Naboar rasar: – Direkte uforsvarleg

3 weeks ago 15



På eit industriområde i Sløvåg i Gulen vil det amerikanske energiselskapet Georgine Wind plassere ei av verdas største vindmøller. 

Etter planen skal vindmølla bli ståande i 30 år, ein dryg kilometer frå nærmaste hus. 

 Multiconsult
ILLUSTRASJON: Illustrasjonsbilete av vindmølla, som skal kunne gje straim til heile kommunen. Mølla er eigd av Georgine Wind, som er eigd av det amerikanske selskapet G. E. . Foto: Multiconsult

På den eine sida står det lokale, familiedrivne selskapet Wergelandgruppa klare til å ta del i energieventyret og sette utkantkommunen Gulen på kartet. 

– Dette er det grøne skifte i praksis. Vi vil få underskot på kraft om få år. Denne turbinen vil tilføre straum der vi har eit enormt stort kraftbehov, seier Irene Kjelby Wergeland, kommunikasjonsdirektør i Wergelandgruppa.  

 Geir Johnny Huneide / tv 2
SATSAR: Med vindmølla ønskjer Irene Kjelby Wergeland å posisjonere Gulen og Noreg i havvindmarknaden, og i tillegg bidra for å nå klimamåla. Foto: Geir Johnny Huneide / tv 2

Ho ønskjer å posisjonere Gulen industrihamn som ein sentral aktør innanfor havvind. 

Dei første fem åra skal turbinen testast og sertifiserast slik at ho kan bli klar for kommersiell drift. Dei resterande 25 åra skal ho gje straum til industriområdet og anslagsvis 2500 husstandar i kommunen. 

– Dette kan gjere oss til den første grøne industrihamna i Europa, seier Kjelby Wergeland.

Ho meiner i tillegg det kan skape arbeidsplassar og vere eit viktig bidrag for det lokale næringslivet.

Sterke reaksjonar

På den andre sida står lokalbefolkninga. Dei som vil måtte leve med ei vindmølle nesten like høg som Eiffeltårnet like i nærleiken. 

 Multiconsult
UTSIKT: Slik vil det sjå ut frå Halsvika, i følgje Multiconsult. Området er allereie regulert for vindkraft, med maksgrense på 150 meter. No godtek kommunen at dette kan aukast. Foto: Multiconsult

– Utsjånaden til vindmølla er det minste vi er uroa for. Vi er meir uroa for støy, helse og bulyst, seier Bente Halsvik, som bur om lag 1.4 kilometer frå der vindmølla vil stå.

Fakta om turbinen

Turbinen vil ha ei tårnhøgde på 150 meter, ein rotordiameter på 250 meter og ei totalhøgde på 275 meter.

Estimert produksjon er rundt 55 GWh, ca. eit årleg forbruk til 3450 husstandar.

Testperioden vil vare i fem år, deretter er planen at Wergeland Group overtar og driftar turbinen ut konsesjonsperioden, som vil vere på 30 år. Deretter skal turbinen bli fjerna.

Vindmølla er av typen GE Haliade-X, og blir sett opp av Georgine Wind AS, som er eigd av det amerikanske selskapet GE Offshore Wind.

For å vareta folkehelsa for dei som bur i området, set kommunen eit absolutt vilkår i konsesjonen om at støygravet har ei maksimalgrense på natt på 37 dB. Dette skal følgjast opp.

Kjelde: wergeland.com/testturbin, gulen.kommune.no

– Direkte uansvarleg

Saka har skapa stort engasjement sidan planane først kom på bordet for litt over eitt år sidan. 

Bente Halsvik er blant dei som har stått i bresjen i kampen mot vindmølla. 

Ho meiner risikoen ved å etablere eit testprosjekt så tett på bebygginga, er for stor. 

 PRIVAT
DEMONSTRERTE: Motstandarane har halde ei rekke demonstrasjonar mot at vindmølla skal etablerast i Sløvåg. Foto: PRIVAT

– Det blir lysblink, iskast og støy, men vi veit ikkje kor ille det blir. Det er allereie ganske mykje støy frå industriområdet, og det vil jo berre bli verre, seier Halsvik.  

Ho får støtte frå nabo og hytteeigar Bent Unneland. Han meiner debatten ikkje handlar om ein er for eller i mot vindkraft, men om menneske si helse og trivsel. 

