Norske grønlendarar til Trump: – Kjenn dine grenser

5 days ago 16



Tvillingsøstrene Laetitia og Sandra Rosing er to av rundt hundre grønlendarar som er busett i Noreg.

Dei to kom til Noreg for å forfølge draumen om å bli langrennsløparar, og har sidan konkurrert med det danske flagget på brystet.

Men om den amerikanske presidenten får det som han vil, vil «Dannebrog» måtte vike for stars ’n stripes.

Denne veka auka spenninga mellom Washington, København og Nuuk då Donald Trump gjentok at Grønland må bli ein del av USA.

– Det verkelege spørsmålet er med kva rett Danmark kontrollerer Grønland, sa sjefstrateg i Det kvite hus, Stephen Miller, til CNN på måndag.

Vi er prisgitt støtta frå Nato og andre land

Sandra Rosing karakteriserer signala om at USA «trenger» Grønland som «skremmande» og «respektlause».

Det ser ut til at Trump ikkje bryr seg så mykje om folkeretten, og at det faktisk finst suverene statar i verda, seier ho.

Og når det kjem i kjølvatnet av det som skjer i Venezuela, så er det ganske skremmande.

En mann står i en døråpning, iført mørk drakt og rød sløyfe. Flere personer rundt ham holder mikrofoner og stiller spørsmål. Bakgrunnen viser et interiør som kan være på et fly, med en skjerm som viser et emblem. Bildet fanger en pressehendelse der intervjuet finner sted. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

– La oss snakke om Grønland om 20 dagar, seier Donald Trump.

Foto: Reuters

Laurdag blei også Colombia, Cuba og Mexico trua med moglege militæroperasjonar.

Den amerikanske presidenten karakteriserte Colombia-president Gustavo Petro som ein «sjuk mann som liker å lage kokain og selje det til USA» som «ikkje kjem til å drive med det særleg lenge», og la til at militær innblanding i Colombia «høyrest bra ut».

Om retten til den sterkaste gjeld – kan grønlendarane gjere særleg anna enn å krysse fingrane og håpe på godt vêr?

Vi er eit stort land med ei lita befolkning og utan eige militær, så det å forsvare oss mot ei supermakt, det blir veldig vanskeleg. Vi er prisgitt støtta frå Nato og andre land, seier Sandra Rosing.

Trump på Grønland

Statsministeren på Grønland, Jens-Frederik Nielsen, har kalla den amerikanske retorikken for respektlaus og uakseptabel: – Vi er ikkje ei brikke i eit geopolitisk spel. Grønland er ikkje til sals, og vi er ikkje ein eigedom USA berre kan overta.

Foto: AP

– Ikkje overraska om amerikanske styrkar går i land på Grønland

Då skikarrieren var over, gjorde kjærleiken at tvillingsøstrene blei buande i Nordfjord.

Søndag vakna dei til at eit bilde av Grønland i amerikanske fargar hadde spreidd seg i sosiale medium.

Sandra svarte med å dele at dele øya kledd i det grønlandske flagget.

Om det har nokon verknad ... vel, det blir meir av symbolsk karakter. Men symbolikk er viktig i ein slik samanheng!

Kart over Island med amerikansk flagg

Dette bildet blei først lagt ut av Katie Miller, som tidlegare jobba i Trump-administrasjonen og er gift med visestabssjef, Stephen Miller.

Faksimile: Skjermdump fra X/Katie Miller

«Kan han finne på å gjere det? Kan Trump verkeleg finne på å prøve å overta Grønland med makt? Svaret må dessverre vere: Ja!», skriv den danske avisa Politiken på leiarplass.

– Eg ville ikkje blitt overraska om vi ein dag i Danmark vakna opp til nyheita om at amerikanske styrkar har gått i land på Grønland, seier også seniorforskar Flemming Splidsboel Hansen ved Dansk Institut for Internationale Studier (DIIS).

  • En person står i snøen iført en mørk jakke med pelskrage, mot en bakgrunn av snødekte fjell. Løypene i landskapet og et rødt hus kan sees i avstand. Det er klart vær og sollys som gir en lys atmosfære. Området ser ut til å være en fjellregion, passende for vinteraktiviteter. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Laetitia Rosing meiner det er viktig å halde seg til diplomatiske spelereglar i møte med truslane.

  • En kvinne står inne i et rom med vinduer som viser en fjellrik bakgrunn. Hun har på seg en skjorte med prikkete mønster og holder hendene samlet foran seg. På bordet bak henne finnes det en datamaskin og en pappeske. Omgivelsene synes å være en arbeidsplass med naturlig lysinnslipp. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    – Vi er prisgitt støtta frå Nato og andre land.

