Nyvinning skaper ståhei: – Verka som om alle fekk panikk

1 month ago 31



– Eg synest ikkje noko om det. Du høyrer deg sjølv puste og du blir veldig varm i hovudet. Eg synest ikkje det var noko behageleg, seier Eitrem til NRK.

Det er bruken av hjelm som er spørsmålet. I verdscupavslutninga stilte blant anna hans argaste rival, Davide Ghiotto, opp med hjelm på 5000 meter.

Bruken av hjelm er påboden under fellesstartar og lagøvingar av sikkerheitsmessige omsyn. I vanlege parløp er det likevel ingen reglar for bruk av hjelm.

Leverte på nytt nivå med hjelm

På 5000-meteren i VM torsdag gjekk tidlegare verdsrekordhaldar Ted-Jan Bloemen med hjelm. Det same gjorde italienaren Riccardo Lorello og tyske Fridtjof Petzold.

– Den hjelmen kom veldig plutseleg. Nokon begynte å snakke om det i Heerenveen og så plutseleg verka det som om alle fekk panikk rundt at dei har lyst til å prøve det, seier norske Sigurd Henriksen, som blei nummer 19 på 5000-meteren.

Tre skøyteløpere med hjelm

HJELM I VM: Frå venstre: Riccardo Lorello, Fridtjof Petzold og Ted-Jan Bloemen gjekk alle med hjelm torsdag. Hjelmbruk får ein fort sjå igjen under dei 10.000 meterane på søndag, i tillegg til på dei påbodne øvingane.

Foto: NTB

Mens Ghiotto droppa hjelmen i VM og har uttalt til NOS at han kjente seg litt låst, har hjelmbruken komme med stor suksess for landsmannen Lorello.

22-åringen levert to av karrierens tre raskaste løp på 5000 meter med hjelm og fått det store gjennombrotet sitt.

Lorello fortel til NRK:

– Det er som eg er i ei boble, og eg har veldig bra fokus på isen. Eg bestemte meg for å bruke den også i dag. Også på grunn av aerodynamikken. Vi trur hjelmen kan forbetre aerodynamikken din, så om du kjenner deg komfortabel, kvifor ikkje bruke hjelm?

Kryptisk rundt norsk test: – Veit ikkje om eg har lov til å seie dette

Tilbake i den norske leiren fortel Henriksen om kvifor han opplevde at det blei litt panikkartet stemning.

– Eg kjente det litt slik. Det var litt spesielt, for det gjekk rykte i Heerenveen om at Noreg plutseleg skulle bruke hjelmar på heimebane. For somme har det openbert fungert bra, som Lorello, men eg trur ikkje det berre er hjelmen, seier bergensaren.

Han avslører også at Noreg har gjort testar i vindtunnel for å undersøke effekten.

– No har ikkje alle testa det, så det kan vere ulikt frå person til person. Men vi har hatt ein som har testa og då var det ikkje mogleg å sjå at det var noko raskare.

– Du vil ikkje seie kven?

– Eg veit ikkje om eg har lov til å seie dette, seier han kryptisk og ler, før han legg til:

– Men det er nokon på landslaget.

Før sesongen var to hender på ryggen eller ei i svingane det store spørsmålet:

Landslagstrenar Jonas Bekken held også korta tett til brystet innleiingsvis, men fortel at det blei gjort testar rett i forkant av verdscupavslutninga i Heerenveen.

Faktisk må vi vidare til sportssjef Petter Andersen for å få namnet på utøvaren som har gjort dei norske testane, nemleg Kristian Gamme Ulekleiv.

– Vi har ikkje funne ut at det er meir effektivt, så vi har ikkje valt å gjere noko med det. Det kan vere at nokon kan ha nytte av det, mens andre ikkje. Det avheng litt av stilen. Da må vi teste alle saman, for at vi skal gi alle gode råd, seier Andersen.

Landslagstrenar Bekken meiner testane dei gjorde, førte til at det ikkje blei noko panikk da konkurrentane dukka opp med hjelm i Heerenveen.

– Det gjorde oss trygge på at det ikkje var noko vi skulle bruke tid og energi på det no. Det trur eg dei fleste utøvarane også var og er trygge på. Ser du at fleire og fleire gjer det, og at det går raskare og raskare, så må vi absolutt ta det på alvor og teste meir. Men vi har ikkje opplevd noko panikk før denne meisterskapen, seier han.

– Blir ein enda meir anonym sport

Dei norske utøvarane er uansett foreløpig ikkje spesielt begeistra. VM-vinnar Eitrem fortel til NRK at han også testa bruk av hjelm i sommar.

– Eg er vel kanskje litt motstandar av det. Eg trur ikkje det er hjelm på løp ein skal innføre. Då er det vel heller trening, når ein går 100 stykke på is. Det blir ein enda meir anonym sport om ein skal ha på seg ein hjelm på løp. Då ser du ikkje ansiktet eller noko, så eg er litt motstandar av det, seier han.

Lagkamerat Peder Kongshaug, Noregs største gullhåp på dei 1500 meterane på søndag, følger opp:

– Eg håpar at færrast mogleg går med det. Eg er ikkje så fan av heile det utstyrsjaget. For skøyter sin del tenker eg også at det ikkje akkurat er rett veg å gå at alle gøymer seg bak ein aerodynamisk hjelm og at publikum ikkje kan sjå ansiktet.

Peder Kongshaug, skøyter.

ANSIKTSMIMIKK: Kongshaug fryktar effekten ein hjelm kan ha for publikumsopplevinga.

Foto: VINCENT JANNINK / AFP / NTB

Rogalendingen sit foreløpig stille i båten, men trur mange vil kaste seg på bølga viss også den største skøytenasjonen i verda, Nederland, begynner å bruke hjelm. Uansett håpar han at utstyrsfokuset blir halde til eit minimum.

– Eg ville helst sett at ein såg på korleis utøvaren kan bli betre på skøyter, ikkje korleis ein kan forme omgivnadene for at utøvaren skal gå raskare på skøyter. Eg skulle helst sett det ganske kommunistisk og at alle gjekk i same trikot og hadde same utstyr, men det er nok litt for kommersielt for å få til ei slik ordning.

Han avsluttar:

– Men eg trur dei siste vekene har vist oss at det kanskje ikkje er heilt feil retning å gå i, seier han, med tilvising til hoppskandalen.

Og så er spørsmålet om eventuell hjelmbruk, kan føre til at vi får den same utviklinga som innan tempohjelmar i landevegssykling?

Tempohjelmane til Uno-X blir samanlikna med både Brannmann Sam og Darth Vader.

Publisert 14.03.2025, kl. 11.17

Read Entire Article