– Han har nok sprunge seg i hel.
Det seier Randi Helene Dyngedal Bakke til NRK dagen etter at hunden vart funnen død i skogen.
Tidlegare same kveld skulle ho og ein ven gå ein idyllisk måneskinstur med hunden Max (2) i friluftsområdet på Burøya i Arendal
LEI SEG: Randi Helene Dyngedal Bakke gler seg ikkje til nyttårsfeiringa.
Foto: Randi Helene Dyngedal Bakke / PrivatDer såg dei ein bil komme i mørket.
Like etterpå small det frå fyrverkeri i lufta.
– Han såg på meg og så sprang han, fortel Bakke gråtkvelt om hunden.
Max var i langline, men laus akkurat då fyrverkeriet small
Bakke fortel at ho var i kontakt med politiet som sa det ikkje var noko lovleg fyrverkeri i området.
NRK har også sjekka dette med brannvesenet.
Eigaren har førebels ikkje meldt saka til politiet.
Slik førebur hundeeigarar seg til nyttårsaftan:
Ba om hjelp
I eit desperat forsøk på å finne hunden tok ho til sosiale medium for å finne Max.
– Han var min beste venn, fortel ho om golden-doodelen sin.
Bakke beskriv Max som ein snill og litt bortskjemt hund. Han var ofte med på jobben som miljøterapeut for vanskelegstilt ungdom.
– Han var ein sånn gledesspreiar mot alle. Han gjekk alltid i hælane på meg og dilta etter. Hadde nokon ein dårleg dag eller var lei seg, så var han den første som skulle trøyste.
LEIK: Max blir beskriven som ein leiken hund.
Foto: Randi Helene Dyngedal Bakke / PrivatTruleg blei hunden så redd at han sprang seg i hel, meiner Bakke.
– Eg fann han med tunga ut av munnen og han var heilt blå. Det er eit teikn på hjartesvikt. seier ho.
Nå vil ho åtvare andre før nyttårsfeiringa.
Facebook-posten hennar har fått stort engasjement og har fleire tusen likerklikk og er delt over 550 gonger.
Randi Helene Dyngedal Bakke tok til Facebook for å spørje om hjelp. Posten har fått over 2800 likerklikk.
Foto: Skjermdump fra FacebookDei siste åra har fleire teke til orde for å gjere privat fyrverkeri ulovleg.
Ein underskriftskampanje kalla «Nei til fyrverkeri» har i skrivande stund over 60.000 underskrifter.
Burde fyrverkeri bli ulovleg av hensyn til dyra?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Gruar seg
Bakke fortel at ho hadde teke alle forholdsreglar rundt nyttårsfeireinga og hadde planlagt å reise til fjells der det er lite fyrverkeri.
– Det er vanskeleg å gardere seg mot ulovleg fyrverkeri.
Veterinær Anna Nordstrand i Mattilsynet hadde lese om hunden då NRK tok kontakt og er tydeleg på at ho synest det er ei tragisk sak.
Ho seier det er sjeldan at hundar spring seg i hel, men utelukkar det ikkje.
– Det kan tyde på organsvikt, seier Nordstrand om den blå tunga.
Publisert 30.12.2025, kl. 14.07 Oppdatert 30.12.2025, kl. 14.26

















English (US)