Etter å ha observert mange kattar i eit område i Hof i Holmestrand tok nokon kontakt med Dyrebeskyttelsen.
Utstyrt med spesielle fangstbur drog to frivillige bort for å sjekke.
Synet som møtte dei var sjokkerande.
Denne vesle kattungen er blant kattane som levde i kolonien.
Foto: Dyrebeskyttelsen Norge Vestfold
Denne vesle kattungen er blant kattane som levde i kolonien.
Foto: Dyrebeskyttelsen Norge Vestfold
– Kan knapt gå
Med lite og stort har 28 kattar blitt fanga inn.
Dei har levd eit hardt liv med maktkampar og slåsting.
Hokattar har blitt angripne av hannkattar som skal pare seg, og kattungar har blitt forvilla etter å ha vakse opp utan menneskeleg kontakt.
Denne katten har store flokar i pelsen og må barberast.
Foto: Dyrebeskyttelsen Norge Vestfold
Denne katten har store flokar i pelsen og må barberast.
Foto: Dyrebeskyttelsen Norge Vestfold
– Det er veldig trist. Det er utruleg dårleg velferd i kattekolonien, fortel leiar Bård Kirkeeng i Dyrebeskyttelsen Noreg Vestfold.
Mange av kattane har utvikla sjukdommar og fått store flokar i pelsen.
– Nokon har så mykje fælt i pelsen at dei knapt klarer å gå.
Bård Kirkeeng i Dyrebeskyttelsen Noreg avdeling Vestfold.
Foto: Mads ThygesenTreng omfattande hjelp
Kvart år blir Dyrebeskyttelsen kontakta om kattekoloniar, men dette er ein av dei største Kirkeeng har vore borti.
Veterinærbehandlinga vil koste frå 6000 opp mot 10.000 per katt.
Derfor er det oppretta ein Spleis.
– Vi hadde estimert minst 200.000, men det var før vi visste det var 28 kattar, seier Kirkeeng.
– Ressurskrevjande
NRK har stilt fleire spørsmål til Mattilsynet om saka i Hof.
Dei viser til at dei har teieplikt, men svarer at dei jamleg får meldingar om kattekoloniar.
Kjerstin Helene Kolvik Iversen er seksjonssjef for selskapsdyr og sportsdyr i Mattilsynet.
Foto: Mattilsynet / NRK– I enkelte område utgjer desse koloniane eit problem både for kattane sjølv, folk og andre dyr, som for eksempel småfuglar og smittepress til andre kattar, i området. Sjukdom er ofte eit stort problem i kattekoloniane, seier seksjonssjef Kjerstin Helene Kolvik Iversen for selskapsdyr og sportsdyr.
– Kva skal folk gjere dersom dei oppdagar ein kattekoloni?
– Saker med kattekoloniar er ressurskrevjande og ofte komplekse. Det er også fleire offentlege etatar som har ei rolle i handteringa, forklarer ho.
Du kan bli ansvarleg
Ved dyrevelferdsmessige problem skal Mattilsynet varslast.
Dersom kattane utgjer eit ordensproblem er det politiet, og ved helse- og miljøproblem er det kommunehelsetenesta som skal kontaktast.
– I tillegg gjer dyrevernorganisasjonane eit stort og viktig arbeid på området.
Denne katten er prega av dei mange kampane i kolonien.
Foto: Dyrebeskyttelsen Norge Vestfold
Denne katten er prega av dei mange kampane i kolonien.
Foto: Dyrebeskyttelsen Norge Vestfold
Matar du ein villkatt og skaper eit avhengnadsforhold til den, blir du også ansvarleg for at han får hjelpa ho treng. Det står i dyrevelferdslova.
Dersom villkatten får kattungar får du også ansvaret for dei.
Ukjent eigar
Truleg har kattekolonien i Hof vakse over fleire år.
For å unngå at noko slikt skal skje igjen ber Kirkeeng alle gards- og katteeigarar om å passe på.
– Heimlause kattar og kattar utan eigar etablerer seg særleg på gardar. Da er det viktig at gardeigarar gir tidleg beskjed, sånn at dette ikkje kan utvikle seg til eit så stort problem.
I tillegg må alle chippe kattane, legg Kirkeeng til.
Denne vesle tassen vart funnen saman med 27 andre kattar.
Foto: Dyrebeskyttelsen Norge Vestfold
Denne vesle tassen vart funnen saman med 27 andre kattar.
Foto: Dyrebeskyttelsen Norge Vestfold
Det er viktig å fange inn alle kattane i tilfelle som dette, forklarer han.
– Det kunne tredobla seg med kattungar til neste år, om ikkje vi hadde tatt grep.
Publisert 06.06.2025, kl. 19.59