­Nasjonal­garden blir sett inn mot Los Angeles-demonstrantar

7 hours ago 2



For andre dagen på rad har det brote ut massive demonstrasjonar mot amerikanske immigrasjons­myndigheiter (ICE) i Los Angeles.

Dei krev stans i masse­deportasjonar og pågripingar av innvandrarar.

Politiet svarer med tåregass og sjokkgranatar, skriv CNN. Fire personar er arresterte, ifølge kanalen.

Natt til søndag norsk tid har Donald Trump signert ein president­ordre for å sette inn 2000 soldatar frå nasjonalgarden i byen.

Det opplyser Det kvite hus:

– Dei skal handtere lovløysa som har fått ulme. Vår øvst­kommanderande vil sørge for at USAs lover blir fullt og heilt handheva, skriv presse­talsperson Karoline Leavitt i ei fråsegn.

en brent bil på en vei med politifolk i bakgrunnen

Foto: Eric Thayer / AP / NTB

Californias demokratiske guvernør, Gavin Newsom, er sterkt kritisk til avgjerda.

– Den føderale regjeringa er i ferd med å ta over Californias nasjonalgarde og utplassere 2000 soldatar. Dette tiltaket er bevisst provoserande og vil berre eskalere spenningane, skriv han på X.

En gruppe politifolk

Foto: Daniel Cole / Reuters / NTB

Uroa skjer i kjølvatnet av president Donald Trumps lovnader om masse­deportasjonar av innvandrarar.

Dei siste dagane har ICE-betjentar arrestert rundt 40 personar i Los Angeles, ifølge nyheitsbyrået AP.

Å avgrense innvandring er blant Trumps viktigaste politiske saker.

I ei meldingTruth Social skreiv presidenten tidlegare natt til søndag at den føderale regjeringa vil «steppe inn og løyse problemet» dersom lokale myndigheiter «ikkje klarer å gjere jobben sin».

Interessert i utanriks? Høyr podkasten til redaksjonen:

Publisert 08.06.2025, kl. 03.50 Oppdatert 08.06.2025, kl. 05.53

Read Entire Article