Norsk politi skal til Malmö på Eurovision

1 week ago 9



I mai kjem over 100.000 besøkande til Malmö for å ta del i Eurovision. Besøkande frå over 80 land har kjøpt billettar.

Førebuinga til arrangementet er i gang, og tryggleiken er høgt på prioriteringslista.

Difor skal også norsk politi hjelpe til.

– Vi ventar opp mot hundre tusen besøkande som vi møter med stor, stor politiinnsats, seier Nils Norling, pressetalsperson for det svenske politiet.

Nordic Eurovision Party

Den norske duoen Marcus og Martinius skal representere Sverige i songkonkuransen.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / Reuters

I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

– Det kjem til å vere i prinsipp politi overalt den veka, seier Norling.

Eurovision startar 5. mai og vil halde på i ei veke.

Norsk og dansk politi hjelper til

Kjem norsk og dansk politi til å vere væpna når dei arbeider i Malmö?

– Dei kjem til ha sitt vanlege utstyr når dei er her, og det kan også vere norske og danske politibilar i Malmö denne veka, seier Norling til Dannmarks Radio.

Fleire tryggingstiltak er aktuelle. Det kan bety at Sverige strenger inn grensekontrollen under Eurovision-veka, opplyser svensk politi.

Stage for 2024 Eurovision Song Contest in Malmo

Arbeidet er i gang for gjere klar scena til songkonkurransen. Tryggleiken i byen bli tatt på største alvor, seier svensk politi.

Foto: Johan Nilsson/TT / Reuters

Israel-boikott

Det venta fleire demonstrasjonar under Eurovision. Det har vore store demonstrasjonar i fleire europeiske land fordi Israel skal delta i konkurransen.

Sjølv om politioppbodet er stort, ser ikkje svensk politi teikn til vald eller uro knytt til arrangementet.

Tidlegare har Sveriges radio meldt at krigen mellom Hamas og Israel har påverka planlegginga av Eurovision Song Contest.

Sweden Eurovision Demonstration

Det har vore mange demonstrasjonar mot Israel sin deltaking i konkurransen. Her frå Malmö tidlegare i April.

Foto: Johan Nilsson / AP

Publisert 17.04.2024, kl. 09.00 Oppdatert 17.04.2024, kl. 09.28

Read Entire Article