1. desember er julekalendrane på TV i gang igjen. Ein av dei, ein fersk humorserie på NRK, blir leidd av Mikkel Niva, medan Herman Flesvig og Kevin Vågenes har fleire av rollene.
Det var også andre skodespelarar på settet til «Nissene i skjul», blant dei Mats Bjerknes.
Flesvig seier til Hallingdølen at dei trong ein som kunne spele motbydeleg og blærete i rullestol.
– Mats er full av sjølvironi og kjem med sinnssjuke ting. Til og med eg blir brydd, seier Flesvig.
Mats Bjerknes spelar «Sigurd».
Foto: Seefood TV / NRKMats Bjerknes spelar «Sigurd».
Foto: Seefood TV / NRKMats Bjerknes spelar «Sigurd».
Foto: Foto: Seefood TV / NRKMats Bjerknes spelar «Sigurd».
Foto: Seefood TV / NRK
Erfaring bak kamera
Mats Bjerknes, som vanlegvis er regissør, er ikkje vand med å vere framfor kamera. Han fann seg likevel raskt til rette under innspelinga i Hole.
– Det var ei veldig fin overskrift i Hallingdølen på det sitatet frå Herman Flesvig, men det er jo det eg spelar, ja. Eg veit ikkje om eg skal ta det som eit kompliment, men det veldig gøy å vere ein blærete, usympatisk rullestolbrukar, seier Bjerknes til NRK.
Han hadde absolutt inga skodespelarerfaring frå før, men han har sete i rullestol sidan han var 10 år gammal.
– Så det hadde eg erfaring med. Den rolla slapp eg å spele, det kom automatisk.
Bjerknes har ein muskelsjukdom som heiter SMA.
Fortset suksessen?
«Nissene i skjul» er ei slags forlenging av «Nissene på låven», som Espen Eckbo og Kristian Ødegård skapte for TVNorge i 2001 – som seinare kom i nye variantar og er sendt i tallause reprisar.
Det var ein parodi på reality-TV, og éin nissekarakter blei stemt ut kvar dag.
Slik vil det også vere denne førjulstida.
24 nissar bur saman på ein nedlagd grisefarm, der ein rampenisse saboterer konkurransen. Kvar kveld må ein deltakar reise heim, før det er finalekamp på julaftan.
Stoltheit og skrekk
Espen Eckbo er spent på å sjå korleis den nye serien blir.
– Det er jo på ein måte ei blanding av stoltheit og skrekk. Men eg gler meg til å sjå på, seier han.
Som forgjengarane er det Seefood TV, der Eckbo er styreleiar, som har produsert serien.
– Eg kan ikkje sjå for meg nokon som har betre føresetnader for å gjere dette. Både Herman og Kevin kunne fylt skoa mine kvar for seg, men at dei hadde lyst til å gjere det saman, var ei ekstra stor julegåve.
Privilegium
Mats Bjerknes har berre sett nokre få klipp frå serien, og er spent før premieren 1. desember.
– Eg veit jo kva eg har vore med på, men det blir spennande å sjå kva som er med frå klippen, og scenene til dei andre skodespelarane.
– Korleis var innspelinga?
– Det var iskalde og lange dagar, men utruleg moro. Det var eit privilegium for meg å leike med dei største skodespelarane og råaste komikarane i landet. Eg blei tatt skikkeleg godt imot, og etter kvart kjende eg meg nesten som ein skodespelar.
– Og så får eg håpe at eg ikkje berre er usympatisk, men også litt morosam.
Publisert 01.12.2025, kl. 05.19














English (US)