Divisjonsforskjellen var ikkje synleg da Eliteserielaget Kristiansund tok turen til Lillestrøm. For heimelaget tok seg fortent til cupfinalen. Sist dei var i cupfinale er to år sidan, da dei tapte for Brann.
– Eg har drøymt om dette sidan 20. mai 2023. No skal me vise ei ny side, seier Espen Garnås til NRK etter at finalebilletten er sikra.
Lillestrøm leverte to svært vakre mål mot Kristiansund.
Meiner KBK blei snytt
Men trass i at dei dominerte banespelet i første omgang av semifinalen var dei heldige etter at rundt halvtimen var spelt.
– Korleis kan det ikkje vere straffe, spør NRKs fotballekspert Bengt Eriksen seg etter å ha sett den kontroversielle situasjonen.
Mustapha Isah skar inn frå venstre og blei sprunge over ende inne i feltet.
– Eg meiner hundre prosent at eg skulle hatt straffespark. Dommaren seier til meg at det ikkje er noko. Han har tatt si avgjerd. Eg veit ikkje kva eg skal seie til det, seier Isah til NRK i pausen.
FRUSTRASJON: Kristiansund-spelarane skjønte ingenting da dommar Rohit Saggi ikkje valde å blåse straffespark.
Foto: Jonas Been Henriksen / NTBDommar Rohit Saggi takka nei til å snakke med NRK etter kampen.
Lars Ranger var mannen som felte Isah.
– Eg veit ikkje, kanskje, svarer Lillestrøm-spelaren til NRK på om det burde vore straffe.
I motsetnad til i Eliteserien er det ikkje VAR i cupen, bortsett frå i sjølve cupfinalen.
– Det er ingen tvil om at den hadde blitt omgjort av VAR, seier NRKs fotballekspert Andrine Stolsmo Hegerberg om 1. divisjonslaget.
STUSSA: NRKs fotballekspert Andrine Stolsmo Hegerberg synest det var merkeleg at Kristiansund ikkje fekk straffespark.
Foto: Jonas Been Henriksen / NTB– Kanskje me skulle hatt eit straffespark, men eg veit ikkje om me fortener det, for eg synest ikkje me spelte godt nok, seier sportsleg leiar i Kristiansund Eirik Hoseth til NRK i pausen.
I andre omgangen gjekk Isah i bakken igjen, men heller ikkje denne gongen valde Saggi å gi straffespark.
– Eg er redd han overdriv litt. Det kan vere eit bittelite touch, men det er jo ikkje slik at han skal ha straffespark fordi det er andre gongen. Han skulle hatt straffe i første omgang. Klink, soleklart! No er eg heller ikkje i tvil. Han skulle ikkje hatt straffe på den siste, seier Bengt Eriksen.
Klassemål
Berre nokre minutt etter den kontroversielle hendinga leverte Markus Karlsbakk ein rakett. Frå rundt 20 meter banka han inn leiinga.
– Eg får eit godt treff, og er komfortabel med å skyte frå dei avstandane, seier Lillestrøm-spelaren i pausen.
Heimelaget gjekk frå langskot til vakkert samspel. Like før pause slapp Eric Kitolano vakkert ballen gjennom til Thomas Lehne Olsen som dobla leiinga.
Lillestrøm vinn kampen fullt fortent 2–0 og skal jakte sin sjuande cuptittel i cupfinalen 6. desember.
– Det er heilt rått. Det er ikkje mange som hadde trudd det her da me rykka ned i desember i fjor. Me har snudd ting. Det var berre negativitet og drit her i fjor, men no er noko på gang, seier Ranger.
Lillestrøm møter vinnaren av Sarpsborg og Viking. Den andre semifinalen blir spelt 20.00 og kan bli sett på NRK 1.
Publisert 09.07.2025, kl. 19.54 Oppdatert 09.07.2025, kl. 20.37