Hundrevis av frustrerte innbyggjarar på Kyrkjebø var i går kveld samla på skulen i bygda for å få siste nytt om vass-skandalen.
Den siste veka er det innført drikkeforbod, og det har kome fram at det har vore for høge nivå av aluminium i vatnet i minst 15 år.
Folkehelseinstituttet var tidleg ute og forklarte at slike nivå av aluminium kan føra til varige skader på nervesystemet.
Tilbakemeldingane frå FHI førte til at kommuneoverlegen tilrådde helsekontrollar av barn mellom 0 og 3 år som har budd på Kyrkjebø sidan 2021.
På folkemøtet kom det fram at måleverdiane faktisk er innafor tryggingsmarginen som er sett.
Det får ordførar Petter Sortland (Ap) til å sjå svart.
– FHI har etter mi meining vore med på å vigla opp stemninga. Dei har skapt frykt, sinne, uro og frustrasjon hjå innbyggjarane, og har sett kommunen i eit svært dårleg lys.
KRITISK TIL FHI: Ordførar Petter Sortland er ikkje nøgd med handteringa.
Foto: Odin Otnes Austring / NRKHar lite føre seg å kontrollera barn
Ei anna presisering som Folkehelseinstituttet no har kome med er at det ikkje er naudsynt å testa barn for skader. Sortland forklarer:
– Me har fått beskjed frå FHI om at det bur for få folk på Kyrkjebø til at slike testar vil kunne seia noko sikkert om aluminium har ført til skade.
Sortland håpar informasjonen som kom fram i går vil vera med på å trygga folk.
Ein av dei som fekk beskjed om at det ikkje blir testing likevel er Kjersti Haugen.
UNDRAR: Kjersti Haugen lurar på kva som skjer vidare.
Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK– Kva skjer no med borna? Kva slags symptom skal ein i tilfelle sjå etter?, spurde ho.
Også Ann-Kristin Nygaard reagerte sterkt på at eksponeringa ikkje blir dokumentert i journalane til barna for framtida.
Kommuneoverlege Mie Linn Bastholm svarte:
– Det er lite hensiktsmessig med regelmessig oppfølging av barn. Det er umogleg å seie presist kva symptom vi skal sjå etter.
Tidlegare har småbarnsmor Linn Elisabeth Dregelid stått fram med si uro for barna. Ho og ektemann Jan Erik Dregelid er ikkje nøgde med avgjerda.
FRAMLEIS UROA: Linn Elisabeth og Jan Erik Dregelid får ikkje undersøkt barna, slik dei trudde.
Foto: Håvard Heggen / NRK– Eg er skuffa. Uvissa om helsa er her framleis, seier Jan Erik Dregelid, og Linn Elisabeth følgjer opp:
– Det minste dei kan gjera er å undersøka. Eg meiner det er rett å sjekka om det er påført skader.
Fleire tiltak blir sette i verk
På lengre sikt er målet å fikse vasskjelda eller finne ein ny.
Fram til det skjer, må folk på Kyrkjebø halde fram med å hente drikkevatnet sitt i kanner frå krisetankane som er sette ut.
Leiarane i kommunen vedgjekk på folkemøtet i går at dei ikkje har vore klår over kor alvorleg situasjonen har vore før for eit par veker sidan.
– Me har ikkje sett på aluminium som ei utfordring, vedgjekk einingsleiar for kommunalteknisk drift i Høyanger kommune, Geir Øyvind Hovlandsdal.
STRAKSTILTAK: Høyanger kommune og einingsleiar Geir Øyvind Hovlandsdal la fram ei rekkje tiltak.
Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRKFHI: – Det er komplisert
Forsvar Trine Husøy i Folkehelseinstituttet svarer torsdag på kritikken frå ordførar Sortland om at FHI har skapt frykt og uro.
– Me tek til oss den kritikken, og skal sjå på det i etterkant. Men dette er eit svært komplekst område å driva kommunikasjon på, seier ho, og held fram:
– Det er ikkje sikkert at det er helsefare for einskilde. Men dette er ulikt, og det er difor me har tryggingsmargin.
STOR INTERESSE: Kyrkjebø skule var full av folk med spørsmål.
Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRKHusøy seier dei har prøvd å koma fram med denne bodskapen, men at det heile er komplisert.
– Dersom me har klart å nå fram med ein annan bodskap no, ved å seia det litt annleis, så er me glade for det.
– Kva fare er det for barn på Kyrkjebø no?
– For å svara på det må me studera eit visst tal av befolkninga over tid, og det er for få folk på Kyrkjebø til å gjera det. Så me kan ikkje svara på kor farleg det er for einskilde barn.
Tilbyr innbyggjarane psykolog
Ordførar Petter Sortland håpar informasjonen som no har kome fram vil roa dei fleste. Han seier det er viktig at kommunen er open om kva som skjer framover.
– Dersom folk er svært urolege har Høyanger kommune ein kommunepsykolog som er tilgjengeleg.
Han legg til at kommunen vil gjera alt, saman med ekspertar, for å få aluminiumsnivåa ned på eit akseptabelt nivå.
– Det er upløgd mark, dette med høge aluminiumsverdiar. Me legg oss flate for at det ikkje er gjort noko tidlegare, men ingen har fått beskjed om at me må stoppa vassleveringa til innbyggjarane.
NRK rettar: I ein tidlegare versjon stod det at FHI tilrådde helsekontrollar for barn mellom 0 og 3 år. Det rette er at kommuneoverlegen tilrådde på bakgrunn av tilbakemeldingar frå FHI. Retta 25. juni kl. 12.40.
Publisert 25.06.2026, kl. 12.05 Oppdatert 25.06.2026, kl. 12.40











English (US)