Meiner Skotheim kan bli tidenes beste: – Har eit uavgrensa potensial

4 days ago 17



8909 poeng totalt og i ei klasse for seg sjølv.

Friidrettsesset Sander Skotheim tok ein råsterk siger i mangekamp i austerrikske Götzis denne helga, der han også sette norsk rekord.

Verken 23-åringen sjølv eller trenar Eirik Røe er sjenert i ordbruken om prestasjonen og vegen vidare.

– Eg trur han kan bli verdas beste gjennom tidene. Det er jo målet, seier Røe.

– Kor langt kan det gå? spør NRK Skotheim.

– Det er spørsmål eg ikkje kan svare på. No har det allereie gått ganske langt. Vi får sjå kor det stoppar, men det stoppar forhåpentleg ikkje på 8900, svarer han.

En mengde mennesker på et arrangement flokker seg rundt Sander Skotheim, som skriver autografer.

POPULÆR: Dei flokka seg, fansen og tilskodarane, rundt Sander Skotheim i Austerrike.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

– Hadde vore dritkult

Trenaren trur 23-åringen kan få til «store ting» på friidrettsbanen.

– Eg tenker at det ikkje er urealistisk å drøyme om verdsrekord, men når det kjem, det veit eg ikkje. Men eg trur han har potensial til å gjere det.

 Sander Skotheim ser på video hvordan han gjorde det under lengdekonkurransen.

HAND I HAND: Trenar Eirik Røe har stor tru på Sander Skotheim.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

For verdsrekorden i mangekamp er på 9126 poeng, sett av Kevin Mayer tilbake i 2018. Det er 217 poeng meir enn Skotheim tok i Austerrike.

Og talet på poeng han tok i helga var, ja, så mange poeng Røe og Skotheim planla at han skulle ta i år, ifølge ein langtidsplan dei la for fire–fem år sidan.

Det går etter planen. Eg veit ikkje om vi sat opp planen så mykje lengre enn dit vi har komme nå, men vi må berre fortsette å prøve å komme oss opp. 9000-talet hadde vore dritkult, seier Skotheim.

– Når trur du det skjer?

– Forhåpentleg allereie i Tokyo, svarer 23-åringen, og utdjupar at han har tru på medalje i den kommande meisterskapen.

– Eit beist

For den 13. september startar sesongens store mål: VM i Tokyo. Kan det lykkast der, og i andre framtidige stemne?

Ja, meiner fleire av konkurrentane.

– Eg håpar at OL-gullet gav han (Rooth) litt ekstra energi, men begge dei to nordmennene er definitivt folk ein må vere på utkikk for i VM, seier Simon Ehammer.

Sander er eit beist, altså. Eg har verkeleg elska å sjå han utvikle seg i denne sporten, innleier Kyle Garland.

Amerikanaren blei nummer to i Götzis, 283 poeng bak Skotheim. Han meiner resultatet i Austerrike vil stå i historiebøkene som ein av dei beste prestasjonane.

en mann med solbriller og hatt

INGEN ØVRE GRENSE: På kor langt Sander Skotheim kan nå, meiner konkurrenten Kyle Garland.

Foto: PATRICK SMITH / AFP / NTB

– Kor langt trur du han kan nå?

– «Sky’s the limit». I denne sporten, på grunn av kor raskt han veks og utviklar seg, så set eg ikkje noko tak for kor høgt folk kan skåre. Kanskje 9300–9400 kan vere noko ein ser i Tokyo i år frå fleire, så eg er spent på det.

Også Damian Warner, som blei nummer seks under det same stemnet med 382 poeng færre enn Skotheim, er full av lovord.

Warner har vunne stemnet i Austerrike heile åtte gonger tidlegare.

Han kan gå veldig langt. Han har eit uavgrensa potensial. Han er veldig god i dei tekniske øvingane, men har også evna til å hoppe så langt og høgt. Og løpeøvingane hans er også veldig gode, så han har så mykje potensial.

Sander Skotheim jakter seier i Götzis. Bak han står Damiam Warner, som har vunnet stevnet i Østerrike hele åtte ganger tidligere.

TOPP: Sander Skotheim jakta sigeren i Götzis, som han fekk. Bak står Damian Warner, som har vunne stemnet i Austerrike heile åtte gonger tidlegare.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

Rooth og/eller Skotheim

Men det er framleis 103 dagar, eller tre månader og elleve dagar, til VM i Tokyo.

Før den tid skal Skotheim i aksjon under Bislett Games 12. juni.

Der skal han og OL-vinnar Markus Rooth barke i hop – på lag – i lengde, 110 meter og spyd mot andre nasjonar.

Men kven av dei to er best, ifølge konkurrentane?

– Begge, haha. Det kjem til å bli ein tøff konkurranse i Tokyo i VM. Eg ser fram mot det, seier Niklas Kaul.

Mangekamp-utøvaren trur Skotheim kan ta VM-gull.

– Ja, definitivt. Med tanke på det han har gjort dei siste to dagane, så er det kanskje to andre i verda som kan gjere ein like god serie, Leo Neugebauer og Markus Rooth. Vi får sjå, seier Kaul.

Kanadiske Warner forklarer litt meir kva som er styrkane til høvesvis Rooth og Skotheim.

– Rooth er openbert ein fantastisk utøvar og han presterte på den største scena da det betydde som mest. Som utøvar så set du det veldig høgt. Samtidig synest eg potensialet til Skotheim er veldig, veldig bra, svarer Warner.

Han meiner Skotheim ikkje berre er god i norsk målestokk.

– Når du ser på alle tikjemparar i verda, så ville eg sett pengane mine på han. For han er «the real deal».

Solbakken: – Han var «horny» 01:30

Publisert 02.06.2025, kl. 14.59 Oppdatert 02.06.2025, kl. 15.10

Read Entire Article