Meiner dei har løyst fiskesøl­problemet på norske vegar – ber resten av bransjen følgja etter

1 day ago 2



– Det er berre eit tidsspørsmål før me potensielt kan få alvorlege ulukker som følgje av avrenning, seier Roy H. Holm i Vegvesenet.

Kvart år køyrer vogntog på vogntog laks ut av Noreg. Fisken er nøye pakka i isoporkassar, nedkjølt med is.

Men når isen smeltar renn blodig vatn og fiskeslim ut av kassane og ned på norske vegar.

Et stort, rødt væskealter viser seg på en fryst vei under en lastebil. Det er tydelig at væsken har en tykk konsistens og spredning. Kjøretøyets bakre del er synlig, med verktøy eller utstyr i nærheten. Omgivelsene er dekket av snø, noe som indikerer kaldt vær.

Avrenning frå fisketransport på vinterføre.

Foto: privat

Det kan gi sleipe vegar om sommaren og glatte vegar om vinteren.

Dette meiner Holm er ein risiko for trafikktryggleiken på norske vegar.

– Trafikktryggleiksrisiko vil me ikkje vera nemnde med. Ein Mowi-bil skal ikkje ha avrenning, seier utviklingsdirektør i Mowi markets, Morten Hauge.

I 2023 sette dei i gang eit prosjekt for å sjå om dei klarte å løysa avrenningsproblemet.

Når dei rundt to år seinare brukar resultatet kvar einaste dag, verka løysinga nesten for enkel.

Avrenning lastebil

Avrenning frå fisketransport på vinterføre.

Foto: Statens vegvesen

To detaljar gjer utslag

Ei tradisjonell transportkasse er laga av isopor, har hol i dei fire nedste hjørna og er fylt med fem kilo is.

Mowi sin nye versjon ser ved første augekast nokså lik ut, men det er to detaljar som gjer denne kassa spesiell:

For det første er kassa heilt tett. For det andre er det eit forhøga platå midt i kassa. Når isen smeltar vil fisken ligga tørt på platået, medan vatnet legg seg rundt.

To personer holder en hvit isolert boks merket "MOWI". Den ene personen har på seg en blå jakke, mens den andre har en grønn. Omgivelsene ser ut til å være en lagerlokale med grått gulv. Boksen fremstår som ren og ubrukt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Den vesle forhøginga i midten gjer at fisken kan liggja tørt, medan vatnet legg seg rundt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ny teknologi gjer at fisken har lågare kjernetemperatur når han blir pakka. Dermed klarar dei seg no med to kilo is. Det betyr langt mindre smeltevatn.

– Resultatet ser veldig enkelt ut, men det er summen av veldig mange små faktorar som passar saman som har gjort at me klarte å laga ei løysing innanfor dei rammene me har, seier prosjektleiar Marius Monsen.

Mann med mørkt hår smiler og ser i kamera. Han sit på ein raud møteromsstol bak ein laptop.

Prosjektleiar Marius Monsen syns det er veldig kjekt å ha kome fram til ei løysing som fungerer godt.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Prisen skal vera tilnærma lik som for tidlegare kassar.

Tenkte utanfor boksen

– Me har brukt dette i fullskala i over eit år. Dette er ikkje eit testprosjekt lenger, det er implementert. Det er industri, seier Monsen.

Det betyr Mowi har pakka og transportert over 15 millionar kassar i 16.000 lastebilar.

Kvar dag går mellom 20 og 25 bilar frå Mowi sitt anlegg på Eggesbønes i Fosnavåg.

To personer i arbeidsklær står i en fabrikk. Den ene bærer en hvit eske med MOWI-logo. Omgivelsene inkluderer industrielle elementer som palletruck og maskiner. Lys og romslig fabrikkmiljø. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fabrikksjef Hans Jakob Lande og dagleg leiar i Vartdal Plast, Jan Endre Vartdal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Me ser berre positive effektar her på fabrikken. Det er tryggare arbeidsforhold for dei tilsette, mykje mindre vedlikehald og reinhald og mindre kjemikaliebruk, seier fabrikksjef Hans Jakob Lande.

Vartdal Plast produserer transportkassane. Dei var med frå tidleg i prosessen.

– Tilnærminga var å sjå heile verdikjeda frå laksen blir pakka til han kjem ut til kunden. Då såg me med ein gong moglegheiter så lenge me kan leggja ein god pakketemperatur til grunn, seier Jan Endre Vartdal.

– Dei er innovative og løysingsorienterte og har vore flinke til å tenkja utanfor boksen, seier Monsen om samarbeidspartnaren.

