Det er som om tida er skrudd tilbake i borggarden på Sandefjord vidaregåande skole ein fredag i januar 2026. Til 1912.
Scena er restauranten for 1. klasse-passasjerane på det staselege skipet RMS Titanic.
Tidspunktet er middag. Den aller siste servert om bord på skipet.
Ei avisframside frå 16. april 1912.
Faksimile: Nasjonalbiblioteket Social-Demokraten
Ei avisframside frå 16. april 1912.
Faksimile: Nasjonalbiblioteket Social-Demokraten
200 elevar har jobba lenge og hardt for å skape ein uforgløymeleg aftan for dei litt over 100 gjestene.
Dei har komme for å få sitt neste måltid, utan drama og is, men med ein smak av gammal stil og luksus.
Fleire linjer ved skolen er involverte. Restaurant og matfag, frisør, blomstrar, musikk, dans og drama, og marknadsføring.
Trur du slike store prosjekt gjer det morosamare å gå på skulen? 🤷🏻
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Lillian Marie Akerholt-Verpe er servitør-elev ved skolen. Ho er strålande fornøgd med den praktiske erfaringa ho tar med seg frå prosjektet.
Lillian Marie Akerholt-Varpe drøymer om å bli servitør. Draumen har ikkje vorte mindre etter Titanic-prosjektet.
Foto: Robert Hansen / NRK
Lillian Marie Akerholt-Varpe drøymer om å bli servitør. Draumen har ikkje vorte mindre etter Titanic-prosjektet.
Foto: Robert Hansen / NRK
– Her lærer vi korleis det faktisk er i eit selskap, seier ho.
Akerholt-Verpe fortel om verdifull praktisk læring, som kundeservice, skjenking, servering og ikkje minst korleis dei skal takle stress.
– Det er utruleg lærerikt og gøy å vere med på, seier servitør-eleven som meir enn gjerne ofrar ei helg for praktisk undervisning.
Stig Sægrov er kaptein for kvelden, til vanleg avdelingsleiar ved Sandefjord videregående skole. Er han ikkje veldig lik kaptein Edward J. Smith som førte Titanic på den skjebnesvangre jomfruturen?
Foto: Robert Hansen / NRKØsters, den første retten av sju, servert på Sandefjord vgs den siste fredagen i januar.
Foto: Robert Hansen / NRKDet var sjølvsagt også underhaldning til middagen på Titanic-kvelden. Og det var sjølvsagt elevar frå musikk, dans og drama-linje ved skolen som stod for den.
Foto: Robert Hansen / NRKHovudretten er servert, heilsteikt ytrefilét av lam, med poteter, erter, gulrotpuré og saus.
Foto: Robert Hansen / NRKBåde gjestane og servitør Fia Leona Faugstad ser ut som dei har kome ut av ei tidsmaskin, kledde som på tidleg 1900-talet.
Foto: Robert Hansen / NRKDessert må til, her er det Titanic Waldorf Pudding som blir servert.
Foto: Robert Hansen / NRK
Motivasjonen søkk
Motivasjonen for skolearbeid søkk drastisk gjennom skoleløpet, viser Ungdata-undersøkinga for 2025.
År etter år er trivselen høg, men skolestresset aukar og motivasjonen daler.
Mange elevar synest skolen er kjedeleg og lite relevant for livet dei skal leve.
80 prosent av dei spurde i undersøkinga svarer at dei kjedar seg på skolen.
Det prøver Sandefjord vidaregåande å gjere noko med.
– Vi starta med dette for å gi elevane noko anna enn vanleg klasseromsundervisning, seier prosjektleiar Hilde Hagen.
Hilde Hagen er stolt av kva dei har fått til på tvers av linjene på Sandefjord videregående skole.
Foto: Robert Hansen / NRK
Hilde Hagen er stolt av kva dei har fått til på tvers av linjene på Sandefjord videregående skole.
Foto: Robert Hansen / NRK
Ho seier det er mykje fråfall i yrkesfaga, når elevane blir lærlingar, nettopp fordi dei ikkje var klare over kva arbeidslivet krev.
– Prosjekt som dette gjer at elevane er tryggare på oppgåvene dei skal gjere når dei går ut i jobb. Det er god læring i trygge rammer, seier Hagen.
Andrina Goberg
Eg går sal, service og reiseliv. Her er det mest service. Det har vore veldig lærerikt og moro å gjere noko anna enn vanleg skole, og vi får jo mykje ut av det òg.
Tuva Auli Gjelstad
Det er veldig gøy å vere med på dette prosjektet. Eg har lært å førebu porsjonsservering til mange menneske. Pulsen har vore høg, men det har vore moro.
Får vist kva dei kan
Når halvparten av elevane rapporterer om høgt skolestress, kan prosjekt som Titanic-middagen i Sandefjord verke som ein nødvendig ventil.
Ved å flytte læringa frå bøker til praksis, får elevane kanskje behalde motivasjonen dei treng for å fullføre, og på sikt nå måla sine.
For eksempel; frisørelevane har styla medelevar i tidsriktige frisyrar og restaurant- og matfag har planlagt ein sjurettars middag.
Slik såg han ut, den originale menyen frå den skjebnesvangre kvelden i 1912.
Foto: Robert Hansen / NRK
Slik såg han ut, den originale menyen frå den skjebnesvangre kvelden i 1912.
Foto: Robert Hansen / NRK
Menyen er basert på den originale menyen frå Titanic, ein meny som krev kunnskap om fleire varierte teknikkar.
Skolen har fleire slike prosjekt, blant anna fekk dei overta Nevlunghavn gjestgivargard ei veke i fjor haust og hadde fleire arrangement der.
Imponert kunnskapsminister
Hausten 2024 kom stortingsmeldinga om ein meir praktisk skole.
Regjeringa vil ha meir praktisk undervisning. Elevane skal bli meir motiverte.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun liker det ho høyrer frå Sandefjord.
Fagfolk ved Oslo Met er også einige. Dei kallar Titanic-prosjektet eit kroneksempel som bygger yrkesstoltheit og godt samarbeid
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er imponert over kva dei har fått til på Sandefjord videregående skole med Titanic-prosjektet.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er imponert over kva dei har fått til på Sandefjord videregående skole med Titanic-prosjektet.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
– Så dette er verkeleg sånn som vi ønsker det ute i Skule-Noreg, seier Kari Nessa Nordtun.
Praksis som hjernetrim
Nessa Nordtun framhevar satsinga på praktisk utstyr og rosar lærarar som kombinerer varierte arbeidsmetodar med læringsmålet i skolen.
Ho er opptatt av at barn og unge skal ha ein meir aktiv og praktisk skolekvardag, med mindre stillesitting og meir bruk av uteområde.
Ho meiner dette er måten framtida driv skole på.
Og skulle det komme ein invitasjon til neste Titanic-oppleving i Sandefjord, er gjerne Nessa Nordtun med.
– Det hadde eg gledd meg mykje til, seier ho og legg til at ho håpar mange skolar lèt seg inspirere av Sandefjord vidaregåande skole.
Publisert 26.02.2026, kl. 13.21 Oppdatert 26.02.2026, kl. 13.57












English (US)