Frå 6. oktober må tilsette ved Nord universitet i Bodø bruke adgangskort for å komme inn i område som er reserverte for tilsette, skriv AN.
Tiltaket er basert på ei risikoanalyse og skal styrke tryggleiken, ifølge sikkerheitssjef Cecilie Rabben.
Hovudverneombod Einar Skarstad Egeland og over 200 tilsette har signert eit opprop mot avgjerda, som dei meiner er udemokratisk og i strid med universitetet sine verdiar om openheit og inkludering.
– Det kom veldig brått på. Mange tilsette er usikre og meiner at tiltaket strir mot verdiane om openheit og nærleik til studentane, seier Skarstad Egeland.
Sikkerheitssjef Rabben understrekar at tiltaket ikkje er utløyst av enkelthendingar, men av ei samla vurdering for å sikre et trygt arbeidsmiljø.
– Konklusjonen er at tryggleik og eit forsvarleg arbeidsmiljø veg tyngst i dette tilfellet, seier Rabben.