NRKs supermåling: Høgre-veljarane trekkjer mot Frp

3 weeks ago 13



Erna Solberg og Høgre kjem svært dårleg ut av supermålinga Norstat har gjennomført for NRK.

På målinga seier færre enn 15 prosent at dei vil stemma på det som lenge var landets nest største parti.

NRK si supermåling er gjort over heile landet i løpet av to veker midt i august. 15.000 veljarar er spurt mellom 7. august og 19. august.

Tradisjonelt har Erna Solberg mange veljarar i heimtraktene sine, Fana bydel i Bergen. Men sjølv om sola skin mellom dei sju fjell, ser det mørkt ut for Høgre.

kvinne i rosa jakke med solbriller på hovudet

Tove Hjellegjerde syns Erna Solberg får ufortent mykje negativ merksemd i media.

– Eg tenkjer at ho er ein veldig fin politikar som ikkje fortener denne negative merksemda.

Også ho trur Finnes-saka påverkar kva folk vil stemma.

– Det ligg vel litt bak at ho er gift med den ho er, men det må ein sjå forbi i ein sånn situasjon. No er det valkamp.

eldre mann med open jakke og blå skjorte

Helge Birkeland syns det er bra at Høgre slit. Han likar ikkje Høgre-politikken, og har fleire teoriar for kvifor det går dårleg.

– Kanskje det er på grunn av mannen som dreiv med dei der «businessane» at dei er så svekka? Men det kan godt henda at det er andre ting, politikken er jo det viktigaste. Eg finn ikkje noko fornuftig i politikken deira.

mann med svart hatt og grått hår og solbriller

Espen Moe-Nilssen har ikkje bestemt seg for kva han skal stemma. Men for at Høgre skulle vore eit alternativ for han, saknar han nokon som kan sjå heilskapen.

– Viss dei hadde hatt for eksempel ein Willoch, ein som kunne sjå både bedriftsøkonomien og menneska. Ein sånn person hadde hjelpt mykje. Eg trur ikkje det finst nokon politikarar som er begge stader no for tida.

kvinne med barnevogn

Sørine Nydam Andersen meiner Frp er flinkare enn Høgre til å fremja politikken sin på saker som folk bryr seg om, til dømes matvareprisar.

– Frp er flinke til å hiva seg på den type saker og lova betring og tiltak. Det er det mange som syns er kjekt.

Jan Børge Leirvik

Og ho kan ha eit poeng. For mange av dei spurte svarar at dei er på partivandring.

Partiet har nemleg mista ein fjerdedel av dei som stemte på partiet ved førre stortingsval.

22 prosent av dei som stemte på Høgre i 2021, vil no stemma på Frp.

Berre 2 prosent vandrar motsett veg.

Tolv dagar før valet presenterer NRK den andre av to supermålingar.

Dette er dei viktigaste konklusjonane:

  • Det er raudgrønt fleirtal med 88 mot 81 mandat. Fleirtal i Stortinget krev 85.
  • Arbeidarpartiet er det største partiet.
  • Frp er større enn Høgre overalt, utanom i Oslo.
  • Høgre går vesentleg tilbake frå førre supermåling, og er under 15 %.
  • Både Raudt, Venstre, MDG og KrF er over sperregrensa.

    Meningsmåling august 2025 Hvordan ville Norge stemt?

    Vis i tillegg

    Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin

    PartioppslutningPartiOppslutningEndring

    27,6 %

    −1,8

    21,2 %

    +0,6

    14,6 %

    −3,8

    6,8 %

    +0,3

    6,4 %

    +1,0

    5,6 %

    +0,1

    4,7 %

    +1,2

    4,6 %

    +1,5

    4,4 %

    +0,4

    0,1 %

    −0,1

    Partimåling fra Norstat for august 2025 med til sammen 15 200 spurte i alle landets valgdistrikter. Viser endring fra tilsvarende «Supermåling» i mai.

