Millionar dalar ned i skjul

2 hours ago 2



Millionar til ei lita bygd og superbillige lån til prestar. I det stille blir enorme summar delt ut av norske stiftelsar.

Inst i ein fjordarm i Sogn og Fjordane ligg bygda Hyen. Her bur rundt 500 menneske.

Ei spinnvill historie skal ha det til at Kristofer Colombus vaks opp her. Det er høgst omstridd.

Noko som ikkje er omstridd, er at Olav Hjorteset vaks opp i bygda. Han kom til verda i 1934.

Gjennom eit langt liv har han tent gode pengar på bygg og eigedom. Og i 2022 valde han å gi tidenes førjulsgåve til heimbygda:

Ein formue verdt 125 millionar kroner.

  • en person som sitter på en krakk (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Olav Hjorteset

Føremålet med pengane er spesifikt: Å skape liv og vekst på den vesle staden.

– Eg valde å gjere det fordi eg er veldig glad i heimbygda mi, seier Olav Hjorteset til NRK.

Et boligområde med en asfaltert vei som slynger seg gjennom. I forgrunnen er det hvitmalte hus med takstein, og en bil står parkert på siden. Bakgrunn med bratte fjell som gir en naturskjønn kontekst. En stein med tekst er synlig i forkant, men ingen mennesker er til stede. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Hyen. Med Colombusparken i forgrunnen.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Sjukehus og tråkkemaskin

I Noreg har vi 6035 stiftelsar. Kvar og ein har mål om utrette noko bra her i verda.

Det finst stiftelsar for alt mogleg. Til dømes:

  • Norsk-japansk kulturutveksling (3 mill. i eigenkapital)
  • Kristent ungdomsarbeid i Brønnøy i Nordland (40 mill. i eigenkapital)
  • Stiftelsen som driv forskingsinstituttet Sintef (3024 mill. i eigenkapital)
  • Hjelp til heimlause kattar på Nesodden (svært lite i eigenkapital)
  • Stiftelsen Kirkens Bymisjon (1062 mill. i eigenkapital)

Eigenkapitalen er tal frå 2023, som er dei ferskaste frå Stiftelsesregisteret.

Norske stiftelsar står bak skular, sjukehus og museum. Dei gir husrom til trengande og deler ut pengar til tråkkemaskinar, kreftforsking og spelemannslag. Dei er store og små, gamle og nye.

Men berre éin stiftelse har kjøpt nye kaffikoppar til ein avsidesliggande leirstad i Hyen: Aud og Olav Hjortesets alminnelege stiftelse.

En person står på en gruslagt gårdsplass foran en rød bygning. Bak personen er det flere bygninger, inkludert en med en overbygd terrasse. I bakgrunnen reiser et fjell seg, og naturen rundt er preget av trær og vegetasjon. En småbåt ligger på bakken til høyre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mange har gode minne frå leir på Nesholmen.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Nesholmen leirstad ligg vakkert til. Heile 17 bygningar er registrert på eigedommen, men nyaste er 40 år gammal. Behovet for vedlikehald er enormt.

Då sjefen på leirstaden høyrde om Hyen-stiftelsen første gong, var ho beskjeden. Kanskje kunne dei få pengar til litt elektrikararbeid, tenkte ho.

Men styreleiaren i stiftelsen bad dei trykkje til. Til no har dei fått 2,3 millionar kroner, og meir skal det bli.

– Det er heilt fantastisk, seier leirstad-sjef Anne Berit Selle.

Leirstaden har fått nytt system for brannvarsling, nye bad, ny plenklippar og nye kaffikoppar. Mellom anna.

Ho ringte til Olav Hjorteset for å takke. Men den gamle mannen var meir oppteken av å takke ho, for jobben ho gjer på leirstaden.

Lån frå 300 år gammal enkekasse

Stiftelsar har lang historie i Noreg.

Var du rik og hadde eit snev av samfunnsånd, så oppretta du ein stiftelse i gamle dagar. Ofte kalla legat eller fond.

Dette var tida før velferdsstaten. Folk kunne finne på å opprette eit legat for å hjelpe «trengende ukonfirmerte farløse barn, født i legitimt ekteskap i Nykirkens og Sandvikens menigheter i Bergen».

Eller «ugifte kvinner av Oslo, som lider av uhelbredelig ryggradskrumming eller annen større ryggradsfeil».

Det er ei svunnen tid.