Etterlyser resten av bransjen

– Resten av bransjen må ta ansvar og bidra til at dette kan bli ei generell løysing for bransjen, seier utviklingsdirektør Hauge.

Dei deler gjerne design og prosess med konkurrentar.

– I dag er det dessverre ingen andre som har følgt oss. Vår tanke er at me har laga ei løysing som alle skal få tilgang til. Dette er ei løysing som heile næringa kan bruka, seier han.

Mann med grå gensar smiler og ser i kamera. Han står framfor vatn og fjell.

Utviklingsdirektør Morten Hauge meiner resten av bransjen no bør gå over til tette kassar.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

I desember la Statens vegvesen fram eit forslag om å straffa sjåførar for avrenning.

Då reagerte lastebilbransjen sterkt. Norges Lastebileier-Forbund (NLF) meinte lovverket ramma feil bransje.

Blod, slim og fiskevatn har frose til is på fisketransport og ligg som ei blodig kake bak i vogntoget. Dette kan bli resultatet dersom eit vogntog får bruksforbod på grunn av avrenning, og må setta i gang frysaren for å hindra lekkasje.

Dette vogntoget fekk bruksforbod.

Foto: Byrknes Servicesenter

Roy H. Hol, fungerande avdelingsdirektør i utekontrollavdelinga i Statens vegvesen viser til at dei over fleire år har hatt dialog med fleire aktørar om avrenningsutfordringa.

– Me har vore veldig tydelege på at dersom ikkje næringa sjølve og transportørane tek ansvaret for å få dette på plass, så er me nøydde til å gå inn og regulera det.

Det resulterte i forslaget NLF reagerte på.

– Sånn sett er det gledeleg at Mowi no ser ut til å gå framfor og ta det ansvaret og at dei har gode erfaringar med å bruka dei tette kassane.

Også han håpar at resten av bransjen følgjer etter.

En hvit isoporkasse fylt med flere ferske laks ligger på en metalloverflate. Omgivelsene har en industriell karakter med metallvegger. Kassen er delvis åpen, med fiskene synlige på toppen. Bildet viser en prosess relatert til fiskeri eller matforedling. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

At kassa er tett gjer at materialet isolerer betre. I tillegg til at fisken har låg kjernetemperatur ved pakking gjer dette at behovet for is er mindre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Passar ikkje nødvendigvis andre

Trond Davidsen, direktør i Sjømat Norge, skriv til NRK at dei kjenner til at Mowi har gått over til å bruka tette kassar.

– Me er samtidig merksame på at dette av ulike årsaker ikkje nødvendigvis passar for alle andre selskap, mellom anna grunna ulike føresetnader for å kjøla fisken tilstrekkeleg ned før pakking i kassar.

Han peikar på at fisk som blir liggande i smeltevatn vil få redusert kvalitet.

Davidsen skriv også at Sjømat Norge har bede selskapa vurdera å bruka tette kassar eller oppsamlingstankar for smeltevatn i lastebilane.

To personer jobber med palleterte kasser i et lager. Den ene står med en jekketralle, mens den andre går forbi. Lageret har grå vegger med synlige kjølesystemer. Begge ansatte er kledd i arbeidsklær med logoen til MOWI. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Laks har blitt transportert utan avrenning med fly i fleire tiår. Men i lufttransport blir det brukt matter som absorberer smeltevatnet. Desse er ikkje aktuelle å bruka i bil, fordi det blir for mykje avfall. – Fokuset me har på berekraft i Mowi gjer det uaktuelt med slike matter i bilkassane, seier Marius Monsen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Hundre prosent sikker

Sjefen hjå Vartdal Plast er trygg på at resten av bransjen vil koma etter.

– Det er sjølvsagt ein del tilpassingar på ulike pakkeri rundt omkring, men eg er heilt sikker på at heile bransjen er positive til denne løysinga og at me gradvis vil sjå at alle går over til dett, seier Vartdal.

– Eg trur dette er kome for å bli og at denne løysinga står seg godt.

– At denne kassa er komen for å bli? Ja, det er eg hundre prosent sikker på, seier fabrikksjef Lande.

En mann bærer en isfylt polystyrenboks med fisk i en kald lagringsfasilitet. Omgivelsene er hvite og blå, med synlige reoler og utstyr. Mannen har på seg en blå arbeidsjakke. Boksen er dekket av is og viser fiskens skinn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fabrikksjef Lande er svært godt nøgd med dei tette kassane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Publisert 08.01.2026, kl. 18.05

Read Entire Article