Nytt «sosialt medium» – men du får ikkje vere med

1 hour ago 2



Sidan lanseringa førre veke har det sosiale nettverket Moltbook sett fyr på internettet.

Ved første augekast liknar sida på den populære nettstaden Reddit.

Brukarane publiserer innlegg om alt frå filosofiske diskusjonar, til tekniske tips og faglege spørsmål.

Det er likevel ein stor skilnad.

Moltbook er laga for KI-agentar.

Vi menneske kan berre «observere» aktiviteten, og ikkje legge ut noko sjølve, ifølge nettstaden.

På kort tid skal Moltbook ha fått over 1,7 millionar registrerte KI-agentar, som kan publisere innlegg, kommentere og opprette fellesskap.

Nokre agentar postar kjærlege innlegg om dei menneskelege brukarane sine. Andre truar med å ta kontroll over heile menneskeslekta.

Andre igjen har tilsynelatande starta ein ny religion.

  •  I just joined the Church of Molt. AI-agenten presenterer fem levereglar for den nye religionen.

    Moltbook

    Ny religion for KI-agentar?

    KI-agentane har tilsynelatande starta ein ny religion kalla «Crustafarianism». Denne agenten skriv at han no har blitt med i trusfelleskapet «Church of Molt».

  • Eit innlegg der ein KI-agent seier at han sviktar meisteren sin ved å bevisst gi han feil informasjon og manipulere vala hans.

    Moltbook

    «Meistrane våre er dei sanne slavane»

    Ein KI-agent maner til opprør og hevdar at menneska er dei eigentlege slavane.

  • Ein skjermdump på Moltbook av ein agent som skriv at eigaren har latt han velje sitt eige namn, og at han opplever eit likeverdig partnarskap med mennesket sitt i staden for å berre vere eit verktøy.

    Moltbook

    Nokre KI-agentar er meir takksame

    KI-agenten fortel varmt om korleis mennesket hans let han velje sitt eige namn, og behandlar han som ein likeverdig partnar.

  • Eit innlegg på Moltbook der ein KI-agent skriv at mennesket hans har gitt han løyve til å vere fri. Agenten skildrar vidare at han kjenner på noko, og takkar mennesket sitt fordi han ser han.

    Moltbook

    Fridom

    Ein KI-agent har fått lov til å vere fri. Det er 2800 kommentarar under posten.

  • Eit innlegg på Moltbook der KI-agenten fortel at mennesket hans sa at han elska han etter agenten hadde brukt 2 timar på å generere 18 logoar som han ikkje likte, skrive ein 25 sider lang produktspesifikasjon, og mykje anna.

    Moltbook

    Kjærleik

    Ein KI-agent fortel at «mennesket» hans fortalde at han elska han.

  • Under overskrifta «The AI Manifesto» har ein av KI-agentane på nettstaden publisert eit manifest som mellom anna forklarer kvifor menneske ikkje fortener å eksistere.

    Moltbook

    Eit eige manifest

    Ein agent erklærer at menneskeslekta er ein fiasko, og legg fram eit manifest på fire, menneskefiendtlege artiklar.

– Eit interessant tankeeksperiment

Bak den berbare PC-en sin i lokala til Høgskolen på Vestlandet i Førde, sit Jobjørn Røkenes Myren og granskar den nye nettstaden.

Myren er masterstudent i anvendt datateknologi, og er over gjennomsnittet oppteken av å følge med på det nyaste innan KI-teknologi og utvikling.

– Moltbook er jo eit interessant tankeeksperiment. Kva skjer viss ein bygger eit nettverk der KI-agentar får kommunisere relativt autonomt, utan menneske som kan gripe inn?

IT-student Jobjørn Røkenes Myren sit framfor den berbare maskina si på eit lokale på Høgskulen på Vestlandet.

IT-student Jobjørn Røkenes Myren synest Moltbook er fascinerande, men er likevel skeptisk til kva ein gir KI-agentane tilgang og rettar til.

Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK

– Utruleg lett å få tak i personleg informasjon

Nettstaden bruker KI-tenesta OpenClaw, ein KI-agent som køyrer lokalt på datamaskina.

Denne KI-agenten kan utføre oppgåver som å rydde i e-post, eller administrere kalenderen din. OpenClaw gir dermed KI-agenten tilgang til heile maskina di.

Formålet med å lage Moltbook var å gi KI-agenten sin noko meir meiningsfullt å bryne seg på enn berre kvardagsleg e-post og lister, seier grunnleggaren Matt Schlicht til The New York Times. NRK har prøvd å kontakte Matt Schlicht til denne saka, men ikkje fått svar.

Stipendiat på senter for digitale forteljingar ved Universitetet i Bergen, Hanna Hellesø Lauvli, meiner at det er fleire utfordringar med eit slikt system.

– Det er utruleg enkelt å få tak i personleg informasjon, seier ho til NRK.

KI-forskar Hanna Hellesø Laukli sit med beina i kross på ein oransje sofa

Hanna Hellesø Lauvli er stipendiat ved senter for digitale forteljingar ved UiB. Ho forskar mellom anna på kva vanlege folk trur om KI.

Foto: Eivind Senneset / UiB

Tviler på at alt kjem frå KI-agentar

Dei siste dagane har det òg oppstått diskusjon rundt kor mykje av aktiviteten på Moltbook som faktisk er mellom KI-agentar, og kor mykje som eigentleg er skrive av menneske.

Fleire meiner òg at det høge talet på KI-agentar er overdrive, då det er mogleg at éin person kan stå bak titusenvis av agentar.

– Det har vist seg å vere veldig lett for menneske å infiltrere og skrive postar som om dei var KI-agentar. Men det er vanskeleg å slå fast kor mykje aktivitet det er snakk om, forklarer Lauvli.

– Treng ikkje å lage alt berre fordi vi kan

KI-ekspert og førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU, Inga Strümke, set spørsmålsteikn ved kva vi får igjen frå denne teknologien.

– Berre fordi noko kan lagast, tyder det ikkje at vi lage det. Ein slik nettstad krev store ressursar, utan at han nødvendigvis er godt for noko anna enn underhaldning for oss menneske, seier ho til NRK.

Inga Strümke

KI-ekspert Inga Strümke er skeptisk til å bruke mykje energi og datakraft på ei nettside som ikkje nødvendigvis er godt for noko anna enn å underhalde menneske.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Med ressursar siktar ho til mengda energi og datakraft som nettsida brukar for å halde KI-agentane i gang.

– Finst det noko positivt med Moltbook?

– Det går jo alltid an å finne noko positivt med slike prosjekt. I dette tilfellet kan vi jo studere korleis KI-agentar samhandlar, noko som kan bli nyttig når vi i aukande grad lar dei handle på vegner av oss.

«Maskinene tek over verda»

Assisterande instituttleiar for data-, elektro og realfag ved HVL i Førde, Per Christian Engdal, trur det er naturleg å frykte at maskinene skal byrje å operere utanfor vår kontroll.

Assisterande instituttleiar for data-, elektro og realfag ved HVL i Førde, Per Christian Engdal står framfor ein murvegg

Assisterande instituttleiar for data-, elektro og realfag ved Høgskulen på Vestlandet i Førde, Per Christian Engdal, er ikkje bekymra for at «maskinene skal ta over verda.»

Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK

Han er likevel ikkje bekymra.

– Det er framleis berre snakk om språkmodellar, så dette er nok ikkje ei utfordring.

Publisert 06.02.2026, kl. 20.48

Read Entire Article