Meteorologen: Vil ikkje avskrive kvit jul enno

4 hours ago 2



Drøymer du om snø og kvit jul, så er faren for å bli skuffa ganske stor – i alle fall om du bur i Sør-Noreg.

Mildvêr i sør, og kulde og minusgrader i nord. Dette er varselet for store delar av adventstida framover.

Men statsmeteorolog Marek Ratajczak gir framleis eit lite håp til alle som ønsker kulde og is.

– Eg har ikkje lyst til å avskrive kvit jul heilt enno.

Bilete 2 (Utvikfjellet)

Utvikfjellet i Gloppen kommune har ofte bra snømengder i desember, men ikkje i år.

Foto: Randi Ryssdal

Dei neste par vekene ligg det an til ein mild vêrtype i Sør -Noreg. I Nord-Noreg er det, i alle fall den neste veka, litt meir vinterlege forhold.

– Etter dette er det enda meir usikkert kva som skjer i nord vidare inn mot slutten av desember.

Færre kvite julaftnar

Yr.no har samanlikna perioden frå 1961 til 1990 med perioden 1991 til 2020.

Her er tala tydelege.

Enkelte område frå svenskegrensa til Kristiansand, frå kysten og inn i landet, har hatt 10 færre kvite julaftnar når ein samanliknar dei to periodane.

I låglandet er det berre i Troms og Finnmark at sjansen for kvit jul blir verande høg.

Kart frå yr

Det blir færre julaftnar med kvit jul, viser oversikta frå YR.

Foto: Illustrasjon: yr.no

«Avlyser» vêrfenomen

I oktober publiserte NRK ei sak som antyda at slutten av desember og januar kan bli bitande kald.

Å lage prognosar for vêret langt fram i tid er vanskeleg og usikkert. For å få nokre hint ser meteorologane på det dei kallar klimaindikatorar.

Dette er blant anna havtemperaturane i de ulike verdshava, utbreiing av havis og vindforholda i stratosfæren.

Bakgrunnen for kuldeperioden skulle vere eit vêrfenomen, som meteorologane kallar «brå stratosfærisk oppvarming».

Fenomenet kan føre til at vinden blir svekka, og til og med snu og skifte retning – det vil seie blåse frå aust til vest ein periode.

Men meteorologen ser ikkje noko tendens til dette no i nær framtid.

Tvert imot viser verkartet for neste veke (veke 50) at det er plussgrader i sør og noko kaldare i nord.

Verkart

Plussgrader i sør og kaldare i nord. Slik er varselet for neste veke.

Foto: Illustrasjon: Meteorologisk institutt

Viste seg i november

Han vil likevel ikkje avvise fenomenet heilt, ettersom store delar av landet hadde ein kuldeperiode i november – særleg Nord-Noreg.

– I Nord-Noreg vart november litt kjøligare enn normalt, og det har nok samanheng med polarvirvelen i stratosfæren.

Han seier at polarvirvelen var «ganske svekka og pressa vekk frå Nordpolen», kor den vanlegvis er å finne på denne tida.

Men no er virvelen på veg tilbake

– Det er ikkje tydelege signal på at det blir ein ny kuldeperiode dei neste par vekene.

Bilete3 (Sortland)

I store delar i Nord-Noreg vil kulda halde seg, i alle fall neste veke. Som her i Sortland.

Foto: Børre Magne Albrigtsen

Mildvêr og regn

I dei fleste største byane og tettstadene langs kysten blir det med andre ord ein mild advent. Langtidsvarselet viser også at det truleg blir ein del regn i same periode.

Det er dei siste dagane inn mot jula som framleis er usikre.

– Ja, for plutseleg så kan det snu eit par dagar før jul, og da får ein jo den julesnøen som mange er ute etter.

Bilete 5 (Flå i Hallingdal)

Det er dette mange drøymer om. I Flå i Hallingdal er det framleis snø.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Publisert 04.12.2025, kl. 17.48

Read Entire Article