Politiet søkjer torsdag kveld med både drone og hund etter at det på nytt begynne å brenne i Sula på Sunnmøre.
– Dronen er brukt for å få oversikt over åstaden og mellom anna sjå om det er andre personar i området, seier operasjonsleiar Alexander Sandblåst Strømmen.
Han seier dronen er svært nyttig, men at dei så langt ikkje har fått stadfesta at nokon uvedkomande er i området.
Dei siste åra har det vore fleire mistenkelege brannar i området, og folk er difor ekstra på vakt.
Ber om tips
Klokka 23.35 melder politiet at huset er heilt nedbrent, og at det ikkje er fare for spreiing til andre hus i området.
Politiet ber no om tips og vil ha opplysningar eller observasjonar i området Nøringset/Oksavik.
Politiet stadfestar at dei ser også denne brannen i samanheng med dei andre, uoppklarte brannane i Sula dei siste åra.
– Vi tek høgde for at det kan ha samanheng, seier operasjonsleiar Alexander Sandblåst Strømmen.
– Forstår du at folk blir bekymra når det brenn på Sula igjen?
– Ja, vi skjønnar at folk blir bekymra, det er klart.
Huset som står i brann er ein fritidsbustad utan nokon til stades, melder politiet.
Strømmen seier dei vil sende inn krimteknikarar så snart det er mogleg, men at det er for varmt til å gå inn no. Han seier det også kan bli aktuelt å starte rundspørjing i nabolaget i løpet av kvelden.
Røyk og flammar har vore synleg på lang avstand torsdag kveld.
Faksimile: NRKFem uoppklarte brannar
Fleire fryktar at ein pyroman går laus, og politiet har tidlegare stadfesta at fleire av hyttene kan vere sett fyr på med vilje.
Fleire har montert overvakingskamera på hyttene sine på grunn av alle brannane, andre henger opp vimpel når dei overnattar, for å varsle om at dei er til stades.
Opersjonsleiar Alexander Sandblåst Strømmen seier det har vore mange telefonar frå folk torsdag kveld.
– Vi har fått ein del telefonar, og brannvesenet har nok fått endå fleire, seier han.
Brannane på Sulafjellet
Tips om flammar
John-Rune Lillebø på 110-sentralen seier at huset ligg utanfor bilveg og at brannvesenet difor ikkje kjem fram med utstyr.
– Då vi kom fram var huset fullstendig overtent, no er det så og seie nedbrent, seier han.
Fleire tipsarar skal ha meldt inn røyk og flammar torsdag kveld.
Politiet har ingen informasjon om at noen skal befinne seg i bygningen.
To brannfolk i Sula.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKPublisert 02.07.2026, kl. 22.38 Oppdatert 02.07.2026, kl. 23.59












English (US)