Morten (23) har venta på fastlege i fire år

2 days ago 14



Over halvparten av studentane i Noreg har ikkje fastlege i byen dei studerer. Det kan det bli slutt på no.

 Morten Rein har venta på fastlege så lenge han har studert. Kanskje han får plass før han er ferdig studiane? Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2
TOLMODIG TYPE: Morten Rein har venta på fastlege så lenge han har studert. Kanskje han får plass før han er ferdig studiane? Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 04.06.2025 05:58 Sist oppdatert 29 minutter siden

– Det har jo blitt eit par tusen kroner på Dr. Dropin desse åra, seier Morten Rein. 

NHH-studenten har budd og studert i Bergen i fire år. Alle desse åra har vore utan fastlege.

Og han er ikkje åleine. Rundt 57 prosent av norske studentar har ikkje fastlege der ein studerer, viser tal frå Studentenes helse- og trivselsundersøking

Dette vil ein no ha ein stopp på, og ein ynskjer no at alle studentar skal ha tilgang til fastlegar der dei studerer. 

Høgare terskel for å gå til legen

Ein kan nemleg ikkje ta med seg fastlegen sin frå heimplassen. Det er i beste fall svært upraktisk. 

Treng ein lege, men ikkje har fastlege der du er, har ein tre val. Ein kan reisa der fastlegen er, reise på legevakta, eller på privatklinikk. 

Desse alternativa er enten upraktiske eller kostbare. 

Morten Rein har valt å gå til ein privat aktør når det trengst, nemleg Dr. Dropin. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
Morten Rein snakkar med helsepolitisk talsperson for Høgre, Tone Trøen. Ho har jobba fram forslaget som no skal til behandling. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

– Det er jo litt kjipt. Tilbodet er jo bra, men det burde vore på lik linje med det ein har der ein kjem frå, seier Rein. 

I tillegg til å ty til private aktørar for det han kallar «småting», har trønderen også droppa å gå til legen i det heil. 

– Det har gjort at eg har fått høgare terskel for å reisa til legen generelt, seier Rein.

Eit etterlengta tilbod 

Sander Michael Ringstad er leiar i Velferdstinet Vest. Dei er ein samansetning av studentdemokratia til alle utdanningsinstitusjonane som høyrer til Sammen, Studentsamskipnaden på Vestlandet.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
NØGD: Leiar i Velferdstinget Vest, Sander Michael Ringstad, er nøgd med forslaget. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

– Dette er noko me i studentrøyrsla har jobba for over lengre tid, så det at det no blir tatt seriøst er noko me jublar for, seier Ringstad. 

Han håpar forslaget går gjennom, og at ein kan få ei liknande ordning som i Oslo. 

Ja, for i hovudstaden har ein nemleg ei ordning der studentsamskipnaden er ein del av fastlegeordninga. 

Den avtroppande leiaren peiker mellom anna på psykiske helse-utfordringar som ein av årsakene til at dette forslaget må på plass. 

40 prosent av studentar slit nemleg med psykiske plager, og det er lettare å få psykologtime etter å ha blitt tilvist frå fastlegen. 

Får truleg fleirtal

– Som student flyttar du kanskje langt heimanfrå, og studentar har like mykje behov for fastlegetenester som alle andre, seier Tone Trøen. 

Ho er helsepolitisk talsperson for Høgre, og leiar av helse- og omsorgskomitéen på Stortinget. 

Høgre er ein av initativtakarane til forslaget, som er rekna med å få solid fleirtal på Stortinget i ein eller annan versjon. 

Også Arbeidarpartiet er positive til forslaget, og peikar på ordninga til Studentsamskipnaden i Oslo.

– Ordninga i Oslo er både populær og effektiv. Ho er tverrfaglig organisert med både lege, psykolog, helsesjukepleiar og anna helsepersonell som er spesialiserte på studenthelse. 

– Med den føreslåtte endringa vil studentsamskipnader i andre delar av landet kunne tilby eit tilsvarende helsetilbod, fortel Truls Vasvik, helsepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

Men målet og intensjonen til alle parti er det same: 

Studentar skal ha krav på fastlege i den byen dei studerer. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
EI VIKTIG PRIORITERING: Helsepolitisk talsperson for Høgre, Tone Trøen, meiner dette forslaget må på plass. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Trøen meiner det er viktig å prioritera studentane, og at ein legg til rette for at dei får helsehjelpa dei treng i ein så viktig fase av livet.

Totalt i Noreg er det rundt 318.000 personar som står på venteliste for å få fastlege. 

Kva er det som gjer fastlegen så viktig?

– Fastlegen er kontinuiteten. Det er den kontakta du har med helsetenesta først, og som sender deg vidare der det trengst. 

Read Entire Article