Takk til student Nora Tangen Aarskog for eit engasjert og viktig innlegg denne veka om universitetet sin bruk av nynorsk.
Det er heilt rett at Universitetet i Agder ved siste gjennomgang frå Språkrådet ikkje oppfylte krava i språklova om bruk av nynorsk.
Det følgjer me no opp.
Kven tek ansvar for nynorsken på UiA?
Åpen
Me hadde like før jul eit eige møte med Språkrådet. Då diskuterte me mellom anna målingane deira og moglege nye tiltak for å bli betre.
Litt uheldige med målinga for 2024 var me nok. Den blei gjort midt i ein overgang mellom to ulike nettsystem, og det påverka målinga noko.
Me ser også at ulik nettstruktur på dei ulike universiteta, gjer samanlikningane noko skeive. Men dette er meir ei forklaring enn ei unnskyldning, for i mål er me uansett ikkje.
Noko har me allereie jobba med i nokre år.
Som omtala i Fædrelandsvenennen bruker me no ein nynorskrobot for å effektivisere arbeidet med innhald på nynorsk, mellom anna nettsidene våre. Innhaldet må likevel bli kvalitetssikra av menneske for å få god språkleg kvalitet.
Robotane tek over nynorsk
Me følger kommunikasjonsavdelingas bruk av nynorsk i formidlingsarbeidet tett. Dei siste åra har me brukt mellom 25 og 30 prosent nynorsk på våre eigne saker på UiA.no.
Rutinar er endra så dei aller fleste skjema for eksterne brukarar er på plass på båe skriftspråk frå dei blir lansert. Når me blir merksame på manglande nynorskversjonar, rettar me så fort som mogleg.
Universitetet sin bruk av nynorsk er også sett på agendaen i fleire leiarmøte. I vår blir saka teken opp i dekanmøtet. Her møtest rektoratet, dekanane og dei administrative direktørane for å diskutera viktige strategiske saker for universitetet.
Eg kan ikkje konkludere med akkurat kva slags tiltak me vil bestemme oss for, men litt kan eg likevel seie allereie no.
Det viktigaste er kanskje at me vil gjer nynorsken meir synleg på universitetet. Studentar og tilsette skal rett og slett bli utsette for meir nynorsk i kvardagen, både digitalt og på fysiske flater.
Studentar og tilsette skal rett og slett bli utsette for meir nynorsk i kvardagen.
Me tenkjer at det å leggje vekt på å bruke nynorsk der språket blir sett av mange, er godt i tråd med hensikta bak språklova. Slik håpar me at nynorsken skal bli mindre framand og ein meir naturleg del av innhaldet på UiA.
Det ligg også i korta at fleire tilsette må bli flinke til å skrive nynorsk. Og me må framleis nytte ny teknologi når det kan vere til hjelp.
På universitetet er me så heldige at me har eit eige språkpolitiske utval. Dei er som deg, Nora Tangen Aarskog, engasjerte i saka, og me vil jobbe saman med dei for å finne enda fleire gode tiltak for nynorsken.
No er det diverre slik at me nyleg fekk eit brev frå Språkrådet om at me ikkje kjem til å få individuelle rapportar for vår bruk av nynorsk for 2025. Difor må me nok vente til våren 2027 med å sjå ein ny dom om kor langt me då har kome. Fram til då er me samde med deg, Aarskog: JA til meir nynorsk i 2026 og åra som kjem!





English (US)