Kjøpesentera kan ha eit ganske frynsete rykte.
For nokon blir dei assosierte med sveitte som renn under tjukke vinterjakker, alt for mykje folk og salsskilt skrik mot deg.
Men no har forskarar ved Noregs miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU) funne ut at kjøpesentera faktisk kan vere bra for helsa.
Gjennom djupneintervju av folk som bruker kjøpesenter som ein sosial stad, har dei funne ut at kjøpesentera kan vere viktige for å motverke einsemd og isolasjon.
Funna blei publiserte i ein fagfellevurdert artikkel i oktober.
– Noko av det som kanskje overraska meg mest i forskinga, er kor viktig det er med eit rom kor du berre kan vere, seier Gry Rustad Pettersen.
Pettersen er ivrig når ho fortel om funna sine.
Foto: Ksenia Novikova / NRKHo er doktorgradsstipendiat ved NMBU og forskar ved Transportøkonomisk institutt.
På kjøpesentera kan du vere saman med andre menneske utan at du har avtalt det på førehand, utdjupar ho.
Tom Braathen er ein av dei som treffer venner på kjøpesenter fleire gongar i veka.
– Du ser jo det, det er ein samlingsplass, seier han og viser til folka på kafeen rundt seg.
– Eg er sikker på at mange av dei som går her, er einslege menneske. Så møtest dei på senteret. Kvar dag sit dei og drikk kaffi på senteret.
Er kjøpesenter ei kjelde til stress eller god helse?
Foto: Ksenia Novikova / NRKSærleg eldre brukar kjøpesentera
Forskinga er basert på intervju med 14 menneske som besøker kjøpesenter for sosiale grunner, i alderen 26 til 85 år.
Liknande funn fann ho også i folkehelseundersøkinga i Viken frå 2021. Der svarte over 100.0000 respondentar mellom anna på kor ofte dei var på kjøpesenter og kvifor dei var der.
Den viste at særleg eldre bruker kjøpesentera til å treffe vennar. Nokre har faste kafear dei møter folk til faste avtaler, mens andre berre kjem innom.
– Det er viktig at vi planlegg og bygger byar og stader som har møteplassar som er likt av alle, med forskjellig smak og behov og ønske, seier Pettersen.
Pettersen har forska på kjøpesenter og meiner dei kan vere viktige for helsa til mange.
Foto: Ksenia Novikova / NRK– Trur ikkje det er nok å bygge kjøpesenter
Førsteamanuensis i psykologi Ragnhild Bang Nes ved Universitetet i Oslo, har mellom anna forska på livskvalitet, trivsel og psykiske plagar.
Ho avskyr sjølv å vere å kjøpesenter, men skjønner likevel at andre kan like å vere der.
Nes viser til at kjøpesenter kan ha uheldige sider som kjøpepress og freistingar. Samstundes er det færre og færre arenaer der ein berre kan «slenge innom».
– Det er ikkje overraskande at mange synest kjøpesenter er ein fin arena å møtast på. Her kan ein både avtale å møtast, men dei byr også på kontakt med lause relasjonar.
Kor ofte er du på kjøpesenter?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Ho viser til at det er forska lite på folkehelsetiltak mot einsemd og sosial isolasjon, og på tiltak som å gjere noko med arkitektur og utforming av offentlege rom.
– Eg trur ikkje det er nok å bygge masse kjøpesenter for å bli kvitt einsemd, men eg trur det er viktig å jobbe med arenaen og miljøet.
– Går heller på pub
På kjøpesenteret i Oslo er det fult rundt kafebordet denne føremiddagen.
Det er likevel få som vedkjenner seg at dei liker å bruke tid der.
– Ut frå mitt eige ståstad, er ikkje kjøpesenter så veldig viktig. No er vi fleire, så no blei det sånn at vi kom hit. Elles så pleier eg å gjere meg ferdig og så dra heim, seier Vigdis Hogstad.
På eit nabobord sit Kåre Bjørnerud og tar ein kaffi mens han ventar på at bilen skal bli ferdig på verkstad.
– Kjøpesenter er sikkert viktig for mange, men eg går heller på pub og tar ein øl.
Braathen saknar tida med mange småbutikkar
Foto: Ksenia Novikova / NRKSjølv om Braathen treffer venner på kjøpesenter, saknar han tida då det var mange småbutikkar.
– No er alt samla på eit kjøpesenter, som er litt kjedeleg. Men det er jo greitt. Vi er jo her stadig vekk.
Publisert 19.01.2026, kl. 21.24











English (US)