– Det er veldig dramatisk for oss.
Det seier dagleg leiar i Arctic Race of Norway, Tom Høgli.
Dei siste åra har Nord-Noregs største sykkelritt fått 15 millionar kroner i støtte via statsbudsjettet. Men i forslag for neste års statsbudsjett, får dei kutta 5 millionar kroner.
– Det er noko vi ikkje har vore førebudde på. Vi har planlagt det som skal skje i 2026 i lang tid. Når eit kutt på ein slik storleik kjem, er det vanskeleg for oss å handtere.
Det får konsekvensar for rittet neste år, ifølge han.
– Dei 5 millionane har vi ikkje. Så det vil ikkje vere forsvarleg av oss å gå inn for eit arrangement der vi veit at vi kjem til å gå millionar i minus, seier leiaren.
Dagleg leiar i Arctic Race of Norway Tom Høgli. – Når det kjem eit sånt type kutt på så mykje, er det pengar vi ikkje har.
Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRKArctic Race of Norway kostar rundt 45 millionar kroner å arrangere.
– Men 5 millionar, det høyrest jo ikkje såg veldig mykje ut. Er det ei overdriving?
– Nei, vi overdriv ikkje. 5 millionar kroner er ekstremt mykje pengar.
Men det er ikkje berre sykkelrittet i nord som får kutt i støtta.
– Må mest sannsynleg avlyse
– Halve budsjettet er vekke. Det er kjempealvorleg.
Det seier dagleg leiar i Tour of Norway, Roy Hegreberg.
Sykkelrittet i Sør-Noreg har eit budsjett rett i overkant av 20 millionar kroner for neste år, men i forslag til statsbudsjett fjerna regjeringa all støtta. Og det utan forvarsel.
– Den posten har vore på 10 millionar kroner, og no er han plutseleg på null.
Dagleg leiar i Tour of Norway, Roy Hegreberg seier det ser mørkt ut for sykkelrittet neste år.
Foto: NTB scanpixRittet har vore arrangert kvart år sidan 2011, og har blitt vunne av syklistar som Edvald Boasson-Hagen og Alexander Kristoff. I 2026 er det planlagt fire etappar for herrar, og tre for kvinner.
No ser dette mørkt ut.
– Dersom kuttet blir ståande, så er det mest sannsynleg avlysing av arrangementet vårt til neste år.
Etter tolv år med sykkelritt, kjenner han sponsormarknaden godt og veit kva dei kan vente av dei. Kommunane har også bidratt med pengar, men med dårlegare økonomi er det lite sannsynleg at dei kan bidra.
– Vi er heilt avhengig av statsstøtta for å kunne arrangere rittet.
Dagleg leiar i Tour of Norway, Roy Hegreberg veit ikkje korleis han skal klare å finne 10 millionar kroner før rittet i mai neste år.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTBVil fase ut støtta
Heilt sidan statsbudsjettet for 2016 har det blitt gitt særskilde tilskot til internasjonale sykkelritt i Noreg. Slik som Arctic Race of Norway, og Tour of Norway.
– Slik det er i dag, har sykkelsporten hatt ein særskild posisjon når det gjeld løyvingar over statsbudsjettet til idrettsarrangement. Dette er uheldig, sidan idrettar og idrettsarrangement i Noreg i størst mogleg grad bør behandlast likt.
Det seier statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg (Ap) i Kultur- og likestillingsdepartementet.
Arctic Race of Norway er eit norsk etapperitt i landevegssykling, og går over fire etappar i Nordland, Troms og Finnmark.
Foto: Fredrik Hagen / NTBNorberg meiner Arctic Race of Norway har vore eit viktig idrettsarrangement for dei tre nordlegaste fylka, og at det har hatt positive ringverknader for næringslivet i nord.
– Det bør ikkje vere slik at eitt enkelt idrettsarrangement skal ha fast plass på statsbudsjettet over lang tid.
På sikt meiner Ap-regjeringa at tilskotet bør fasast ut slik at Arctic Race of Norway kan stå på eigne bein.
Bent-Joacim Bentzen seier regjeringa nedprioriterer viktige prosjekt når dei no kuttar i støtta til internasjonale sykkelritt i Noreg.
Foto: Petter StrømDette reagerer stortingsrepresentant frå Nordland, Bent-Joacim Bentzen (Sp) på.
– Arctic Race of Norway er eit prosjekt som har vore ein suksess, der ein samarbeider i Nordland, Troms og Finnmark. Det er eit viktig prosjekt for Nord-Noreg, og som eg reagerer sterkt på at regjeringa nedprioriterer, seier han.
Stortingsrepresentanten seier samfunnet får mykje igjen for dei få millionane som staten har bidrege med. Både i form av TV-bilete og reklame for Noreg. Difor vil han jobbe for at dei skal halde fram å få millionane i stønad.
– Får ikkje betalt av publikum
I Nord-Noreg har Arctic Race of Norway inkludert kommunane i rittet, og dagleg leiar, Tom Høgli seier det er unikt.
– Eg har vore ein del av toppidretten i mange år, og eg har aldri vore med på eit prosjekt og eit arrangement som har femna så breitt i ein heil landsdel som Arctic Race of Norway har gjort.
Clément Champoussin frå Frankrike, Vincent Van Hemelen frå Belgia, Kevin Vermaerke frå USA og Stephen Williams frå Storbritannia på pallen på Nordkapp etter 4. etappe av Arctic Race 2023.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBDet seier også Hegreberg i Tour The Norway. Verdien for lokalsamfunna og reiselivet av eit internasjonalt sykkelritt er stort.
– Internasjonale sykkelritt har fått særskilt tildelingar sidan 2016, er det rettferdig at dei skal få øyremerkt midlar i statsbudsjettet, når ikkje andre får?
– Då må ein sette seg litt inn i kva som er særskilt med sykkel. Dei aller fleste idrettar har ein bane, hall eller ein arena, der staten bidrar med spelemidlar anten direkte eller indirekte. Det har ikkje vi, seier Hegreberg.
I tillegg så kan idrettane som skjer i slike anlegg ta betalt frå publikum.
– Vi får ingen pengar frå publikum som er til stades. Så då er spørsmålet kven som skal betale for store internasjonale sykkelritt i Noreg.
Ifølge Hegreberg er det vanleg i andre land at styresmaktene er med å betalar for sykkelritt.
– Til og med Tour de France betaler store pengar kvart år for at det skal bli arrangert, fordi det er eit arrangement som er gratis å komme på for alle, seier Hegreberg.
Publisert 06.11.2025, kl. 10.32





















English (US)