Torsdag, dagen før sesongopninga i langrenn, blei det småhektisk aktivitet på Beitostølen.
NRK var til stades då Erik Husby, arrangementsansvarleg i skiforbundet, inspiserte staven til Eirik Mysen.
Langrennsløparen har nemleg halde sitt nye grep skjult i ei god stund. Han har frykta at nokre av konkurrentane skal få nyss i kva han driv med.
– Det ser jo heilt rått ut! No er eg heilt sikker på at det gjer at eg går raskare, seier Mysen til NRK.
Mysen tok NM-bronse i fjor og er ein av skiløparane som står utanfor landslaget. Han undersøker alle moglegheiter som gjer at han kan gå litt fortare.
No viser han stolt fram det hemmelege grepet sitt.
BLID: Eirik Mysen då han møtte NRK før sesongstarten.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRKSaman med ein stavprodusent, som han blir sponsa av, har han utvikla eit heilt nytt handtak på staven.
Dette «forlenger» stavtaket på eit vis.
På Beitostølen observerte NRK fleire som var nysgjerrige på nyvinninga, og representantar frå skiforbundet undersøkte og tok bilde av ho.
Mysen er, så vidt han veit, einaste skiløpar som blir sponsa av dette merket.
– Eg trur eg er ganske åleine om dette, seier han.
- Følg og sjå sesongopninga på NRK1 frå klokka 10.50 fredag!



Ein slags «juksekode»
Med tradisjonelle skistavar er handa festa stramt til stavgrepet. Staven sit nesten klistra i handflata.
Slik er det ikkje med Mysen sine stavar.
Ei heilt ny løysing gjer at stavane blir forlenga med fem centimeter når han slepper dei, slik at stavtaket blir lengre.
Testing gjennom sommaren har vist tydelege resultat, ifølge Mysen: Han går raskare enn før – mykje raskare.
– Eg blir rett og slett meir effektiv. Det blir som at stavane blir fem centimeter lengre. No er det jo ei avgrensing på kor lange stavar ein kan ha, men dette gjer at du får fem centimeter ekstra.
– Ein slags «juksekode», berre at det er lovleg?
– Ja, eigentleg.
GREP: Mysen viser korleis det fungerer.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRKFull forvirring
Mysen har i ei årrekke vore ein av utøvarane som er like bak verdscupnivå.
No merkar han at forma er betre enn aldri før. På Beitostølen i helga håpar han å blande seg inn blant løparane som skal kjempe om OL-plass.
Sjølv meiner han staven kan gi han så mykje som 15 sekund fordel over ti kilometer.
NRK kontakta Torbjørn Broks Pettersen for å få svar. Han er teknisk delegert (TD), ein slags dommar, i rennet i helga, og er kjent med staven.
TEKNISK DELEGERT: Torbjørn Broks Pettersen er usikker på staven.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Per i dag er eg usikker på lovlegheita av han, seier Pettersen til NRK.
Han er den norske representanten i regelkomiteen i FIS, og seier at han er brukt i verdscup før. Men sidan den gongen er staven utvikla med ein strikk-mekanisme som kan gjere han ulovleg.
Pål Golberg, NRK sin nye ekspert, er ikkje i tvil om at staven har effekt.
– At du forlenger stavtaket er det ikkje noko tvil om, seier NRK-eksperten.
NRK-EKSPERT: Pål Golberg.
Foto: Tommy Iversen / NRKMen han er usikker på om han hadde gått fortare med han.
– Det kan ha effekt i motbakke, men under staking i høg fart er det vanskeleg å sjå ein effekt. Dess lenger distanse, dess meir effekt, seier Golberg.
– Ein revolusjon
Vetle Leander Johansen er Mysen sin trenar, og meiner staven er lov å bruke. Johansen har henta mykje av inspirasjonen frå andre idrettar, blant anna triatlon.
Det norske triatlonmiljøet har fleire gonger komme med nyvinningar som er så gode at dei har blitt forbodne.
Det har vore ein inspirasjon for Johansen.
– Eg undersøkte litt rundt stavar og ville gjerne få til noko nytt. Då fann vi eit produkt som verka ekstremt lovande. Vi fekk tak i sjefen der og så begynte vi å teste.
Resultatet får vi sjå i sesongopninga på Beitostølen laurdag.
– Det er veldig gøy å vere med på noko nytt. Langrenn har jo stått ganske stille lenge, så å kunne vere med på å bruke noko som er litt revolusjonerande, det er jo vanvitig motiverande, seier Johansen.
Publisert 20.11.2025, kl. 20.38



















English (US)