– Det er noko forbanna drit! Det skulle faen ikkje vore lov!, roper Per Gåsdal i videoen sonen har lagt ut på Instagram.
På vekta ligg karbonadedeig som skal vege 400 gram. Vekta viser berre 365 gram.
– Tenk kor mange millionar dei tener på å scamme oss for 30–40 gram på kvar pakke!
– Drit og lort!
Gåsdal sin son la ut videoen av at faren reagerer på at det manglar karbonadedeig.
Video: @erikgaasdal / Instagram– Ein kjenner seg jo litt lurt
Når NRK ringer, fortel Gåsdal at sinnet først og fremst er humoristisk meint i videoen.
– Det er for at gutungen skal få ein moro video å leggje ut det, humrar Gåsdal.
– Men veginga i videoen er 100 prosent ekte.
På sosiale medium som Instagram, TikTok og Reddit har brukarar den siste tida lagt ut bilete og videoar av at dei veg matvarer dei meiner veg mindre enn det som står på pakken.
På Reddit har ein brukar lagt ut eit bilete av laksefiletar som ifølge pakken skulle ha hatt ei vekt på 400 gram.
Foto: Skjermdump / Reddit– Vi hadde sett nokre slike videoar tidlegare og gutungen sa at dette måtte vi prøve, fortel Gåsdal.
Kjøkkenvekta kontrollerte dei ved å vege ti 20-kroningar. Dei skal ha ei vekt på 9,9 gram kvar.
– Da vippa vekta mellom å vise 99 og 100 gram.
Han og sonen drog på butikken og kjøpte fleire produkt dei testa vekta på.
– Vi testa fire pakkar av kvart produkt for å vere sikre.
I alle pakkane med karbonadedeig var vekta lågare enn 400 gram, fortel Gåsdal.
– Den som mangla minst, mangla 18 gram. Den som mangla mest, mangla 35 gram.
I ein annan video rasar Gåsdal mot Solvinge og viser fram vekta med 23 gram mindre kyllingfilet enn det står på pakken.
Sjå kva Nordfjord kjøtt og Solvinge svarer lengre ned i saka.
– Skjerp dokker Solvinge!, roper Gårsdal i ein video. Vekta viser 427 gram og ikkje 450 gram som det står på pakka.
Foto: Skjermdump / Erik GåsdalGåsdal fortel at han og sonen testa ei rekke produkt.
Tørrvarer som pasta, sukker og havregryn hadde stort sett riktig vekt, fortel han.
Men da dei vog kylling, spekepøls og ost var vekta lågare for samtlege produkt. Ingen av disse produkta hadde høgare vekt enn det stod på pakken, fortel Gåsdal.
– Det er jo ikkje sånn det skal vere, seier Gåsdal.
– Trur du dei gjer dette med vilje?
– Det er nok litt for sterke ord å bruke. Det skal eg ikkje skulde nokon for.
– Men eg synest ikkje det er bra. Ein kjenner seg jo litt lurt.
Ein annan brukar på Reddit fortel av soppen ifølge pakken skulle vege 150 gram.
Foto: Skjermdump / Reddit– Bra at forbrukarane bryr seg om dette
Lovverket opnar for at ferdigpakningar kan ha litt varierande vekt.
Det er pakkane i eit vareparti som i gjennomsnitt skal vege det som er oppgitt som vekt.
Kor langt unna dette gjennomsnittet kvar vare kan vere, varierer utifrå storleiken på vara:
Ikkje meir enn 2,5 prosent av varene i eit parti kan ha større avvik enn det som er tillaten.
– Det betyr at i nokre tilfelle vil ein kunne få noko mindre enn oppført, men innanfor lovleg toleranse, og i andre tilfelle noko meir.
Det fortel Thomas Framnes, informasjonssjef i Justervesenet.
Justervesenet har ansvar for å kontrollere at vegingar og målingar er presise og fører mellom anna tilsyn med bedrifter.
– Vi tenker det er bra at forbrukarane bryr seg om dette, seier Framnes.
– Mat er dyrt, og i dei tilfella det faktisk er for lite i pakkane, er det bra at det blir belyst.
Han trur ikkje det er eit utbreitt problem at forbrukarar får for lite av ei vare, men fortel at Justervesenet finn feil når dei gjer tilsyn.
– Tal frå tilsyn gjort i 2025 viser at av andelen oppdrag vi gjorde hos produsentar av ferdigpakningar, medførte det i 11 prosent av tilfella ein reaksjon frå Justervesenet.
– Sjølv om risikoen ikkje er veldig høg, er dette eit område vi følger tett opp da dette har stor betydning for forbrukarar og produsentar.
Thomas Framnes er informasjonssjef i Justervesenet
Foto: Kilian MunchPeiker på vatn i kyllingen
– Vi forheld oss til lovverket som seier at snittvekta på eit parti ikkje skal vere under 400 gram, seier Randi Støyva, kvalitetssjef i Nordfjord.
– Da kan det forekomme pakkar med både over- og undervekt i samsvar med lovpålagde toleransegrenser.
Ifølge regelverket kan ein pakke med 400 gram karbonadedeig vege ned mot 388 gram.
– Våre pakkemaskiner er utstyrt med nøyaktige kontrollvekter, der kvar pakke blir kontrollert. Pakkar som ligg under grenseverdien blir automatisk tatt ut av pakkelinja.
I videoen med Gåsdal viser vekta 365 gram. Nordfjord kjøtt har ikkje svart på NRK sine spørsmål om videoen.
– Sidan fersk kylling består av ca. 70 prosent vatn, er det heilt normalt at noko av dette slipp ut som kjøttsaft under lagring, fortel Hanne Marstad.
Ho er kommunikasjonssjef i Norsk kylling som produserer kylling under merkenamnet Solvinge.
Ho peiker på at kyllingpakken Gåsdal viser fram i videoen har juledesign.
– Snittvekta for juleproduksjonen av Solvinge strimla kyllingfilet var 467,89 gram.
– Noko som viser at vi i snitt hadde 17,89 gram meir kylling i kvar pakke.
Marstad fortel at dei har utstyr med automatisk kontrollvekter som sorterer ut pakningar med for låg vekt.
Les heile svaret frå Norsk kylling her:
– Kan gi eit litt feil inntrykk
– Sidan reglane er bygd opp rundt avvik per parti med ferdigpakka vare, vil ein del forbrukarar kunne oppleve at vekta på vara er lågare enn det som står på pakningen.
Det fortel Thomas Iversen, forbrukarjurist i Forbrukarrådet.
– Andre gongar vil vekta vere høgare enn det som står på pakninga.
Thomas Iversen meiner ein kan ha tillit til at dei fleste pakkane ein kjøper er innanfor dei lovlege grensene.
Foto: Torbjørn Brovold / NRKIversen fortel at ein som kunde har rett på eit forholdsmessig prisavslag dersom ein får ein vare som veg mindre enn grenseverdiane.
– Det vil vere ein relativt beskjeden sum, med mindre avviket er vesentleg.
Forbrukarrådet meiner ein kan ha tillit til at dei fleste pakkar er innanfor standarden.
At mange legg ut at dei har fått for lite av ei vare på internett trur han kan gi eit skeivt inntrykk.
– Aksjonar som dette kan gi eit litt feil inntrykk, sidan berre varer med negativt avvik blir logga.
Publisert 27.02.2026, kl. 11.32
















English (US)