Opplever at butikktilsette blir fritt vilt

3 hours ago 1



– Vi blir litt fritt vilt når det skal vere ope til alle døgnets timar, seier Camilla Næsse.

Ho jobbar to kveldar i veka, to laurdagar i månaden og elles er arbeidsdagen slutt klokka 17.

– Eg møter sambuaren i døra og seier hei og ha det.

Butikkjobben på Coop Obs har vore hennar sidan 2006.

– Det er litt invaderande, og eg går glipp av mykje. Men eg kan vel på ein måte takke meg sjølv og må berre byte jobb viss eg ikkje er interessert i å jobbe sånn, seier ho.

Men søvnforskaren ser at det gjeld fleire og fleire.

Camilla Næsse jobber på Coop Obs

Næsse er tillitsvalt og snakkar med butikktilsette i andre butikkar som også synest det er utfordrande å balansere jobb og fritid med sprikande arbeidstider.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Auke siste 15 år

– Antal personar som jobbar utanom ordinær dagtid har auka dei siste 15 åra. Mykje på grunn av at samfunnet er det vi kallar eit 24-timarssamfunn, seier Siri Waage.

Siri Waage

Søvnforskar på Nasjonalt senter for søvnmedisin på Haukeland universitetssjukehus, Siri Waage.

Foto: Universitetet i Bergen

Ho har forska på søvn, døgnrytme og skiftarbeid i ei årrekke og peiker på nokre endringar:

Før var det dei med samfunnskritiske funksjonar som jobba skift og turnus.

Nå skal frisøren også vere tilgjengeleg større delar av døgeret.

– Kjøpesentera er opne til klokka 21. Matbutikken opnar halv sju og stenger klokka 24. Det er nye grupper som ikkje tidlegare har blitt definerte som skiftarbeidarar som nå plutseleg jobbar turnus, seier Waage.

Ein tredjedel er på jobb etter kl. 18

32 prosent arbeidar utanom ordinær dagtid. Det tilsvarar om lag 850.000 personar, viser tal Statens arbeidsmiljøinstitutt, Stami, har henta frå SSB.

Årleg publiserer YS og Oslo Met YS Arbeidslivsbarometer, basert på ei undersøking blant norske arbeidstakarar.

I 2024 svarte 56,1 prosent av dei spurte at dei nokre gonger, ofte eller alltid jobbar to eller fleire timar mellom klokka 18 og 22 kvar månad.

I 2014 var andelen 48,4 prosent.

– Eg er eigentleg heldig som berre jobbar til klokka 21. Men som tillitsvald snakkar eg med tilsette i butikkar som har ope til 23. Dei synest det er tøft, seier Næsse.

Arbeidsforskingsinstituttet på Oslo Met presiserer at forskjellane ikkje er store nok til at dei er statistisk signifikante. Det kan vere ei reell endring, men det kan også vere tilfeldig, skriv stipendiat Elin Moen Dahl i ein e-post til NRK.

Vil gå på butikken når det passar

Pia Gilje og Sindre Sele studerer sjukepleie og er glade dei kan gå på butikken seint og tidleg.

– Då kan eg handle før og etter jobb, seier Gilje som jobbar i heimetenesta utanom studia.

en mann og en kvinne som sitter ved et bord

Pia Gilje og Sindre Sele skal bli sjukepleiarar og er glade for at butikkane har ope tidleg og seint.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Sele set pris på fridomen det gir å kunne gå på butikken eller trening seint og tidleg og kunne gjerne tenkt seg ein daglegvarebutikk som var open til midnatt.

Men treng vi det?

– Eg treng det ikkje, men det er andre som treng det, seier ho.

Ønsker lovregulerte opningstider

I 2003 blei opningstidslova oppheva. Då blei det lagt til grunn at markedsstyringen neppe ville føre til at utsalsplassar ville halde opent til etter klokka 21 i vesentleg større grad.

Dette har ikkje stemt for daglegvarehandelen, slår ein FAFO-rapport frå 2024 fast.

Samra Akhtar (Ap) er statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Samra Akhtar, nestleiar i HK Noreg.

Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Vi ser at etter opningstidslova forsvann har opningstidene berre est ut. Det er tungt og krevjande å jobbe i butikk. Kombinerer du det med lange opningstider fører det til auka stress, mindre tid med familie og vener og dårlegare helse. Vi veit jo at mange blir uføre i varehandelen, seier Samra Akhtar i arbeidstakarorganisasjonen Handel og Kontor.

Nå jobbar dei for å få på plass ei ny lov om opningstider i varehandelen.

– Vi er opptatt av at søndagen skal vere fri, men også at vi avgrensar opningstidene dei andre dagane, seier ho.

Næsse ønsker seg også ei lovregulering.

– Vi blir litt fritt vilt når det skal vere ope til alle døgnets timar, seier ho.

Vi blir trøyttare

Siri Waage trur det er vanskeleg å trekke tilbake goda av å kunne gå til frisøren på kvelden, handle før jobb eller trene på natta.

Men samtidig må vi tenke oss om, seier ho.

– Alt treng ikkje vere tilgjengeleg til alle døgnets tider. Mitt råd vil vere å prøve å avgrense antal menneske som må jobbe ubekvemt.

Dei som jobbar utanom ordinær arbeidstid, har generelt større utfordringar med å kombinere arbeid og familieliv enn dei som jobbar dagtid, skriv Stami i ein rapport. Og viser til ei nordisk studie.

Bør vi ha ei grense for kor lenge butikkane kan vere opne?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Dei umiddelbare konsekvensane er søvnighet og trøtthet. Vi får nedsett konsentrasjon og blir irriterte. Produktiviteten går ned og du får auka risiko til dømes for ulukker, seier Waage.

Ho seier døgnrytmen er ein av hovudfaktorane som sikrar god og nok søvn.

Camilla Næsse jobber på Coop Obs

Camilla Næsse har jobba på Obs i 19 år og trekker fram gode kollega, kjekke og blide kundar og varierte arbeidsoppgåver, som grunnar for at ho trivst i jobben.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Camilla Næsse merkar det både på søvn og matvanar og ønsker seg ein betre balanse mellom jobb og fritid for dei som jobbar i butikk.

– Alle har godt av å stresse ned i dette samfunnet som krev meir og meir av oss.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost! 

Publisert 09.11.2025, kl. 07.43

Read Entire Article