.
Knut Lutnæs
- Seniorrådgivar for kommunikasjon ved Coop Norge AS
Men i motsetnad til på Kiwi er det her mogleg å prute, ifølge Seniorrådgivar for kommunikasjon ved butikkjeda.
– Det er ingenting som hindrar Kornelia eller andre å prute på prisen på daglegvarene.
Lysberg i Bodø vil helst prise ned minst mogleg varar.
– Som oftast er det berre eit problem når vi har bestilt store parti med lang haldbarheit som går ut på dato, seier han.
Rune Lysberg, butikksjef på Rema 1000 i Bodø sentrum, vil ikkje selje varer etter «best-før»-datoen for å vere heilt sikker på at ingen til dømes blir sjuke av varene hans.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKDer Kiwi meiner 90 prosent av varene i datodisken blir selt, melder Coop og Rema at det er vanskeleg å gi eit tal på nett kor mykje mat frå datodisken som hamnar i søpla.
Det er fordi matsvinnet deira også inneheld varar som ikkje kan bli selt av ulike årsaker.
Publisert 05.03.2026, kl. 10.59


















English (US)