Millionar av statsstøtta forsvann – mann tiltalt for grovt underslag

1 week ago 13



The international Students' Union og Norway (ISU Norway) er ein organisasjon for internasjonale studentar i Noreg.

Organisasjonen, som skal ha hatt 27 lokallag over heile landet, jobba for å betre studentanes rettar og velferd.

Dei har fått millionar av kroner i statsstøtte.

Men pengane vart borte.

Nå er ein person som hadde ei sentral rolle i organisasjonen tiltalt for grovt underslag.

Ein rettssal i Møre og Romsdal tingrett. Vi ser riksvåpenet hengje på veggen bak stolen og dataskjermane til dommaren. I forgrunnen, ute av fokus, ser vi nokre stolar og høge bordmikrofonar.

Det er sett av to dagar til saka i retten. Saka skal opp i august.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

– Alvorleg

Ifølge tiltalen skal vedkommande ha overført pengar frå kontoen til studentorganisasjonen – og til seg sjølv på til saman over 1,4 millionar kroner.

Lovbrotet har ei strafferamme på seks år i fengsel.

  • Ifølge tiltalen skal han ha overført litt over 658.000 kroner til seg sjølv.
  • Han skal også ha overført 470.500 kroner til ein person, og 102.000 kroner til ein annan.
  • 119.000 kroner skal ha gått til eit firma han eig sjølv.
  • I tillegg skal han ha brukt litt over 125.000 kroner på diverse datautstyr.

– Eg vil påstå at saka er alvorleg ut frå størrelsen på beløpet og det grove tillitsbrotet som er utvist i saka.

Det seier Richard Røed som er avsnittsleiar på økonomi- og miljøavsnittet i Innlandet politidistrikt.

Politiinspektør Richard Røed

Richard Røed, avsnittsleiar på økonomi- og miljøavsnittet i Innlandet politidistrikt meiner saka er alvorleg, særleg med tanke på omfanget og tillitsbrotet.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Saka går på misbruk av midlar som er gitt for å betre rettane til utanlandske studentar i Noreg. Dei pengane nytta han i stor grad på seg sjølv og verksemda si.

Ifølge politiet har mannen møtt opp til avhøyr, men ikkje ønskt å forklare seg.

NRK har prøvd å få tak i den tiltalte mannen, men har foreløpig ikkje lykkast med dette.

Forsvararen til mannen, Håvard Fremstad, vil ikkje kommentere saka nå.

Starta med ei bekymringsmelding

I desember 2022 sende Norsk studentorganisasjon (NSO) ei bekymringsmelding til direktoratet for høgare utdannings- og kompetanse, ifølge avisa Khrono.

Bakgrunnen var at eit av lokallaga til ISU hadde kontakta NSO. Lokallaget fekk ikkje tak i leiinga i ISU.

I bekymringsmeldinga skreiv NSO at dei hadde inntrykk av at ISU hadde slutta å halde val og stilte spørsmål ved om dei forvalta statsstøtta på ein god måte.

Oline Sæther i Norsk studentorganisasjon

Norsk studentorganisasjon (NSO) sende inn ei bekymringsmelding etter at eit av lokallaga til ISU kontakta dei. Leiar i NSO, Oline Sæther, håpar situasjonen nå blir rydda opp i.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold

ISU har fått eit årleg tilskot i statsstøtte over statsbudsjettet, frå 2016 og til og med 2022.

– Det er leitt at ein slik situasjon har utvikla seg, seier Oline Sæther, leiar for Norsk studentorganisasjon til NRK.

– ISU har vore ei viktig stemme for internasjonale studentar. Nå håpar vi situasjonen blir rydda opp i og at internasjonale studentar interesse blir representerte gjennom andre kanalar.

Krev 3,2 millionar

Organisasjonar som får statsstøtte, skal rapportere til styresmaktene om korleis dei har brukt pengane. Dette gjorde ikkje ISU.

Frå 2018 har direktoratet for høgare utdanning og kompetanse hatt ansvar for utbetalingane til ISU. Det fortel divisjonsdirektør Ragnhild Tungesvik til NRK.

For 2022 hadde ikkje ISU levert årsrapport. Direktoratet kravde tilbakebetaling av dei ubrukte tilskotsmidlane.

I mai i fjor vart dette utvida til å omfatte alle tilskotsmiddel for 2022, og attverande tilskotsmiddel frå 2016 til 2021.

Tilbakebetalingskravet ligg nå på totalt 3,2 millionar kroner, men mannen er tiltalt for overføring av 1,4 millionar kroner.

Ragnhild Tungesvik

Ragnhild Tungesvik er divisjonsdirektør i direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Foto: HK-dir

Vedtaket vart gjort på grunn av manglande rapportering, brot på vilkåra og fordi dei ikkje fekk tak i nokon i leiinga til ISU.

– Vi er kjent med at politiet nyleg har tatt ut tiltale basert på etterforskinga si av saka. Vi vil sjølvsagt følge saka vidare, og så langt mogleg sikre at dei aktuelle tilskotsmidlane blir ført tilbake til oss, seier Tungesvik.

Publisert 26.04.2024, kl. 18.10

Read Entire Article