NRK-ekspert med klar Ingebrigtsen-beskjed: – Det må bortimot tryllast

2 hours ago 1



– Dersom det er reelt det vi så, at han ikkje berre tusla gjennom for å få ei gjennomkøyring, og det han viste oss i dag er nivået han har inne akkurat nå, så er eg freista til å seie at han faktisk ikkje har stort på ein 5000 meter å gjere her, seier Vebjørn Rodal.

NRKs friidrettsekspert lét seg ikkje skremme av nivået til Jakob Ingebrigtsen på forsøket på 1500 meter søndag, der han rauk rett ut i comebacket etter nesten seks månader utan konkurranse.

– Eg hadde ikkje trudd eg hadde eit så dårleg løp i meg. Det var litt skuffande. Eg er litt usikker. Eg tenker at det ikkje heilt samsvarer med det som eg har gjort på trening dei siste to vekene, sa Ingebrigtsen til NRK etter løpet og omtalte seg sjølv som «sjanselaus».

Sjå avslutninga her:

Samtidig var han rask med å seie at nå han retta blikket mot 5000-meteren, der det er forsøk fredag og finale søndag om ei veke.

Etter det mislykka løpet på 1500 meter, vedgår han at det har byrja å snike seg inn ei usikkerheit.

– Eg blir jo sjølvsagd meir skeptisk enn eg var. Men eg hadde ikkje trudd eg skulle vere så dårleg som nå. Det kan jo vere ein litt dårleg dag i tillegg, sa Ingebrigtsen til eit samla pressekorps.

– Ingenting som verka

NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal, er langt frå overtydd. Ingebrigtsen har nå nokre dagar fram til forsøket på 5000 meter på fredag.

– For å vere i medaljekampen på 5000 meter, må du vere ganske skarp. Om han skal gå frå den forma han viste fram i dag, til ein skarp kniv i skuffa som skal opp på pallen på 5000 meter, så må det bortimot tryllast, seier Rodal.

– Det var svakt fartsmessig og han hadde ikkje noko å gi. Han gjekk tom for krefter. Det var liksom ingenting som verka på oppløpssida, seier Rodal vidare.

Vebjørn Rodal

EKSPERT: Vebjørn Rodal meiner nivået til Ingebrigtsen må bli heva betrakteleg om han skal ha ein sjanse til å hevde seg seinare i VM.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Han legg til at han tar eit atterhald om at Ingebrigtsen har meir på lager og at rogalendingen «lurte» friidrettsverda med løpet søndag. Rodal peikar på at det kan ha vore eit ønske om å få teste banen og piggsko i fart som vil vere raskare enn det som truleg ventar på 5000-meteren.

– Eg tenker kanskje at om det ikkje var betre enn det var i dag, så hadde det kanskje vore like greitt å la vere, seier Rodal, med tilvising til å stille på 5000-meteren neste veke.

Ein som hadde ein betre dag søndag var svenske Andreas Almgren. Han sprang inn til VM-bronse på 10.000 meter og skal også springe 5000 meter seinare i VM. Svensken har trena mykje med Ingebrigtsen det siste året.

– Slik det såg ut i dag, så er det ganske langt til ein medalje. Men ein veit aldri. Ein kan få ein reaksjon når ein får gjort ein maksinnsats og kan så ta neste steg, seier Almgren om Ingebrigtsen.

Trenarbroren skeptisk: – Kan bli tungt

Ingebrigtsen har vore open om usikkerheita som har prega han før starten av meisterskapet.

Han hadde ikkje konkurrert sidan mars på grunn av ein akillesskade, og hadde ifølge seg sjølv inga aning om kor han stod konkurransemessig.

– Eg tenker at det ikkje heilt samsvarer med det som eg har gjort på trening dei siste to vekene, men det er samtidig realiteten med å ikkje få gjere det ein gjerne skulle ønske over lengre tid, sa Ingebrigtsen.

Sjekk programmet for resten av VM her:

Storebror Filip Ingebrigtsen har følgt broren tett gjennom dei siste månadene og er i Japan som ein del av den norske trenardelegasjonen.

Han seier broren var klar over at det var ein risiko for at han ikkje hadde det nivået inne som var nødvendig for å hevde seg. Filip Ingebrigtsen trur ikkje det er så mykje dei får gjort på dei få dagane inn mot 5000-meteren.

– Han har den forma han har, så får vi håpe at han potensielt har hatt god effekt av det løpet her, og at han har litt betre dagsform. Og så er det litt sånn at av den treninga han har fått gjort dei siste fem månadene, er det mest nærliggande å tenke at han er mest førebudd til ein 5000 meter, seier Ingebrigtsen, og legg til:

– Men han såg ikkje veldig sprek ut i dag på 1500-meteren, så det kan bli tungt der òg.

Jakob Ingebrigtsen har likevel historia på si side, då han har vunne dei tre siste globale meisterskapsfinalane på 5000 meter. VM i 2022 og 2022, og dessutan OL i 2024.

– Jakob kjem til å vere verdas beste igjen neste år så lenge han får trena vidare. Så lenge han ikkje forverrar noko, så er det berre å køyre på, meiner Almgren.

Publisert 14.09.2025, kl. 20.33

Read Entire Article