Nordlysturismen i Nord-Noreg har meir enn dobla seg sidan 2019, og ein gjennomsnittsturist bruker no over 25.000 kroner på ein slik tur.
At pengane sitt laust forstår Frode Nygård, som driv nordlysturisme i Lofoten, godt.
– Å sjå nordlys er litt som eit fallskjermhopp. Det er ei spektakulær og imponerande naturoppleving.
Den enorme veksten har ført til at mange useriøse aktørar prøver å tene raske pengar på ulovleg turistverksemd.
Sidan september i fjor har 12 personar frå Malaysia og Kina blitt vist ut av landet for slik verksemd.
Dei useriøse aktørane kan tilby lågare prisar fordi dei ikkje følgjer reglar for skatt, lønn eller løyve.
LOVLEG: Denne båten tar turistane til plassar utanom dei populære turistmåla.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKI fleire saker har myndigheitene konfiskert ulovleg forteneste, som i nokre tilfelle har vore opp imot 100.000 kroner på ein tur.
Nygård fortel at den ulovlege turistverksemda i Lofoten merkast godt. Han ser fleire problem med dei ulovlege aktørane.
– Dei har ikkje erfaring med norske vintervegar og hamnar ofte i grøfta, noko som set gjestene i fare. Ulovleg drift skadar også Lofoten som destinasjon.
Også denne veka vart ein sjåfør meldt til politiet for ulovleg nordlysturisme. Same sjåfør blei også stoppa for eit liknande forhold berre nokre dagar tidlegare.
– Har eskalert
Line Samuelsen er dagleg leiar i Destinasjon Lofoten. Ho fortel om ei markant auke i organiserte turar som gir seg ut for å vere private.
– Utanlandske aktørar flyg inn turistar, leiger bil i Sverige eller Finland, og køyrer inn i Noreg. Dei hevdar dei er «venner på tur», men driv i røynda profesjonell og ulovleg turistverksemd.
Desse aktørane bruker naturen og infrastrukturen i Lofoten som ein gratis ressurs utan at ein veit for mykje om dei.
Destinasjon Lofoten har sjølv meldt eit utanlandsk reiseselskap til A-krim for ulovleg verksemd i Noreg, i tillegg til å ha sendt to personar ut på ein sjølvguida tur i eit veldig farleg område.
Line Renate Samuelsen, daglig leder og reiselivssjef i Destination Lofoten
Vil ha tydlegare regelverk
Samuelsen understrekar at dei aller fleste ønskjer å gjere det rette.
Eit av hovudproblema er at reglane for persontransport er ulike mellom fylka, noko som gjer det nesten umogleg å drive lovleg på tvers av grensene, seier ho.
For å kunne drive persontransport med inntil 8 personar må opplevingsbedrifter ha eit drosjeløyve. I Nordland kan ein opplevingsaktør søke om ein dispensasjon for krav om drosjeløyve. I Troms er krava annleis og aktørane må søke om ordinært drosjeløyve.
Dersom ein lovleg aktør frå Lofoten tek med gjester over grensa til Troms for å finne nordlys, risikerer dei plutseleg å bryte lova fordi dei manglar rett sertifisering for nabofylket.
– Vi etterlyser ein eigen løyvekategori for reiselivet, slik at ein slepp å halde seg til drosjeløyva og dispensasjonar.
Ho legg til:
– Så må vi tydeleggjere dette regelverket også overfor dei operatørane som kjem hit. Då må vi ha eit regelverk som er likt og lett å forstå og rettleie i korleis ein går fram for å få løyve. Slik som det er no, er det stor usikkerheit og fleire seriøse aktørar vel å kansellere i staden for å risikere å bryte reglene.
KAPTEIN: Han fortel at det er mange løyver som må på plass for å drive lovleg turisme.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKPositiv til grep
Frode Nygård er glad for at useriøse reiselivsaktørar blir stoppa.
– I det perspektivet set vi veldig pris på at problemet blir løfta. For dette her handlar om gjestane sin tryggleik. Utanlandske aktørar er hjarteleg velkommen til å drive næringsverksemd innanfor reglane i Noreg. Problemet er at nokre ikkje gjer det, me konkurrerer ikkje på like vilkår.
– Blir det gjort nok for å stoppe det?
– Eg vil vere veldig forsiktig med å kritisere nokon kring akkurat det. Eg tenkjer at politiet og A-krim gjer det beste dei kan med dei ressursane som er tilgjengelege, seier Nygård.
Ekteparet Heidi og Frode Nygård har investert i båt, taxiløyve og har alle papir i orden for å drive lovleg nordlysturisme.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKSaman med kona Heidi starta han eit opplevingsselskap i Lofoten.
– Eg jobbar som yrkesmilitær og nærmar meg pensjonsalder. Me ville ha noko å drive med når me ikkje lengre har ein vanleg jobb å gå til, seier han.
Ekteparet ynskjer å legge til rette for turar som går utanfor allfarveg.
– Veldig mange flokkar seg kring dei kjende «Instagram-hotspotsene» i Lofoten. Kundegruppa vår har eit litt anna fokus, seier Nygård.
HISTORIE: Båten Isqueen har historie hengande på veggen.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKPublisert 30.01.2026, kl. 21.02













English (US)