Trur Frp skremmer vekk Høgre-veljarane

Erna Solberg har ikkje mista trua, og peikar heller på andre nyare målingar der Høgre går fram.

– Eg trur at det er fullt mogleg å få borgarleg fleirtal og eit mykje sterkare Høgre.

Men ho mistenker at Høgre-veljarane har blitt skremde vekk av Frp sin vekst.

– Nokre er i tvil om det blir for mykje Frp og set seg difor litt på gjerdet. Eg meiner den einaste måten å hindre det, er å sørge for at Høgre blir størst på den borgarlege sida.

Mange av veljarane i Erna sitt nabolag nemnde Finnes-saka då NRK snakka med dei. Valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen meiner det er eit av fleire moment som svekkjer Høgre.

– Finnes-saka er kanskje meir eit symbol enn årsak på statusen til Erna Solberg. Som statsministerkandidat i 2013 var ho ein superkraft for Høgre, som gav ekstra drivkraft. Den har ho mista, og saka kring ektemannen hennar er eit uttrykk for det, seier han.

Han viser til «den lange valkampen», og peikar på hausten 2024 då Frp blei større enn Høgre.

No forsyner Frp seg grovt av tidlegare høgreveljarar.

– Vi skal kjempe for å få eit nytt fleirtal. Så vi ønsker å ta veljarar frå alle partia vi kan, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Ho trur årsaka til veksten er at Frp er tydelegare i politikken enn Høgre.

– Det vi får mange tilbakemeldingar på, er at mange synest at Høgre og Arbeidarpartiet er blitt litt like, kanskje spesielt i klimapolitikken.

en person som snakker med en person

Medan Solberg meiner Frp skremmer vekk Høgre-veljarane, meiner Listhaug at Høgre er for like Arbeidarpartiet.

Foto: William Jobling / NRK

Frp hentar sofaveljarar

Frp hentar også flest tidlegare sofaveljarar.

Av veljarane som oppgir at dei ikkje stemte ved førre stortingsval, men som no vil stemma, svarar 26 prosent at deira stemme går til Frp. 23,2 prosent vil stemma Ap, medan 14,2 svarar Høgre.

Frp har også svært få veljarar som stikk av.

Berre 7,5 prosent av dei som stemte på dei ved førre val, er no usikre. Tala for Ap og Høgre er 27,4 og 23,7 prosent.

Kva er det Frp får til?

mann i korterma skjorte ser inn i kamera

Valforskar Yngve Flo meiner både Ap og Frp har framstilt Høgre som irrelevante i årets valkamp.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

– Veljarane har tilgitt dei frå då dei sat i regjering. Først blei dei hardt straffa for å ha delteke der, seier Flo.

Han peikar på at dei var uheldige med timinga for avskjeden, fordi regjeringa blei superpopulær under koronapandemien.

– Tidlegare har Frp hatt eit dilemma mellom popularitet eller makt, men no ser det ut til at folk har gløymt at dei var i regjering.

Han meiner Listhaug har høgare appell no enn før, og at ho har lukkast med eit skifte i framtoning. Flo peikar også på det han kallar ein «merkverdig, men strategisk effektiv allianse» mellom Ap og Frp: Begge har snakka om Høgre som lite relevante i statsministerspørsmålet.

– Det er Støre som har selt inn Listhaug som mogleg statsministerkandidat. Det gjer vondt for mange veljarar på borgarleg side. Det har vore effektfullt for både Frp og Ap.

Meningsmåling august 2025 Hvordan ville Norge stemt?

Vis i tillegg

Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

27,6 %

−1,8

21,2 %

+0,6

14,6 %

−3,8

6,8 %

+0,3

6,4 %

+1,0

5,6 %

+0,1

4,7 %

+1,2

4,6 %

+1,5

4,4 %

+0,4

0,1 %

−0,1

Partimåling fra Norstat for august 2025 med til sammen 15 200 spurte i alle landets valgdistrikter. Viser endring fra tilsvarende «Supermåling» i mai.

Publisert 27.08.2025, kl. 07.05

Read Entire Article