– Skal vi vere prøvekaninar på helse og livskvalitet for at nokon skal heise det grøne flagget og ta profitten? No må vi tenke oss om. Det er menneske det gjeld, seier Unneland. 

– Vi meiner dette er direkte uansvarleg. 

Fryktar dei må flytte

Naboane meiner det er skivebom å skulle etablere eit testprosjekt og ei gigantmølle så nærme hus og arbeidsplassar. 

Dei viser mellom anna til ei innbyggjarundersøking blant bebuarar rundt vindkraftanlegget i Tysvær, der nær halvparten sjølv rapporterte at dei har fått redusert livskvalitet i perioden etter at anlegget blei sett i drift. 

Her svarte nesten halvparten at dei var plaga av støy. 4 av 10 sleit med søvnproblem. 

I Halsvik er naboane redde for framtida i bygda. 

 Geir Johnny Huneide / tv 2
UTSIKT: Her vil dei sjå den store vindmølla, 1.4 km unna i luftlinje. Foto: Geir Johnny Huneide / tv 2

– Kan vi halde fram å bu her? Vi håpar jo det, men det kjem veldig an på. Helse og trivsel er jo det viktigaste vi har, seier Halsvik.

– Ei viktig satsing 

Noreg skal satse på havvind. Regjeringa sin ambisjonen er at det innan 2040 skal tildelast område for 30 gigawatt til havvindproduksjon. 

Utbyggarane er klare på at det vil bli både støy og skuggekast, men lovar at forholda vil vere innanfor dei krava som styresmaktene har sett. 

 Lars Christian Økland / TV 2
I GANG: I 2021 og 2022 blei vindturbinar til verdas andre flytande havvindpark montert på Wergeland sin base. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

Harald Dirdal er innleigd for selskapet GE Offshore Wind for å hjelpe til i prosessen. Han seier dei har stor forståing for uroa til innbyggjarane, og at det er dei som vil merke dei negative konsekvensane. 

– Samstundes har alle borgarar i Noreg har ein toleplikt. Det betyr at ein er nøydd til å tole noko negative konsekvensar som er av stor viktigheit for samfunnet. Her har kommunen konkludert at dette er innanfor tolegrensa, seier Dirdal.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
VIKTIG: Harald Dirdal uttalar seg som konsulent for GE Offshore Wind. Han meiner konsekvensane er innanfor det som innbyggjarane må tole. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Han meiner dette prosjektet har stor viktigheit for samfunnet, ikkje berre i Sløvåg og i Gulen. 

– Dette er veldig viktig for Noreg. Vi må tiltrekke oss leverandørar som vil levere til den norske marknaden innanfor havvind, som er ein liten marknad.

Jamt 

Det var fullsett sal då ordførar May-Lynn Osland (Ap) opna kommunestyremøtet fredag, der ho bad om at tilhøyrarane viste respekt i det ho omtala som ei krevjande sak.

Det var tydeleg at saka også splitta politikarane i kommunestyret. 

 Geir Johnny Huneide / tv 2
STINN BRAKKE: Mange møtte opp for å vere med på møtet. Foto: Geir Johnny Huneide / tv 2

Avstemminga enda med 12 for og 9 mot. Det betyr at kommunen gir grønt lys til å sette opp vindmølla. No er det opp til NVE for endeleg godkjenning. 

Det er 6 bustadar og 11 hytter i nærområdet. I tillegg er Sløvåg ein stor arbeidsplass, som vil bli påverka av støy og skuggekast. I følgje utbyggarane vil dette vere innanfor dei grenseverdiane som er fastsett nasjonalt. 

– Vi er redde

I Halsvika er innbyggarane skuffa over vedtaket. Dei fryktar vindmølla vil gjere det motsette av å skape arbeidsplassar og gjere næringslivet attraktivt. 

Dei fryktar snarare fråflytting. 

 Geir Johnny Huneide / tv 2
HANDLAR OM LIVSKVALITET: Bent Unneland er svært kritisk til å få ei gigantmølle så nærme hytta. Han meiner det går utover menneska der sin livskvalitet. Foto: Geir Johnny Huneide / tv 2

– Vi er redde. Vi har ungar, vi har lyst at dei skal komme heim. Dei seier det ikkje er aktuelt om den mølla kjem, seier Halsvik.

Dei lovar at dei vil halde fram å kjempe. 

– Denne kampen er ikkje over, seier Bent Unneland. 

Read Entire Article