Ny EU-toll skaper rørsle i EU-spørsmålet

2 hours ago 1



Det er teikn til ny EU-debatt etter at Brussel innførte toll på jernlegeringar denne veka.

Fleire EU-tilhengarar seier til NRK at EØS-avtalen har vist seg som upåliteleg makker når det røyner på, og at løysinga er opplagd: tettare tilknyting til Brussel.

Ikkje gjennom ein halvgod «situationship», men gjennom eit fullgodt «ekteskap» – ein EU-medlemskap.

Det er no heilt nødvendig at statsministeren tar initiativ til ein ny EU-debatt, seier Venstre-leiar Guri Melby.

En kvinnelig programleder sitter ved et bord med mikrofon foran seg. Bakgrunnen er delvis blå og rød. Hun har på seg en mørkeblå bluse og har kort, bølgete hår. Studioet ser ut til å være designet for direktesending.

Venstre-leiar Guri Melby meiner det «ikkje bør overraske nokon» at EØS-avtalen ikkje har vore nok til å sikre norske interesser. – Det er eit val vi har gjort, og no ser vi konsekvensane av det valet.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Aleinegang er umogleg for eit lite og sårbart land

Påtroppande Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide varsla måndag at ho førebur seg på å bli ny «EU-dronning».

Melby vil ikkje vere noko dårlegare:

Vi har basert oss på flaks og gode lobbyistar i samarbeidd med EU, seier ho.

No som Donald Trump har sett den handelspolitiske situasjonen i verda på hovudet, er det ikkje lenger tilstrekkeleg.

Espen Barth Eide

Avgjerda i Brussel viser at Noreg har blitt del av ein «mykje tøffare handelspolitisk verkelegheit» ifølge utanriksminister Espen Barth Eide (Ap). – Det blåser stormar internasjonalt, både geopolitisk og handelspolitisk. Det treffer også Europa, seier han.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Signala frå Høgre og Venstre kjem på toppen av utspel om at den nye sikkerheitsarkitekturen i Europa taler for ein tettare EU-tilknyting.

Ikkje ulikt korleis Sverige og Finland blei med i Nato.

Om EU-kampen i tillegg treng ein prinsgemal, så stiller MDG-leiar Arild Hermstad seg til disposisjon:

Det er på tide å innsjå at EØS-avtalen ikkje lenger er det som sikrar oss tryggleik i ei uroleg verd, seier han.

Det einaste ansvarlege no er å starte ein debatt om fullt medlemskap. Utanforskap og aleinegang er umogleg for eit lite og sårbart land som Noreg.

  • en mann i dress

    Annika Byrde / NTB

    Arild Hermstad, MDG

    Vi treng meir samarbeid, ikkje mindre. Det som skjedde denne veka kan vere begynninga på slutten for Noreg sin privilegerte status og innverknad i EU.

  • Knut Andr Sande, leder i Europeisk Ungdom

    Europeisk Ungdom

    Knut André Sande, nestleiar i Europabevegelsen

    Noreg har lenge tatt for gitt at EØS-avtalen alltid vil sikre oss, men realiteten er at Noreg står utanfor EU. Dette er enda eit eksempel på at EØS-avtalen har avgrensingane sine samanlikna med EU-medlemskap. Spørsmålet er korleis vi best kan vareta norske interesser. Når dagens avtalar er utilstrekkelege er det ingen tvil om at Noreg treng ei tettare tilknyting til EU.

  • Eirik Løkke

    Ukjent

    Eirik Løkke, Civita

    Eg synest det er ei dårleg avgjerd frå EU, men det er knapt overraskande at EU-landa meiner det skal vere forskjell på medlemskap og ikkje-medlemskap. Om vi vil sikre likebehandling for norske bedrifter og delta i det europeiske samarbeidet, så bør vi bli medlem før heller enn seinare.

  • En kvinne holder en kaffekopp og står i en moderne kontorinnredning. Bak henne er to TV-skjermer som viser nyhetsinnhold. Det er et område med flere avfallsbeholdere i ulike farger. Omgivelsene har en blanding av kontormøbler og avslappende sitteplasser.

    Ismail Burak Akkan / NRK

    Guri Melby, Venstre

    Når Senterpartiet vil at Noreg skal sette hardt mot hardt overfor EU, viser dei at dei ikkje har forstått stort av korleis internasjonal handel går i dag føre seg. Noreg er langt meir avhengig av både import frå og eksport til EU enn EU er av import frå og eksport til Noreg.

  • Ine Eriksen Søreide

    Aurora Ytreberg Meløe / NRK

    Ine Eriksen Søreide, Høgre

    Vi treng å søke mot dei fellesskapane, partnarskapane og alliansane som er viktige for norske interesser. Islendingane kan potensielt ha ei EU-avstemming i løpet av eitt år. Da står vi i ein heilt annan situasjon, med eit EØS-samarbeid som består av oss og Liechtenstein.

    (Sitert i Aftenposten 6. november.)

  • Ole Erik Almlid

    Ksenia Novikova / n637485

    Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO

    EØS-avtalen held fram med å vere avgjerande for norsk næringsliv, men situasjonen viser at han ikkje dekker alle tiltak. Når EU får eit større vernebehov for sin eigen marknad og industri, som resultat av den anstrengde internasjonale situasjonen, inneber det også større risiko for at Noreg blir ramma.

