Fredag kveld norsk tid, kom Elon Musk ut med resultatet av «meiningsmålinga» han hadde sett i gang på X.
Der spurde han om det var behov for eit parti som representerer dei «80 prosent i midten».
Av dei over 5,6 millionar som stemte, svara 80 prosent at dei meiner det trengst eit slikt parti.
– Folket har talt. Vi treng eit nytt politisk parti i USA som kan representere dei 80 prosent i midten. Og 80 prosent er einige i det, skriv Musk på X.
Seinare fredag hinta han om at det nye partiet kan bli heitande The America Party.
Milliardæren, som er grunnleggjar av Tesla og SpaceX, og eigar av X-plattforma, hamna torsdag i ein offentleg krangel med president Donald Trump på sosiale medium.
Musk har vore særleg kritisk til Trumps budsjettforslag, som han meiner ikkje går langt nok i å kutte skattar og utgifter.
Trump har på si side trua med å avslutte alle Musks omfattande kontraktar med føderale styresmakter.
– Eg kjem ikkje til å snakke med han, sa Trump fredag.
Dei to største selskapa til milliardæren er elbilprodusenten Tesla og romfartsselskapet SpaceX.
Førstnemnde har dratt nytte av offentlege subsidiar, medan det andre har store kontraktar med den amerikanske staten.
Publisert 07.06.2025, kl. 01.21