Noreg i klemme mellom EU og Russland

3 hours ago 2



I den norsk-russiske fiskeriavtalen for 2026 får EU klar beskjed om at det er Noreg og Russland som forvaltar fiskebestandane i Barentshavet.

Det skjer samtidig som Noreg og andre kyststatar får kritikk frå EU for forvaltninga av makrellen i Norskehavet.

70 prosent over tilrådinga

Like før jul blei Noreg, Storbritannia, Færøyene og Island einige om makrellkvoten for Norskehavet til neste år.

Totalkvoten er på 300.000 tonn makrell. Noregs kvote er på 79.000 tonn.

EU var ikkje med på avtalen og er kritisk til at kvoten blei sett 70 prosent over forskarane si tilråding.

Det er ikkje første gong forvaltninga av dei store fiskebestandane skaper bølger. EU har gjentatte gonger bedt om å få eit ord med laget om forvaltninga av bestandane i Barentshavet, spesielt nordaustarktisk torsk.

Noreg og Russland har avvist dette, også i protokollen for neste års fiskeriavtale:

«Partane har registrert uttalelsene fra EU-kommisjonen angående forvaltningen av bestandane av nordøst-arktisk torsk og understreket at det er kun Norge og Russland som er kyststater for denne bestanden.»

En person iført oransje regntøy holder en fisk ombord på en båt. Sjøsprøyt er synlig i luften. En gul slange er plassert over kanten på en metallbeholder. Bildet er tatt om natten. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Noreg og Russland står fast på at dei er kyststatane ved Barentshavet og dermed har ansvaret for å forvalte fiskebestandane i havområdet.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Ikkje ny formulering

Det er havrettstraktaten som gir kyststatane eksklusiv rett til å forvalte bestandane innanfor dei økonomiske sonene på 200 nautiske mil.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss seier formuleringa i årets protokoll ikkje er ny.

– Det er en tekst som synleggjer at det er Noreg og Russland som er kyststatane for bestanden og har ansvaret for forvaltninga av han.

Ho legg til at samarbeidet mellom Noreg og Russland er viktig for berekraftig forvaltning av fisken i Barentshavet.

Fabrikkleder i Lerøy Hammerfest, Holger Wikstrøm, fiskeriminister, Marianne Sivertsen Næss, og EUs fiskerikommissær, Costas Kadis.

Fabrikkleder i Lerøy Hammerfest, Holger Wikstrøm, fiskeriminister, Marianne Sivertsen Næss, og EUs fiskerikommissær, Costas Kadis i samtale.

Foto: Bethel Britto

– Ei vidareføring av fellesforvaltninga betyr mykje, også for andre land. Dei får kvotar til sine fartøy basert på avtalar med Noreg og/eller Russland. Det gjeld eksempelvis både EU og Storbritannia. Dermed nyt dei godt av at vi har denne fellesforvaltninga. Desse landa importerer også mykje av fisken frå disse bestandane.

Næss legg til at det er viktig at Noreg og Russland opprettheld et stabilt forvaltningsregime.

– Det er særleg viktig no når bestandssituasjonen for torsk er sånn som den er i dag.

Totalkvoten for 2026 er fastsett til 285.000 tonn. Det er den lågaste kvoten sidan 1991.

Paradoks for Noreg

Etter det russiske fullskalaangrepet på Ukraina for snart fire år sidan, har Noreg stått i lag med både EU og Storbritannia.om sanksjonar mot Russland. Samstundes forvaltar Noreg fisken i Barentshavet saman med naboen i aust.

Seniorforskar Anne-Kristin Jørgensen ved Fridtjof Nansens Institutt meiner det er eit paradoks.

Anne-Kristin Jørgensen

Seniorforskar Anne-Kristin Jørgensen ved Fridtjof Nansens institutt meiner Noreg må balansere forholdet til EU og Russland.

Foto: Fridtjof Nansens institutt

– Vi er jo allierte med EU på mange måtar, og med Storbritannia også. I dagens situasjon er det klart at denne alliansen er veldig viktig. Når det gjeld Barentshavet, er det Noreg og Russland som er allierte på den måten at det er dei to kyststatane ved dette havområdet.

Ho peikar på at Noreg og Russland har forvalta de bestandane saman i 50 år.

– Då er det klart at det er i begge kyststatanes interesse at det er dei to som fortset å forvalte.

Ho legg også til at Noreg og Russland ikkje har hatt noko ønske om å ta fleire inn fleire i dette arbeidet.

Vanskeleg situasjon

– At man har eit så tett samarbeid med Russland, og at man har felles interesser med Russland gjer at Noreg er i ein vanskeleg situasjon, seier Jørgensen.

Samtidig er Noreg er avhengig av å ha eit godt forhold til andre – ikkje minst til EU.

– EU har på si side vore kritisk til Noreg på fleire område i de siste, mellom anna det som har med fiskeri å gjere. No har vi nettopp fått ein makrellavtale der EU står utanfor. Då er dei ikkje spesielt blid på verken Noreg eller de andre kyststatane, avsluttar ho.

Publisert 02.01.2026, kl. 07.09 Oppdatert 02.01.2026, kl. 07.36

Read Entire Article