Ny teknologi skal redde lamma: – Det opnar opp ei ny verd

2 hours ago 2



Det tar 12 timar å gå frå den eine til den andre enden av beiteområdet.

Likevel skal bonde Elin Nisjaløkk helst ha tilsyn med dei 80 sauene sine ein gong i veka.

– Med så store område seier det seg sjølv at ein kan ikkje få nådd over alle dyra til kvar tid, seier ho.

I fjor mista ho heile 30 prosent av saueflokken, hovudsakleg på grunn av jerveangrep, meiner Nisjaølakk. Ho trur årets tap ser ut til å bli like stort.

– Det byrjar å bli drastisk gale.

No er håpet at sporing og heilt ny bluetooth-teknologi skal lette kvardagen for norske bønder.

Kart på mobil med punkter.

På mobilen kan bøndene no følge med på alle sauene sine i fjellet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

«Lammenodar»

Det er lamma som er mest utsette for rovdyrangrep, og kostar bøndene dyrt.

Derfor testar beitelaget no ut ein heilt ny sporingsteknologi, såkalla «lammenodar». Det er små øyremerke på lamma som kommuniserer via bluetooth.

Desse snakkar med GPS-bjøller, som dei vaksne sauene blir utstyrt med.

Grunnen til at lamma ikkje kan bruke GPS-bjøllene rundt halsen, er at dei veks for mykje i løpet av beitesesongen.

en gruppe sauer med merker på øreneEn gruppe sauer står på et gresskledd felt

Lammene har denne beitesesongen fått øremerkinger som kan kobles sammen med sauemoras GPS-bjelle gjennom Bluetooth-teknologi

Foto: Marius André Jenssen Stenberg

Dette er eit prøveprosjekt i samarbeid med Telespor som for første gong blei brukt under beitesesongen i år.

– Dette er noko av den mest spennande utviklinga av teknologi som har skjedd i nyare tid. Det opnar opp ei ny verd av den første tida for eit lam, seier Per Fossheim i organisasjonen Norsk sau og geit.

Har snudd bondekvardagen på hovudet

Dermed kan bøndene i Sunndal beitelag for første gong sjå heile flokken på skjermen.

1600 oransje GPS-bjøller og tre nye basestasjonar sikrar dekning i beiteområdet.

Gjennom eit kart som viser bevegelsane til sauane, får bonden varsel viss eit dyr bevegar seg mindre enn normalt. Det gjer det mogleg å rykke ut til dyr som er sjuke eller døde.

En gruppe sauer på en høyde

Der sauene tidlegare forsvann i fjellterrenget, dukkar dei no opp på skjermen som små punkt på eit kart. Då blir dei enklare å finne.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dyra blir tekne av rovdyr uansett, men når vi veit kor dei er til ei kvar tid kan vi raskt få ned sauene, og på den måten minske tapa, seier Nisjaløkk.

– Du kan gå rett til området der sauene er, i staden for å leite i heile fjellet. Det fungerer veldig godt både i skog og på veg, seier Anders Kamsvåg.

  • en person som står ved siden av noen dyr

    Elin Nisjaløkk, styreleiar i Sunndal beitelag og i Sunndal sau og geit ville gi bøndene moglegheit til å intensivere både tilsyn og sanking av sau.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • Anniek Beijnes holder et skilt foran en bil med aper på

    – Derfor blei det telesporbjølle på alle. Så bonden kan gå akkurat dit sauene er, fortel ho.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Store tap

GPS-bjøllene på dei vaksne dyra har beitelaget fått testa ein sesong tidlegare. Då opplevde dei ein nedgang frå 3,4 prosent til 2,7 prosent døde dyr.

Men det er lamma som er mest utsette.

I fjor mista dei heile 13 prosent av lamma sine. Dei veit framleis ikkje kor mange som kjem ned frå fjellet i år, men trur det vil vere vesentleg fleire.

Det er ikkje berre i Sunndal dei har problem med at store delar av saueflokken blir liggande igjen i fjellet. NRK har tidlegare skrive om bønder som meiner dei er meir på kadaversøk enn tilsyn.

Tal frå Rovdata viser at det er dobbelt så mange jervekull i Møre og Romsdal og Trøndelag som det skal vere. Ingen andre regionar har like mange jervekull.

  • en mann som holder en sau

    Dette er ein av 1600 sauer i beitelaget som har fått ei GPS-bjølle rundt halsen.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • en person i sikkerhetsvest som står foran et gjerde med sauer

    – Du kan faktisk gå i det området som sauene dine er i, det er frykteleg lettvint, seier Kamsvåg.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Uvanleg satsing

Ei så stor satsing på sporingsteknologi er det ikkje mange eksempel på i Noreg, meiner Per Fossheim i Norsk sau og geit.

Eit beitelag i Meråker i Trøndelag har den foreløpige rekorden for høgast tal på GPS-bjøller, med 1800 bjøller, opplyser han.

– Det dei gjer i Sunndal er svært viktig. Det er mange bønder som bruker sporingsteknologi på nokre dyr, men det er få som bruker det på alle. Du vil då få eit meir samla heilskapsbilde av bevegelsane til flokken.

Beite- og utmarksrådgiver i Norsk sau og geit (NSG)

Beite- og utmarksrådgivar i Norsk sau og geit, Per Fossheim, anslår at rundt 10–20 prosent av norske sauer har ei GPS-bjølle hengjande rundt halsen.

Foto: NRK

Nisjaløkk i Sunndal trur sporingsteknologien kan gjere kvardagen enklare for bønder over heile landet:

– Men då må vi finne løysingar som ikkje blir ein meirkostnad for bonden. Det er ein stor kostnad for bonden, så enten må ein få tilskot eller så må prisen på teknologien ned, seier ho.

  • Et sauekadaver ligge ri en steinrøys

    Denne sauen har døydd på grunn av jerveangrep. Ny sporingsteknologi gjer det lettare å lokalisere og dokumentere tap.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • en sau har fått sår på bein og mage etter jerveangrep

    Det er ikkje berre ville rovdyr som angrip sauene. Desse skadene kjem frå ein laushund.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
  • en sau har fått et sår på halsen på grunn av jern

    Nisjaløkk fortel at lause hundar er ei stor utfordring og ein aukande trend. – Det er frykteleg tungt. Rovdyr kan vi ikkje styre, men at folk ikkje klarer å halde hunden i band er eit mykje sårare tap for bonden. Det er totalt unødvendig.

    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kostbar redning

For teknologien er ikkje billig. Med ein prislapp på 2,5 millionar, ville ikkje prosjektet vore mogleg utan støtte.

– Hadde det ikkje vore for velvilje i kommunen og fylkeskommunen kunne vi ikkje gjennomført prosjektet i så stor skala, meiner Nisjaløkk.

en person som gjeter sauer

Sauebonden anbefalar fleire bønder å ta i bruk GPS-bjøller og lammenodar, men meiner prisen må ned.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har stor tru på prosjektet.

Det har vore viktig for oss for å hjelpe utmarksbruken og dyrevelferda i utmark. All teknologi er dyrt, men radiobjøller gir bøndene godt høve til å følge opp dyra sine ute på beite, som bidrar til å sikre betre dyrevelferd.

Det seier Marianne Aas Halse hos Statsforvaltaren.

Men sporingsteknologien har utan tvil endra kvardagen for bøndene i Sunndal.

– Tida før og etter dei nye bjøllene kan ikkje samanliknast, det betyr alt for oss, seier Nisjaølakk.

Publisert 18.09.2025, kl. 20.31

Read Entire Article