Noreg bør ha ein lausare tilknyting til EU

Statsminister Jonas Gahr Støre har fleire gonger åtvara mot å starte ein ny EU-debatt.

Historisk har riftene frå EU-kampane i 1972 og 1994 tatt lang tid å hele.

Erling Sande (Sp), som representerer Sogn og Fjordane på Stortinget, meiner at dei stengde dørene i Brussel er eit argument for at Noreg bør ha ein lausare – ikkje tettare – tilknyting til EU.

Heile føresetnaden for EØS-avtalen er å få tilgang til EU-marknaden, seier han.

Når EU straffar oss på denne måten, må vi vurdere å halde att pengane vi bruker til å betale EØS-kontingenten.

Finn Rikard Johansen

Trass appellar frå regjeringa om at norske jernlegeringar bør vere ein del av EUs indre marknad gjennom EØS-avtalen, sa Brussel nei til å komme Noreg i møte.

Foto: Ole Andreas Bø

Noreg bidrar kvart år med rundt 5,38 milliardar kroner til potten som er EØS-midlane (Island og Liechtenstein bidrar også).

Utanriksminister Espen Barth Eide har avvist at det er aktuelt å svare EU med straffetiltak.

Er den nye EU-tollen eit argument for tettare eller lausare tilknyting til Brussel? Sjå fleire reaksjonar under.

  • Arnar Kvernevik

    Oddmund Reisæter Haugen

    Arnar Kvernevik (Ap), ordførar i Gloppen kommune

    For Vestlandet og norsk industri er det viktigaste å få avklara konsekvensane, stå samla med næringa og leggje politisk press på EU-systemet for å få unntak eller avbøtande tiltak. Den demokratiske kontrollen vi har over eigen politikk er viktig for oss, og difor meiner eg det er rett å verne om EØS – og vidareutvikle det – framfor å skape eit inntrykk av at EU-medlemskap er den einaste løysinga.

  • En mann står på en gate om natten iført en mørk cardigan og slips. Han har hendene i lommen og ser inn i kameraet. I bakgrunnen er det svake lys fra bygninger og biler. Det er høstblader på bakken.

    William Jobling / NRK

    Dag Inge Ulstein, leiar i KrF

    Dette er ikkje tida for ein ny EU-debatt. No må vi heller slå ring om det EØS-avtalen faktisk gir oss. EØS-avtalen har i over 30 år sikra Noreg fri handel med EU, og den har tent oss godt. Noreg har framleis tilgang til den indre marknaden og det skal vi hegne om. Det er utruleg viktig.

  • Erling Sande sitter i en stol

    Stian Lysberg Solum / NTB

    Erling Sande, Senterpartiet

    At EU innfører denne tollen viser kor lite Noreg har igjen for å innføre det eine meiningslause EU-direktivet etter det andre som pålegg norsk næringsliv og norske innbyggjarar kostnader og byråkrati. No må regjeringa stå opp for norske interesser og krevje at EU snur i denne saka eller innføre tiltak.

  • En mann står foran en gruppe og holder en mobiltelefon, mens han snakker. I bakgrunnen henger bannere med bilder av arbeidere. En annen person holder opp en plakat med teksten "UT AV ACER!". Det er solfylt vær, og arrangementet ser ut til å være utendørs.

    Frederik Ringnes / NTB

    Einar Frogner, Nei til EU

    Vi må sikre våre eigne interesser betre. Og det gjer vi best med ein lausare tilknyting til Brussel. Eit stikkord her kan vere å ta tilbake politisk kontroll over krafta på ein måte som sikrar at vi framleis kan eksportere kraft utan å på same tid importere dei høge straumprisane vi har gjort dei siste åra. Altså sikre det konkurransefortrinnet som ligg i føreseielege og låge straumprisar.

  • en mann og kvinne som står ved siden av hverandre med en blå vegg bak seg

    Frida Wattne Lindland / NRK

    Magnus Marsdal, Manifest Media

    No må regjeringa vareta omsynet til norske arbeidsplassar. Det er det nemleg inga anna regjering som gjer. Eit nærliggande grep er å sørge for at bedriftene som blir ramma får tilgang til langsiktige kontraktar på norsk vasskraft til norske prisar. Det kan utlikne EUs tollangrep. Slike kontraktar er fullt moglege. Regjeringa kan, viss regjeringa vil.

Legg den evinnelege EU-kampen til side

I august viste ei meiningsmåling at 55 prosent av nordmenn ville stemt «nei» til EU-medlemskap. 33 prosent sa dei ville stemt «ja».

Ver så snill: Legg den evinnelege EU-kampen til side i alle fall nokre dagar, seier Magnus Marsdal, som er redaktør i Manifest Media.

Eramet lager manganlegering

Marsdal viser til at «tusenvis av arbeidsplassar» står på spel, og at tida kallar på å «utlikne EU sitt tollangrep» – ikkje på å «mase om eit medlemskap som uansett aldri blir noko av».

Når takken for Støres solidaritet med Europa er at EU angrip norske arbeidsplassar, er oppgåva å støtte Noreg.

Han legg til:

Å tru på EUs solidaritet med Noreg no, er som å tru på julenissen. Etter at du oppdaga pappas nissedrakt i kjellarbua.

EUs nye tollmur truar tusen av arbeidsplassar. I Sauda fryktar landets yngste ordførar for bygda og smelteverkets framtid.

Publisert 19.11.2025, kl. 06.57 Oppdatert 19.11.2025, kl. 07.20

Read Entire Article