Norske gründerar sel mat av sjøpung: – Enormt potensial

2 weeks ago 7



Nei, bildet over er ikkje av det du først tenkte på. Dette er eit lite havdyr som fram til no er lite brukt som menneskemat.

Det forsøker nokre norske gründerar å gjere noko med. Dei har klart å lage ein slags kjøttdeig som også skal smake kjøtt.

Unik matproduksjon

I ein fjord på Nordmøre har det opna eit oppdrettsanlegg heilt utanom det vanlege.

Slik ser sekkdyra ut under vatn.

Fleire tonn med små sekkdyr blir dratt opp frå merdane og over i båt. Så blir dei køyrd rett til fabrikken på land for behandling.

– Dei har stått ute og vakse sidan mai, og ikkje fått verken fôr, kjemikaliar eller tilsetjingar. Dei har berre fått lov til å filtrere sjøvatn og ete det dei lever av, seier prosjektleiar i Profona, Magnus Petersen.

Dette er verdas første anlegg kor formålet er å lage mat av sekkdyr i ein industriell skala.

– Vi treng nye kjelder til mat, og vi treng å produsere mat som er meir berekraftig. Det får vi med ein art som dette, seier Petersen.

  • en person i gul jakke og hjelp på en båt. smiler.

    Magnus Petersen

    marinbiolog og prosjektleiar i Pronofa

Dei hevdar at kjøttdeig av sekkdyr har eitt prosent av klimaavtrykket av vanleg storfekjøttdeig.

Som å dyrke grønsaker

Ifølgje marinbiolog og zoolog Trond Roger Oskars er oppdrett av sekkdyr om lag på nivå med det å dyrke grønsaker.

Sekkdyr et algar, daude partiklar og slikt. Dei et ikkje høgt opp i næringskjeda som ein fisk, med mange ledd av dyr og plantar imellom. Du får dermed meir energi ut av sekkdyra i forhold til annan produksjon, utan like stor innsats, seier Oskars.

  • en mann med briller, forskertype.

    Trond Roger Oskars

    Marinbiolog og zoolog ved Møreforsking

Pronofa driv eit sjøanlegg her i Hustadvika, og ventar godkjenning til eit til. Dei ser for seg hundre arbeidsplassar her om få år.

en mann i oransje jumpsuit på en båt

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kan bli «den nye oljen»

Arne Duinker på Havforskningsinstituttet meiner det er eit enormt potensial for å dyrke meir mat i havet, og rosar satsinga.

Noreg har ein av dei lengste kystlinene i verda. Så om vi brukar tiåra framover til å legge til rette for slik næring, kan vi få store volum ut av dette. Det vil hjelpe på behovet for nye næringar den dagen vi trappar ned på oljeproduksjonen, seier Duinker.

  • Smilende mann ved sjøen i våtdrakt.

    Arne Duinker

    Forskar, Havforskningsinstituttet

Han peiker på at landareala er nærmast utnytta til det fulle når det gjeld matproduksjon, samtidig som vi blir fleire folk.

Då ser vi til havet, til sekkdyr, blåskjel, tare og desse som er potensialet til å produsere meir mat i framtida.

To personar sorterer sjøpung på eit samlebanden boks med mat

På fabrikken kan dei produsere eitt tonn råvare i timen.

Lasagne og chili con carne

Til no har Profona brukt «kjøttdeigen» i ein ferdigllasagne som dei sel på Oda og Rema 1000.

– Vi har mange nye produkt på veg, som typiske asiatiske rettar og chili con carne. I tillegg jobbar vi med at råvara vår kan bli selt som han er til hotell, restaurantar, kantinar og offentlege kjøkken, seier Petersen.

Før

Ein haug med sjøpung

Etter

Lasagne med sjøpung.

Når dyret er prosessert, blir «kjøttdeigen» brukt i lasagne.

Men tenkjer du ikkje at de har ei utfordring når det gjeld å få folk til å ete eit havdyr dei aldri har høyrt om?

– Jo, eg trur det. Det er nok mange som kvir seg litt til å prøve noko nytt. Det er derfor vi fokuserer på desse ferdigrettane. For dei som tør å prøve, er det nesten ein umerkeleg forskjell, seier Petersen.

Vil du prøve mat med sekkdyr?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

På Rema-1000-butikken ser Vigdis Aasprong Olsen etter lasagne til ho og ein gjest ho har invitert. Når ho får vite kva Purply-lasagnen er laga av blir ho veldig overraska.

en person i grønn frakk i en matbutikk

Vigdis Aasprong Olsen er ikkje redd for å prøve nye ting, men vil ikkje servere sjøpunglasagne til gjester før ho har testa det.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det ser jo heilt greitt ut. Eg er jo ikkje redd mat, men då tenker at eg skal prøve det når eg er åleine først, seier ho.

I fjor blei det arrangert folkemøte i samband med at Profona ville starte opp med drift. Då fekk lokalbefolkninga teste om lasagnen faktisk smakte som kjøtt.

Heil vanlege folk fekk prøve lasagnen på folkemøte i Averøy i 2024.

– Etterliknar kjøtt

Annechen Bahr Bugge forskar på matvanane til nordmenn. NRK spurte henne om kor villige vi er til å teste ny type mat.

– I utgangspunktet tenker eg at nordmenn er ganske opne, for dei aller fleste ønsker å ete meir fisk og sjømat, og vi har eit lågare forbruk enn det helsestyresmaktene tilråder, seier Bugge.

  • Forskar Annechen Bahr Bugge ved fiskedisken på Rema 1000

    Annechen Bahr Bugge

    Sosiolog og forskar ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO

Likevel er ho usikker på om kjøttdeig av sekkdyr vil lykkast i den norske marknaden. Ho ser nemleg at ein del andre kjøttdeigerstatningar har forsvunne frå butikkane, og har den floppa fiskepølsa friskt i minne.

– Det skal etterlikne vanleg kjøtt, og er eit ferdigmatprodukt. Og det er ikkje det som appellerer mest til dagens forbrukarar. Dei ønsker ferske, friske råvarer, seier Bugge.

En båt på vannet

Til no har Profona løyve til eitt sjøanlegg her i Hustadvika, men dei har søkt om fleire både her og andre stader i Noreg.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Publisert 17.11.2025, kl. 11.18

Read Entire Article