Opplevde brann og stein­kasting i fjor: – I juni veks hatet

1 day ago 2



– I juni veks hatet til ein ny type høgde.

Det seier Vilje Juvskås frå Vinje. Ho er trans og har arrangert ei rekke pride-feiringar i Vest-Telemark.

Juvskås førebur seg på ein månad med pride-feiring, men ho er også ekstra på vakt.

en person som holder et prideflagg

Juvskås med prideflagg utanfor heimen i Vinje.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

– Eg føler at pride blir veldig misforstått. At folk ikkje helt skjønner at det handlar om kjærleik, seier ho.

Brann, hets og steinkasting

I juni i fjor fekk Juvskås fleire skilsettande opplevingar.

Først blei ein stein kasta gjennom kjøkkenvindauget hennar.

Veka etter steinkastinga brann garasjen hennar ned. Politiet uttalte den gongen at dei undersøkte om det dreidde seg om hatkriminalitet.

Saka med garasjebrannen er framleis under etterforsking.

Branntomt

Slik så det ut etter at garasjen til Vilje brann ned i juni 2025.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

På eit tidspunkt blei det aktuelt at kommunen skulle støtte Juvskås økonomisk etter garasjebrannen. Av omsyn til etterforskinga til politiet blei dette likevel sett på vent.

Saka rundt steinkastinga blei lagd bort av politiet i januar.

Juvskås fortel at ho i større grad kvir seg for å ta med folk på besøk etter hendingane.

– Berre oppfør deg

No håper ho at folk oppfører seg godt mot kvarandre i pride-markeringane den neste månaden.

– Du trenger på ein måte ikkje å slenge ut ein kommentar eller poste på Facebook at du synest pride er ekkelt.

– Eigentleg berre oppfør deg som et anstendig menneske, seier Juvskås.

Skrudde av kommentarfeltet

I Horten delte kommunen på si nettside denne veka kvifor dei markerer pride og heiser regnbogeflagget på barnehagar og skolar.

– Vi veit det er ein del meiningar om pride-flagget. Derfor tenker vi det er lurt å gi informasjon i forkant, sånn at folk veit kvifor vi gjer det.

Det seier kommunalsjef for kultur, oppvekst og familie i Horten, Are Karlsen.

Kommunalsjef for kultur, oppvekst og familie i Horten, Are Karlsen, med en pride-dukke i 2022.

Kommunalsjef Are Karlsen i Horten kommune med ei pride-dokke i 2022.

Foto: Privat

Men da dette blei delt vidare på Facebook kom det reaksjonar.

– Det var veldig mange på Facebook som gav uttrykk for at dei mislikte det, seier Karlsen.

Han beskriv stygt språk og formidlingar av meiningar på ein ufin måte.

Nå har kommunen bestemt seg for å stenge kommentarfeltet etter «hatefulle kommentarar av vondskapsfull art».

Et skjermdump som viser en kommentar på et Facebook-innlegg på Horten kommune sine sider hvor det står "På grunn av hatefulle kommentarer av ondskapsfull art, velger vi nå å stenge kommentarfeltet for ytterligere kommentarer. Horten kommune takker samtidig for all støtte, varme og kjærlighet som også har vært gjeldende i denne tråden."

Her er kommentaren Horten kommune har delt under Facebook-innlegget.

Grafikk: Skjermdump / Horten kommune på Facebook

Her er kommentaren Horten kommune har delt under Facebook-innlegget.

Grafikk: Skjermdump / Horten kommune på Facebook

Ynskjer fleire vaksne som gode forbilde i sosiale medium

– Kva tenker du om desse typane reaksjonar?

– Det er heilt fint at folk har ulike syn. Men eg synest ein på sosiale medium bør tenke seg om kva språk ein bruker, og korleis ein formidlar det synet. Det var det ein del eksempel på i går som vi ikkje synest er heilt ålreite.

– Er det greitt at folk oppfører seg sånn?

– Nei, eg synest ikkje det er greitt. Å bruke prideflagget i barnehagar og skolar er jo nettopp det å vise respekt for kvarandre, behandle kvarandre på fine måtar, det er det vi prøver å lære barna.

Personer holder regnbueflagg mot en klar blå himmel. En stor regnbuefarget duk henger til venstre i bildet. En person på høyre side av bildet holder et mindre regnbueflagg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Regnbueflagget under Oslo pride i 2023.

Foto: NTB

– Og da treng vi også vaksne som er forbilde, og eg ønsker meg også fleire vaksne som er gode forbilde i kommentarfelta, seier Karlsen.

Kommunalsjefen understrekar at det var mange positive kommentarar òg.

– Et ansvar at alle skal føle seg trygge

– Det er synd at vi har komme hit.

Det seier kommunikasjonssjef i Amnesty, Sindre Tollefsen, om at Horten kommune så seg nøydd til å skru av kommentarfeltet.

Han seier at skeive, og særleg transpersonar, er ekstra utsett for hets både på nett og i verkelegheita.

Sindre S Tollefsen Amnesty

Kommunikasjonssjef i Amnesty, Sindre Tollefsen.

Foto: Isabel Haugjord/Amnesty International

Oppfordrar til saklege diskusjonar

Tollefsen meiner det er greitt at folk er ueinige, men at man i ein diskusjon må vere saklege.

Han seier det er ein stor terskel for mange å delta i pride-markeringar, og at alle har et ansvar for at andre skal føle seg trygge.

– Det er umogeleg å kjenne ein glede ved å feire dersom du ikkje føler deg trygg. Det må vere eit premiss, seier han.

Publisert 30.05.2026, kl. 08.39 Oppdatert 30.05.2026, kl. 09.57

Read Entire Article