Ei ny kunnskapsoppsummering frå Deakin University, Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet slår fast at rensefisk i lakseoppdrett gjer ein upåliteleg jobb og har dårleg dyrevelferd.
Forskarane finn at berre ein liten del av fisken faktisk et lakselus, og dødelegheita er høg.
– I ettertid kan vi sjå at kunnskapsnivået om rensefisk var for dårleg då ein starta å bruke den i dei store kommersielle oppdrettsmerdane. Fokuset var på korleis laksen skulle få mindre lus, og dyrevelferda til rensefisken blei ikkje tilstrekkeleg tatt omsyn til, seier forskar Frode Oppedal frå Havforskingsinstituttet.
Bruken av rensefisk steig kraftig fram til 2019, men har sidan gått ned. I 2024 vart det sett ut 22,5 millionar rensefisk, som er langt færre enn toppåret 2019.
Strengare regelverk, nye metodar for såkalla avlusing og auka fokus på dyrevelferd er blant årsakene.
Forskargruppa tilrår no at rognkjeks og villfanga leppefisk blir fasa ut innan 2029, og at oppdretta berggylte berre kan brukast dersom næringa dokumenterer god effekt og kraftig redusert dødelegheit.
Havforskingsinstituttet vil bruke funna i vidare rådgjeving.





.jpg)







English (US)