Minst 25 omkomne i brann på nattklubb i India

4 days ago 1



Minst 25 personar omkom i brannen på nattklubben som ligg i Arpora-distriktet nær den populære Bagas-stranda.

Fleirtalet av dei omkomne var tilsette på kjøkkenet til nattklubben. Det var også fleire turistar som omkom i brannen.

– Dette er ein svært vond dag for oss alle oss i Goa. Ein stor brann i Arpora har tatt livet av 23 menneske, skreiv førsteminister Pramod Sawant på X i natt.

Seinare blei talet på døde oppjustert til 25. Tre døydde som følge av brannskadar, mens dei andre døydde av kveling, opplyser Sawant.

Ødelagte bygningsstrukturer står i vannkanten, delvis dekket av vegetasjon. En innsjø reflekterer de skadde bygningene. Det er tydelige spor etter brannskader og forfall. Omgivelsene er preget av tett grønn vegetasjon og en tåkete himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Slik ser nattklubben ut søndagsmorgon.

Foto: Ali Monis Naqvi / Reuters / NTB

Sawant, som sjølv kom raskt til staden, opplyste tidlegare på natta at tre eller fire av dei omkomne var turistar.

NTB har vore i kontakt med utanriksdepartementet, som seier at det ikkje er noko som tyder på at nordmenn er råka.

– Vi har vore i kontakt med generalkonsulatet vårt i Mumbai, og vi har foreløpig ingen informasjon som tilseier at norske borgarar skal vere råka av brannen i Goa, skriv kommunikasjonsrådgivar Guri Solberg i UD i ein e-post.

Nattklubben ligg i Arpora-distriktet i India.

Gassflaske

Indisk politi opplyser at brannen truleg blei utløyst av ei gassflaske som eksploderte like etter midnatt natt til søndag. Brannmannskap blei sendt til staden.

Tidleg søndag morgon var brannen under kontroll, skriv avisa The Indian Express.

Press Trust of India siterer lokalpolitikaren Michael Lobo på at myndigheitene skal gjennomføre brannverninspeksjonar i liknande lokale for å hindre nye tilsvarande tragediar.

Et forlatt, delvis ødelagt bygg ligger ved vannet, med reflekser i overflaten. Området rundt har palmer og grønne bakgrunner. Det er lite søppel i vannet, og himmelen er lys med en svak tåke. Ingen mennesker er synlige i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Søndag morgon hadde brannmannskap kontroll på brannen. Slik ser bygde ut i morgontimane.

Foto: - / AFP / NTB

Brannar oppstår jamleg i India som følge av dårleg byggeskikk og manglande overhalding av reguleringar og tryggingstiltak.

Nattklubben er i distriktet Arpora nord i Goa, nær Baga, der ein av dei mest populære strendene i delstaten ligg.

Goa er Indias minste delstat og eit populært turistmål, også for utlendingar.

Brann på nattklubb i India

Brannen blei truleg utløyst av ei gassflaske som eksploderte like etter midnatt.

Foto: X

Etterforsking

Sawant varslar etterforsking.

– Dei ansvarlege skal møtast med krafta i lova. Alle aktløyse skal bli tatt hand om, uttaler han.

Ifølgje førsteministeren hadde ikkje nattklubben løyva i orden.

Flere politibetjenter står ved en trevegg med en skilt over inngangen. Betjentene har på seg uniformer og noen holder stokker. Omgivelsene omfatter en del av et utested, men detaljer er uskarpe. Skiltet angir regler for adgang og sikkerhet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Lokalt politi på plass utanfor nattklubben. Hendinga i natt vil bli etterforska.

Foto: - / AFP / NTB

– Dette er ei tragisk hending som aldri burde ha skjedd. Lokalet dreiv utan nødvendige løyve, og denne aktløysa førte til brannen, seier ministeren.

India sin statsminister Narendra Modi sender kondolansar til alle som har mista sine kjære.

I ei melding på X skriv statsministeren at han har snakka med Sawant om saka og seier at alle råka skal få all nødvendig hjelp.

Interessert i utanriksstoff? Høyr Urix sin siste podkast-episode:

Publisert 07.12.2025, kl. 05.43 Oppdatert 07.12.2025, kl. 11.19

Read Entire Article