I 1732 vart «Akershus stifts geistlige enkekasse» oppretta. Den skulle hjelpe prestekoner frå Austlandet som hadde mista mannen sin.

Denne enkekassa kan umogleg halde på framleis?

Eller?

Jau då. Dei held det gåande. Med 8 millionar kroner i eigenkapital.

Eit knippe etterlatne ektefellar får pengar frå enkekassa: 24.000 kroner i året, ifølge domprosten i Oslo, Pål Kristian Balstad.

Men enkekassa held også på med noko anna: Prestar på Austlandet kan ta opp lån – på inntil 350.000 kroner. Med rente på berre 3 prosent.

– Det er eit gunstig lån, seier Balstad.

En prest står i en kirke med en bok åpen i hendene. Han er kledd i liturgisk antrekk med grønn stola. I bakgrunnen kan man se fargede vinduer og kirkeinnredning. Flere sanghefter er synlige i forgrunnen, plassert klare for gudstjenesten. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Domprost Pål Kristian Balstad er styremedlem i Akershus stifts geistlige enkekasse.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Dette er ikkje noko dei går høglydt ut med. Enkekassa har ingen fancy nettside eller instagram-profil. I dag har stiftelsen knappe 18 låntakarar.

Balstad er styremedlem i stiftelsen fordi han må – domprosten i Oslo skal alltid vere i styret.

Han trur nok at stiftelsen vil endre seg etter kvart. Som han sjølv seier: «Det opplevast ikkje like relevant» med ein enkekasse for prestar i dag som i 1732.

Ukjent antal milliardar

Ingen veit nøyaktig kor mykje norske stiftelsar deler ut i løpet av eit år. For nokre år sidan var anslaget på 7 milliardar.

Det er truleg betydeleg høgare no. Dei om lag 50 sparebankstiftelsane deler aleine ut rundt 5 milliardar kroner årleg.

Stiftelsane må levere rekneskap kvart år, men dei har ikkje plikt til å rapportere kor mykje dei deler ut.

– Med tal frå 2020, veit vi at stiftelsane sitt samfunnsbidrag er om lag 1,5 prosent av bruttonasjonalprodukt, seier Karianne Bjellås Gilje, dagleg leiar i Stiftelsesforeningen.

Foreininga representerer omtrent 600 av dei største og mest aktive stiftelsane i landet.

Stundom kjem kritikk mot norske rikfolk for at ikkje fleire vier formuen sin til allmennyttige føremål. Det har vore vanlegare i Danmark og Sverige.

Dei har Wallenbergstiftelserna, Carlsbergfonden og Novo Nordisk fonden, aktørar som er enormt innflytelsesrike innan forsking og teknologi.

Av verkeleg store kapitalistar i Noreg er det stort sett berre Olav Thon som har organisert eigarskapet til verksemda som ein stiftelse i moderne tid.

– Vi har litt annan tradisjon i Noreg enn Sverige og Danmark, men det er veldig viktig å framheve det vi har. I nyare tid har til dømes Nicolai Tangen bidratt til oppretting av Stiftelsen Kunstsilo, for å nemne eit eksempel, seier Bjellås Gilje.

Dei om lag 50 sparebankstiftelsane er store utdelingsstiftelsar, og alle er oppretta dei siste 20 åra.

– Dei bidrar stort til allmenn nytte over heile Noreg. Vi har eit veldig stort mangfald av mellomstore stiftelsar, seier Bjellås Gilje.

Bildet viser en svingete veistrekning som klamrer seg til en skråning i et skogkledd område. Veien er belagt med asfalt og flankert av steinrabber dekket med mose. Trærne i bakgrunnen er for det meste nakne, noe som indikerer tidlig vår eller sen høst. Landskapet har et utilgjengelig preg, med bratte skråninger og sparsommelig vegetasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Den smale sti fører til Hyen.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Uansett. Viss nokon treng inspirasjon:

I Oslo sit Olav Hjorteset, der han har budd det meste av livet. Å opprette ein stiftelse «var det mest fornuftige å gjere», ifølge han sjølv.

– Dei som har mottatt støtte, har vore veldig takknemlege. Så det gir jo meg også veldig mykje, seier han.

– Det er jo eit stort problem på bygdene at dei blir avfolka. Eg ser det som ein veldig trist affære viss det skal gå den vegen med Hyen. Derfor ville eg hjelpe til så godt eg kunne.

Publisert 21.12.2025, kl. 09.29

Read Entire Article