MF Lote stod på grunna i 7,5 timar

1 hour ago 1



Leiinga i ferjeselskapet Fjord1 har sundag føremiddag hatt møte etter grunnstøytinga av bilferja MF Lote på ferjesambandet Bognes–Skarberget laurdag ettermiddag.

Jan Petter Thomsen, regionleiar i Fjord1, vil ikkje spekulere i kva som er årsaka til grunnstøytinga.

– Laurdag rett over kl. 14.00 gjekk MF Lote på grunna før innseglinga til Skarberget ferjekai. Det var tett snøkave og dårleg sikt då hendinga skjedde, fortel Thomsen.

Vidare fortel han at det var 11 passasjerar og eit mannskap på 8 om bord. Det var også 8 personbilar på ferja. Det vart ikkje skadar på folk eller køyretøy, og det var heller ikkje gjennomslag i skroget.

– Passasjerar og mannskap hadde det etter forholda bra om bord. Passasjerane vart godt ivaretatte av det flinke mannskapet vårt, seier Thomsen.

Kring klokka 21.30 vart ferja slept i land, der folk og køyretøy fekk køyre av.

– Grunnen til at det tok noko tid, var at vi var avhengige av å vente på flo og slepefartøy, seier Thomsen. Han takkar Kystvakta, HRS og dei andre instansane som var med på å få ferja til land.

– Kva tenker du om at det tok ein del tid før de fekk hjelp, sidan du nemnde flo?

– Ja, det er jo slik at vi vil vente til det flør for å få minst mogleg skade, og redusere skadeomfanget for å få fartøyet av, seier Thomsen.

MF Lote vert flytta til Lødingen Mekaniske for vidare oppfølging. Det kan likevel ta noko tid før B-ruta er tilbake i vanleg drift.

– Reservefartøyet vårt, Sulafjord, har akkurat gjennomført eit flåteskifte, noko som forsinkar responstida vår.

Ferjeselskapet jobbar no med ein plan for å få B-ruta på sambandet tilbake så snart som råd, fortel han.

Read Entire Article