Ny Volvo skal ha skote fart heilt av seg sjølv

21 hours ago 3



Pulsen er framleis høg, seier Jinett Sem-Johansen (66).

Tysdag parkerte ho utanfor tannlegekontoret i Lærdal, men innan ho var ute opplevde ho at bilen – ein Volvo C40 – tok saka i eigne hender, rykte til og skaut fart.

Eg er berre glad for at det ikkje var folk der, seier ho.

Det er Guds hell. Elles kunne dette gått rett ille.

Alt skjedde før eg fekk sukk for meg

Flukta til bilen gjekk over parkeringsplassen og ein veg, og enda først då hjula på bilen blei hengande og dingle over eit øydelagt stakittgjerde.

Til Sogn Avis forsikrar sjåføren at ho aldri var nær gasspedalen.

Alt skjedde før eg fekk sukk for meg. Eg hadde ikkje sjanse til å stoppe. Det var ein forferdeleg kjensle.

Pensjonisten, som var hjelpepleiar i sitt yrkesaktive liv, legg til:

Det går bra no, men eg merkar at kroppen framleis er full av adrenalin.

Den same Volvo-modellen skal ha vore involvert i fleire liknande ulykker. Det finst mellom anna døme frå Drammen og Kolbotn.

Sjå kva Volvo svarer lengre ned.

  • En sølvfarget SUV har kjørt opp på en hagekant og står delvis på et gjerde. Det er synlige skader på gjerdet, som er laget av tre, med flere rekkverk og spikerliggende rundt. Omgivelsene er mørke og gresset er fuktig, noe som kan indikere dårlig sikt. Det ser ut til å være stille i området, uten andre personer til stede. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    NAF etter mystisk bilulukke: – Viktig å få svar på kva som skjedde.

  • Et tre har blitt revet opp med rota og ligger på siden av en fortau. Pælehegnet rundt eiendommen viser tegn til skade, med flere brekte deler. Omgivelsene består av en boliggate med hus og biler synlige i bakgrunnen. Det er grus og mose på bakken, noe som indikerer at området kanskje har vært utsatt for dårlig vær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Volvo undersøker hending der bil «skaut fart på eiga hand».

  • Bildet viser en bil med betydelig skader på bakpartiet, inkludert en bulket bakluke og synlig skade på støtfangeren. Området rundt bilen er preget av busker og gress. Det er svakt lys i bildet, noe som gir en kveldslignende stemning. Ingen personer er synlige i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Volvo C40-ulukke: Bilen skal ha akselerert av seg sjølv – sjåføren i sjokk.

  • Bildet viser en kollapset trestruktur plassert på en svart asfaltvei. Det er synlige deler av naturlig materiale, som jord og grønne planter, i nærheten av strukturen. Området er opplyst av kunstig lys, noe som indikerer at situasjonen kan ha skjedd om kvelden eller natten. Det er ingen personer til stede i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
  • Røtisvegen i Øvre Årdal.

NAF: – Vi har fått rapportar om liknande saker

I fjor akselererte same biltype gjennom veggen og fauk ut av fjerde etasje i eit parkeringshus ved Sandvika Storsenter. Ein mann døydde av skadane. Det er strid om kva som forårsaka dødsulukka.

Den same biltypen blei kalla tilbake og reparert for mogleg akselerasjonsfeil i 2022, og i dag verserer det eit søksmål i amerikansk rettsvesen om at modellen plutseleg kan finne på å «rykke til».

«Dette utgjer ein stor risiko for ulykker og skader for bilistar og fotgjengarar, spesielt i vanlege køyresituasjonar som parkering, samanfletting eller rørsle gjennom kryss», heiter det i søksmålet.

Saksøkarane gjer vidare eit poeng av at Polestar 2, som bruker same programvare som Volvo-modellen, har hatt liknande problem.

– Beskrivinga til føraren av kva som har skjedd har store likskapar med liknande saker som har blitt rapportert til oss, seier Ingunn Handagard, som er pressesjef i NAF.

Heldigvis ser det ikkje ut til å ha ført til store skadar denne gongen.

En kvinne står utendørs på et offentlig sted, og gestikulerer mens hun snakker. Hun har på seg en svart frakk og tilbehør som en kjede. I bakgrunnen kan man se mennesker gå forbi, noen med barnevogn, og bygninger som gir en urban kontekst. Det er vått på bakken, noe som tyder på nylig nedbør. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

– Dei siste åra har det vore fleire hendingar av likande typar, og grundige undersøkingar er einaste vegen til å få oppklart i kva som har skjedd, seier Ingunn Handagard i NAF.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Avgjerande at føraren får svar

Det er i dag Statens vegvesen som undersøker bilar som har vore involverte i ulykker, på bestilling frå politiet.

I november i fjor blei det kjent at Vegvesenet ikkje hadde funne teikn til teknisk svikt på ulykkesbilen i Sandvika, der sjåføren omkom.

I rapporten konkluderte dei med at gasspedalen var aktivert omtrent tre sekund før kollisjonen.

I ulykker der det ikkje er omfattande skadar, er undersøkingane meir beskjedne.

– Det viktigaste spørsmålet for førarane er å få greie på om det faktisk er bilen som har handla sjølv, seier Handagard.

Vi meiner det er avgjerande at føraren får svar, også i ulykker med mindre skadeomfang. Dei siste åra har det vore fleire hendingar av likande typar, og grundige undersøkingar er einaste vegen til å få oppklart kva som har skjedd.

Geir Inge Stokke

– Det er viktig at hendingar som det blir vist til her, blir grundig vurderte av relevante myndigheiter og produsenten sjølv. Generelt er det avgjerande at bruken av teknologi som kan påverke trafikksikkerheita blir handtert og vurdert på ein måte som varetar tryggleiken til alle trafikantar, seier Geir Inge Stokke, som er direktør i Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).

Foto: Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV).

Volvo: – Forstår at dette var ei skremmande oppleving

Henrik Juel Teige er pressekontakt i Volvo Cars Norge.

Han seier til NRK at han er kjent med hendinga i Lærdal «som involverer ein av bilane våre».

Bilen står no på verkstaden hos forhandlaren, og vi skal undersøke han for å prøve å finne ut kva som har skjedd.

Han legg til:

Forhandlaren vår er også i direkte dialog med kunden, og vi forstår at dette var ei skremmande oppleving for henne.

Publisert 18.12.2025, kl. 14.07

Read Entire Article