Ny rapport: Hardangerfjorden under press

3 hours ago 1



– I dag går det greitt, men det er ikkje særleg rom for stor auke i fiskeproduksjon grunna næringssalt, seier forskingssjef Vivian Husa i Havforskingsinstituttet.

På oppdrag frå Miljødirektoratet har Havforskingsinstituttet utarbeidd rapporten «Hardangerfjorden under press: Utslepp og miljøtilstand».

Dei har gått grundig gjennom alle måledata for Hardangerfjorden, og mellom anna vurdert risiko for det som på fagspråket heiter eutrofiering, også kalla «overgjødsling». Det kan i verste fall gje oksygenmangel i fjorden.

Bakgrunnen for oppdraget var uro frå Statsforvalteren i Vestland. Dei viste til nedgang i oksygennivå i botnvatnet i Hardangerfjorden, og auke i planteplanktonproduksjon, som samsvarte med auka tilførsler av nitrogen.

Det gjorde at Statsforvaltaren i Vestland i vår innførte mellombels stans i alle oppdrettsløyve i fjorden.

Gamle synder hentar igjen næringa

Hardangerfjorden er Noregs nest lengste fjord på 180 kilometer.

– Med dagens produksjon av fisk i fjorden, så går det greitt. Alle måledata ligg innanfor miljømåla i vassforskrifta, bortsett frå framandstoff i sedimenta i fjorden, seier Husa.

I rapporten ser dei at fjorden er i dårleg tilstand grunna miljøgifter, som gjerne kjem frå ulike kjelder, som gamal industri og akvakultur.

Portrettbilde av forsker Vivian Husa hos havforskningsinstituttet

Forskingssjef Vivian Husa i Havforskingsinstituttet.

Foto: Helene V. Lervik / NRK

– Dei stoffa som kjem spesielt frå akvakultur er kopar og sink. Det er mange anlegg som har problem med for høge koparkonsentrasjonar i nærleiken av anlegget. Det er fordi anlegga har vore der lenge, og at dei har brukt kopar på nøtene sine, seier Husa.

Kopar har tidlegare blitt brukt på nøtene for å hindre attgroing. I dag har næringa tatt grep, og nyttar heller spyling eller gått over til andre stoff.

Sørfjorden, Hardangerfjorden

Det er ikkje særleg rom for stor auke i fiskeproduksjon grunna næringssalt, seier forskingssjef Vivian Husa i Havforskingsinstituttet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kan bli problem med overgjødsling

I rapporten har forskarane og sett på utslepp ved lukka anlegg i sjø og på landbaserte anlegg. Rapporten viser at nye anlegg må vurderast nøye slik at ein ikkje får overgjødsling i nokre fjordområde.

Særleg rundt Varaldsøy, Skåneviksfjorden og Onarheimsfjorden, då det er mange oppdrettsanlegg der allereie.

– Det er første gong vi klarer å simulera at om ein aukar produksjonen i fjorden, så vil ein få problem med overgjødsling, seier Husa.

Då kan ein få auka planteplanktonproduksjon, som igjen kan gjera at ein kan få auka dyreplanktonproduksjon, meir nedfall på botnen, og oksygenproblem.

– Det er første gong vi viser at det ikkje berre er lakselus som avgrensar produksjonen i Hardangerfjorden. Det kan òg vera næringssalt som kan bli problematisk. Og då er det viktig korleis ein plasserer anlegga i framtida, seier Husa.

Seksjonsleder i Hav- og industriavdelingen, Miljødirektoratet, Cecilie Kristiansen

Seksjonsleiar Cecilie Kristiansen i Miljødirektoratet.

Foto: Fartein Rudjord

Må ta ei vurdering

No er det opp til forvaltninga å vurdera rapporten og om dei kan tillata meir fiskeproduksjon i Hardangerfjorden framover eller ikkje.

– Rapporten frå Havforskingsinstituttet skal bli brukt som støtte til statsforvaltaren si behandling av søknader om akvakultur i fjorden, seier seksjonsleiar Cecilie Kristiansen i Miljødirektoratet.

Forskarane kjem til slutt med ei oppmoding i rapporten, då det skal vera både store korallrev og bambuskorall i Hardangerfjorden.

– Vi er særleg opptatt av at om ein skal laga nye anlegg, så må dei sårbare botntypane kartleggast først, sånn at ein ikkje har negative effektar på dei, legg Husa til.

Villaksen, sjøfuglene og livet i havdypet lever farlig i lakselandet. Vet vi egentlig hva som står på spill?

Publisert 04.11.2025, kl. 20.00

Read Entire Article