Eit fly av typen Airbus A330 har dei siste døgna blitt observert i lufta over Andøya.
Flyginga er ein del av jammetesten som pågår på Andøya denne veka, skriv Vol.no. Airbus har stadfesta at dei deltar i øvinga Jammertest som pågår på Andøya heile veka.
Fleire andre fly har også deltatt i testen, som er ein rekordstor sikkerheitstest på Andøya. Den starta for tre dagar sidan og er den største opne testen av utstyr mot satelittforstyrringar.
Det har Testnor AS opplyst i ei pressemelding.
Over 100 aktørar frå heile verda deltar for å ruste samfunnet betre mot digitale trugslar.