Det har gått ni månader sidan Alec Luhn låg mutters åleine ved Folgefonna og venta på døden.
No er den amerikanske journalisten tilbake i Noreg.
Alec Luhn kjem gåande sakte, støtta av krykker.
Han går målretta mot dei fire personane frå redningshelikopteret. Dei som fann han.
Han gir kvar og ein av dei ein varm klem.
– Takk. Eg kan ikkje få takka dykk nok. Tusen, tusen takk, seier han, tydeleg prega av stunda.
– Det er så fint å sjå deg igjen, og det er spesielt for oss og. Vi forventa ikkje å finna deg i så god tilstand, seier Kristin Tønsage, medisinsk ansvarleg i 330-skvadronen.
Seks døger åleine ved Folgefonna
Den er erfarne turgåaren starta frå Buer i Ullensvang torsdag 31. juli.
Planen var å gå over fonna via DNT-hytter. Men allereie første kvelden gjekk det gale.
På ei fjellhylle 1200 meter over havet mista Luhn grepet. Han rulla nedover fjellsida.
Då han stoppa, var beinet, låret og bekkenet knust. Mobiltelefonen og vassflaska var borte.
Han låg fastlåst i ei bratt skråning, ute av stand til å røre seg.
Først måndag 4. august slo familien alarm då han ikkje dukka opp til flyet heim. Ein massiv leiteaksjon blei sett i gang i eit krevjande vêr.
Redningsaksjonen var vanskeleg på grunn av dårleg vêr, bratt terreng og mykje vatn i elvane.
«Himmelsk musikk»
Men etter seks døger i fjellet høyrde han endeleg lyden av rotorblad over seg.
– Det var som himmelsk musikk då eg høyrde det koma nærare. Eg vinka så mykje eg berre kunne, mimrar Alec med redningsmannskapa ståande rundt seg.
I eit vêrvindauge klarte redningshelikopteret frå Sola å lokalisera han. Luhn hadde knytt eit raudt banner til ei knekt teltstong.
Bileta av mannen i den raude jakka som viftar mot helikopteret, har sidan gått verda rundt.
Kristin Tønsage, medisinsk ansvarleg i 330-skvadronen, seier at dette oppdraget er noko som ho verkeleg hugsar.
Mannskapet har ofte tenkt på amerikanaren og lurt på korleis det gjekk med han.
– Eg tenkjer at han har hatt nokre overlevingsevner som kanskje ikkje alle har, seier Tønsage.
– Kor nær eg var å mista alt
Under besøket i Noreg får Luhn for første gong sjå unike videoopptak då han vart redda.
Bileta viser ein sliten mann med eitt blått auga, blod i ansiktet og ein kropp som skjelv så kraftig at han knapt klarer å forma ord.
Han blir stille når han ser seg sjølv på skjermen.
– Det var sjokkerande å sjå meg sjølv i den tilstanden. Det får meg til å tenkja på kor nær eg var å mista alt.
Det er sterke bilete Luhn får sjå av seg sjølv når redningsmannskapet kjem til han.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKKjem til å hugsa det resten av livet
Over 50 frivillige trossa det dårlege vêret og leita i det krevjande terrenget etter Luhn. I fleire dagar var dei ute. Dei leita og leita.
Blant dei var Svein Buer og Gunn M. Dagestad frå Odda Røde Kors Hjelpekorps.
Buer vaks opp i området Luhn var meldt sakna og jobba både som politi med ansvar for redningsaksjonen, men og som frivillig ute i terrenget.
No står dei ansikt til ansikt med mannen dei var med å berga. Luhn gir deg begge ein klem og takkar.
– Det er så godt å sjå deg. At du står her i live, seier Dagestad.
– Det er nesten ubegripeleg, legg Buer til.
Svein Buer og Gunn M. Dagestad var to av mange frivillige som var ute og leita etter Luhn.
Foto: Tale Hauso / NRKFor Gunn M. Dagestad var det ein spesiell redningsaksjon å vera med på.
Ho hugsar framleis beskjeden om at Luhn var funnen i live, og beskriv det som nesten uverkeleg.
– Eg kjem til å hugsa det resten av livet. Det var ei euforisk kjensle.
Ho peikar på kor unik denne historia er og viser til at ein aldri skal gje opp håpet – og aller mest fordi Luhn i dag står framfor dei og kan fortelja historia sjølv.
Reisa til Noreg er Luhn si første sidan ulukka.
Han slit framleis med nerveskadar og eit lårbein som ikkje er ferdig grodd. Han blir kanskje aldri 100 prosent igjen.
Alec Luhn under eit foredrag i Grieghallen i Bergen for å fortelja si historie. Alec Luhn med kona si på Haukeland Universitetssjukehus.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRKAlec Luhn saman med Svein Buer, politi og frivillig i Røde Kors Hjelpekorps. Gunn M. Dagestad i Odda Røde Kors Hjelpekorps.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRKAlec Luhn er glad for hjelpa han fekk av alle involverte.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK
Men for Luhn handlar besøket no om noko viktigare.
Det handlar om å lukka eit kapittel og uttrykka takksemd ovanfor det norske redningsapparatet.
– Å sjå dei og få takka kjennest på ein måte som eit ferdig kapittel.
– Det er vanskeleg å formidla kor skjørt livet er. Ikkje ta det for gitt, men verdsett det. For det kan vera over i morgon, avsluttar Luhn.
Alec Luhn er takknemleg for hjelpa han fekk.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKPublisert 29.04.2026, kl. 19.57









.jpg)







English (US)