Omfamna av kjærasten etter bragden: – Eg berre skreik i øyra hans

3 hours ago 2



– Eg skal prøve å roe meg ned, men eg skjønar eigentleg ingenting, seier ein blid Emil Iversen til NRK etter å ha spurta inn til ein tredjeplass i Trondheim.

Han held fram:

– Eg er veldig stolt og takksam.

Dette var veldig rått. Han får som fortjent. Han har jobba hardt, seier ho som kanskje har vore tettast på Iversen den siste tida.

Kjæraste Bettina Burud var til stades då fekk Iversen sin revansje på heimebane - i den siste fellesstarten med skibyte-distansen før OL.

Trønderen gjekk inn til ein råsterk tredjeplass etter ein dramatisk spurt.

Klæbo vann den 20 kilometer lange fellesstarten med skibyte, mens Harald Østberg Amundsen tok andreplassen.

– Dette betyr mykje for Iversen, seier Fredrik Aukland om Iversen sin tredjeplass.

– Emil Iversen, ein av dagens vinnarar, legg Jann Post til.

Det har den siste tida vore mykje bråk rundt verdscup-uttaket, og Iversen måtte førre veke gå Noregs cup.

Emil Iversen, Amundsen og Klæbo

PALLEN: Johannes Høsflot Klæbo var sterkast i spurten, framfor Harald Østberg Amundsen og Emil Iversen.

Foto: Geir Olsen / NTB

Merkar ein forskjell

– Eg veit eg har vore i god form lenge i år, men ting skal klaffe. Eg har følt at det har vore lang veg opp til toppen, men eg fekk moglegheita, seier Iversen.

Han held fram:

– Nå får eg att for det harde halvåret eg har gjort. Og vel så det. Eg kunne lagt opp, eg nå, seier Iversen med eit smil.

Med tredjeplassen, har Iversen meldt seg på i uttaket for å gå øvinga i OL.

To skiløpere omfavner hverandre etter en konkurranse. De har på seg fargerike skiklær med sponsorlogos. Bakgrunnen viser bannere fra et skirenn i Trondheim. Begge utøverne holder skistaver i hendene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TRENINGSKOMPISAR: Emil Iversen og Johannes Høsflot Klæbo har trent mykje saman.

Foto: Geir Olsen / NTB

Iversen har det siste året trena mykje med den beste skiløparen i verda. Iversen og Klæbo har mellom anna vore lenge i høgda i USA.

Klæbo ser stor forskjell på Iversen før og no.

– Eg veit korleis livet hans var før, og eg veit korleis det har vore det siste året. Det er ein forskjell.

– Korleis merkar du den forskjellen?

– Me kan starte med kosthald. Han søv meir. Det er ganske mange vesentlege faktorar, som dei fleste skjønar, men som det tok 12-13 år for Iversen å skjøne, legg Klæbo til.

– Han er litt treig, eigentleg?

– Ja, no får han betalt for det. Då er det ekstra artig, svarer Klæbo.

En deltaker i sportsarrangementet får utdelt utstyr av en person iført en beige jakke. Publikum i bakgrunnen ser på med interesse. Det er tydelig snø på bakken, og arrangementet foregår utendørs. Mange personer har på seg varme klær, typiske for kalde vinterdager. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

KJÆRAST: Bettina Burud var til stades i Granåsen for å støtte kjærasten.

Foto: Geir Olsen / NTB

Høg fart

Det blei sett høg fart tidleg i løpet.

Finske Iivo Niskanen sette opp tempoet alt etter ein runde gått i Trondheim. Feltet blei fort strekt, men fleire av dei norske utøvarane hengde med.

Ifølgje langrennsekspert Pål Golberg, låg Emil Iversen langt bak i feltet før siste delen av rennet.

– Han klarte å posisjonere seg fram og ta fram litt gammalt instinkt, så det var veldig moro for Emil Iversen, sa NRK-ekspert Pål Golberg om løpet.

– Han er i betre forfatning enn han har vore dei siste åra. Det handlar på mange måtar om å få det ut når det gjeld. Det har kanskje vore ein liten mental sperre for Emil, la han til.

En gruppe langrennsløpere konkurrerer i en snødekket løype. Utøverne har på seg fargerike konkurranseklær med sponsorlogoer. De er delt inn i ulike posisjoner, og noen er i ferd med å overhale andre. Bakgrunnen viser skogkledde områder og et målområde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HØG FART: det gjekk fort på 20 kilometer fellesstart med skibyte

Foto: Geir Olsen / NTB

– Klæbo har manøvrert seg helt fram i feltet. Her er helt utruleg korleis han bruker utforkøyringane til å gjere det, sa NRK-ekspert Fredrik Aukland.

Det var siste gong utøvarane fekk prøvd seg på distansen før OL.

Simen Hegstad Krüger, som har OL- og VM-gull i øvinga, hamna bak leiargruppa og jakta gruppa i lag med Filip Skari.

Publisert 06.12.2025, kl. 11.55 Oppdatert 06.12.2025, kl. 12.59

Read Entire Article