Nå skal folk heim frå påskeferie – forventar trykk på vegane

1 month ago 25



– Det er litt tidleg enno, men i løpet av dagen ventar vi mykje trykk på vegane.

Det seier trafikkoperatør Hans Gustav Møvik-Olsen i Vegtrafikksentralen.

Søndag startar heimfarten etter påskeferien for alvor.

Mellom klokka 12 og 16 ventar vegtrafikksentralen mest trafikk på vegane.

– Om ein kan reise tidleg eller seint, så kan jo det kanskje hjelpe på trykket, seier Møvik-Olsen.

Ver førebudd på forseinkingar

Trafikktal frå Statens vegvesen viser at første påskedag er ein av dagane med mest forseinking i påsketrafikken.

Skal du ut på vegane søndag er oppfordringa frå Møvik-Olsen klar.

– Følg godt med, ikkje gjer noko anna enn å køyre bil. Planlegg køyreturen og hald god avstand til bilen framfor, seier han.

Han ber trafikantane vere førebudd på forseinkingar.

– Ha full tank eller lad opp batteriet på bilen, ver utkvilt og klar, seier Møvik Olsen.

Trafikk E16 Fagernes

Det var mykje trafikk på E16 gjennom Fagernes sentrum onsdag i påskeveka.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Her kan det bli kø

I påska er forseinkingar berre eit fenomen i Sør-Noreg, ifølge Statens vegvesen.

I Midt- og Nord-Noreg viser trafikktala frå tidlegare år ingen forseinkingar desse dagane.

Det er særleg på europavegar og riksvegar det er forventa ekstra trykk søndag.

Spesielt på desse strekningane kan det bli kø og forseinkingar søndag:

  • E6 frå Lillehammer mot Oslo.
  • E16 frå Hønefoss over Sollihøgda.
  • E18 frå Drammen mot Oslo.
  • Hovudfartsårene mot Trondheim.
  • E14 mot Stjørdal.
  • E16 frå Voss i retning Trengereid.

Om du skal over ein fjellovergang, så kan det bli kolonnekøyring. Her får du gode tips.

Publisert 31.03.2024, kl. 09.43 Oppdatert 31.03.2024, kl. 10.26

Read Entire Article