  • Gideon Rachman

    – Eg har prøvd å overtyde folk i heile dag om at det no er ein seriøs sjanse for at Grønland blir annektert, skriv utanrikskommentator Gideon Rachman i The Financial Times.

    Foto: Financial Times

«Auge mot nord»

Analytikarar peikar på tre hovudårsaker til at presset mot Grønland aukar:

  1. Sikkerheit: Pituffik Space Base er den nordlegaste militærbasen til amerikanarane og fungerer som USAs «auge mot nord». Basen husar eit avansert radarsystem som kan oppdage interkontinentale missil retta mot Nord-Amerika.
  2. Ressursar: Smeltande is gir tilgang til førekomstar av sjeldne jordartar som er essensielle for moderne teknologi. USA fryktar at Grønland skal hamne i ei «gjeldsfelle» til Kina, som tidlegare har vist stor interesse for å bygge gruver og flyplassar på øya.
  3. Geopolitikk: Arktis er i ferd med å bli ein ny hovudarena for stormaktsrivalisering mellom USA, Russland og Kina. Grønland ligg midt i «GIUK-gapet» (Grønland-Island-UK), som er den strategiske inngangsporten for russiske ubåtar frå Nordflåten til Atlanterhavet.

En person i grønn jakke står på en snødekt isflate og peker mot en fjellformasjon i bakgrunnen. Det er klart vær med blå himmel og lite skydekke. Fjellet har en bratt skråning og er dekket av snø. Den islagte overflaten strekker seg utover, og skaper en vinterlig setting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Danske myndigheiter har trappa opp det diplomatiske nærværet sitt i Arktis og søker støtte hos andre NATO-allierte for å demme opp for presset frå Washington.

Foto: AFP

Ta truslane mot Grønland på djupaste alvor

Med tilvising til hendingane i Venezuela og «den større forteljinga» skriv den kjente militærhistorikaren Phillips P. O’Brien at amerikanarane verkar «fast bestemte på å dominere og kontrollere den vestlege halvkula».

«Ta truslane mot Grønland på djupaste alvor», skriv han på X.

Same dag gjorde norske og franske myndigheiter det klart at amerikanarane må halde fingrane av fatet – innanfor grensene av det diplomatiske språket.

– Grenser kan ikkje endrast med makt. Grønland høyrer til grønlendarane, og det er opp til dei kva dei vil gjere med landet, sa Pascal Confavreux i det franske utanriksdepartementet.

– Grønland er ein del av Kongeriket Danmark, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Liknande uttaler kom frå EU, Storbritannia og Samerådet.

  • Kartet viser avstanden mellom Grønland og Danmark.

    Areal

    Grønland er 50 ganger større enn Danmark. Og ligger omkring 2100 kilometer fra Danmark.

  • Kong Frederik X og dronning Mary ankommer Igalku, Grønland, 5. juli 2024.

    Danmark

    Grønland er et eget land, men er i riksfellesskap med Danmark og Færøyene under den danske kongen.

  • Representanter fra parlamentet i Grønland går til åpningen av vårmarkeringen i Nuuk, Grønland. Fredag 6. april 2021.

    Selvstyre

    Inntil 1953 var Grønland en koloni under Danmark, men dette opphørte 1979. Da ble Grønland et eget land, men med noen begrensinger. 

  • En stridsvogn ved Pituffik basen på Grønland, 4. oktobe 2023.

    Politikk

    Siden 2009 har Grønland styrt mer og mer av interne forhold. Men Danmark styrer fortsatt forsvars-, utenriks- og valutapolitikken.

  • En dame triller en barnevogn på Grønland, 27. juni 2022.

    Økonomisk støtte

    Danmark gir Grønland 5 milliarder danske kroner årlig. Pengene er avgjørende for den grønlandske velferdsstaten.

  • Grønlendere i Aasiaat, Grønland. 29. juni 2024.

    Språk

    Grønlandsk (kalaallisut) er det offisielle språket på Grønland, men dansk er mye brukt, spesielt i utdanning og administrasjon.

Tvillingsøstrene meiner at utsegnene er så tøffe som dei kan vere.

Vi bør halde oss til spelereglane. Slik er det diplomatiske språket, og det er sånn ein driv business mellom land. I alle fall mellom siviliserte land.

Det er ikkje freistande å senke seg ned på eit anna nivå?

Dette er jo ikkje Trump sitt språk, men det kan vere at han treng å få høyre det på ein annan måte enn sin eigen.

Om dykk sjølve fekk møte Trump, kva ville de sagt?

Heh, la meg sjå ... då ville eg sagt tre ting: Ta til fornuft. Hald deg innanfor dine eigne grenser. Respekter folkeretten.

Denne veka auka spenninga mellom Washington, København og Nuuk då Donald Trump gjentok at Grønland må bli ein del av USA.

Publisert 06.01.2026, kl. 09.44

Read Entire Article