A-krimsenteret i Nordland varslar at dei vil gjennomføre fleire kontrollar i havfisketurismen.
Talet turistfiskebedrifter i Noreg er nesten tredobla sidan 2019, viser ein fersk NHO-rapport. Til saman er 2.125 bedrifter registrert, og havfisketurismen i Noreg omset for nær to millionar kroner.
– Vi kjem til å vere ute no for å bygge meir kunnskap om kva som føregår innanfor næringa. Vi kjem til å sjå til at arbeidsgivarar etterlever regelverket og prøve å identifisere eventuelle useriøse aktørar.
Det seier leiar for A-krimsenteet i Nordland, Kurt Jacobsen. A-krimsenteret er eit samarbeid mellom ulike offentlege etatar som jobbar saman for å motverke arbeidslivskriminalitet.
Dette er som ein del av ei større reiselivssatsing i Nord-Noreg.
– Har de grunn til å tru at det finst bedrifter innan denne næringa som bryt lova?
– Vi har sjølvsagt indikasjonar på at det er arbeidslivskriminalitet også innanfor denne næringa, men vi har også mykje informasjon som tilseier at det er ei veldig seriøs næring som opererer innanfor dette.
Ifølge Jacobsen er årsaka til fleire kontrollar at dei vil ha meir informasjon for å lære meir om risiko og utfordringar som næringa må møte, men også for å identifisere useriøse aktørar.