Tysdag trekte ordførar i Leka, Svein Pettersen, seg med umiddelbar verknad.
Ordføraren oppgav at det var tungtvegande personlege årsaker. Så viser det seg at han har fått utbetalt det revisor karakteriserer som eit rentefritt lån frå kommunen sine midlar.
Totalt blei 178.000 kroner utbetalt til ordføraren sin konto, fordelt på tre overføringar i perioden 2024 til 2025.
Ifølge kommunen sin revisor skjedde utbetalingane utan godkjenning, utan fullmakt og utan politisk behandling.
Revisor skriv i eit brev, som NRK har fått innsyn i, at ordføraren har fått bistand frå tre kommunalt tilsette.
Namdalsavisa omtalte saka først.
Leka er ein kommune med om lag 600 innbyggarar, heilt nord i Trøndelag.
– Det er ingen å skulde på, det er eg som har gjort feil
Svein Pettersen bekreftar til NRK at han fekk overført 178.000 kroner frå kommunen sine midlar.
– Det skjedde fordi eg fekk økonomiske utfordringar med tanke på restskatt, forklarar han til NRK.
Svein Pettersen seier han handla i god tru om at det var lov med forskot på godtgjersle som ordførar, slik tilsette kan få forskot på løn.
Foto: Namdal regionrådHan fortel vidare at han difor bad om forskot på godtgjersle.
– Eg tenkte ikkje noko meir over det, men eg skulle jo sjølvsagt ha vore klar over at det ikkje var lov. Det er ingen å skulde på, det er eg som har gjort feil.
Men i haust gjorde kommuneleiinga i Leka revisor oppmerksam på ordførarens «urettmessige uttak av kommunale midlar».
Då gjennomførte revisor ein utvida kontroll og ordføraren sine pengeuttak blei avdekka.
Berre to veker før han trekte seg kom kontrollutvalet med eit vedtak om det dei kallar lovbrot gjort av ordføraren:
– Kontrollutvalet ser særdeles alvorleg på at det er avdekka lovbrot, misferd, rolleblanding, alvorlege brot på reglement og stor svikt i internkontrollen.
Etter dette sende ordføraren søknad om å få fråtre frå alle sine politiske verv.
– Det var ei heilskapsvurdering etter to tøffe år som ordførar. Me har hatt tunge saker og prosessar som har tatt på over tid. Så når dette kom opp til slutt var det dropen som fekk begeret til å renne over, seier Pettersen.
– Eg har tatt det ansvaret. Eg har betalt tilbake pengane. Eg bad om fritaking frå politiske verv og tar min del av ansvaret, legg han til.
Kommunen ser alvorleg på det som har skjedd
Kommunedirektør i Leka, Camilla Maria Vågan, seier det er kjent praksis at tilsette i kommunen kan få forskot på lønn.
– Men ordførar er ikkje tilsett og mottek ikkje lønn. Her er det betalt ut beløp som er å rekne som eit lån med nedbetaling over lengre tid enn det som er vanleg ved lønnsforskot.
– Kommunen ser veldig alvorleg på det som har skjedd. Dette er brot på kommunen sitt økonomireglement, delegeringsreglement og også etiske retningslinjer, legg ho til.
Vågan har hatt jobben som kommunedirektør i Leka i 15 månader.
Foto: Espen Sandmo/NRK– Korleis har dette i det heile tatt kunne skje?
– Det er ikkje eitt enkelt svar på det. Men her er det snakk om korleis rolleforståing, delegering og myndigheit er forstått og praktisert.
Kommunedirektøren er eining i revisor si vurdering om at internkontrollen i Leka kommune er for dårleg.
– Det er svikt i internkontrollen, seier ho.
– Kva vil kommunen gjere no etter at dette har blitt avdekka?
– Me har allereie i samråd med revisjonen sett i verk tiltak for betre kontroll og system. Og skal bruke dette grundig for å gå gjennom alle rutinane våre, svarer kommunedirektøren.
– Offentleg forvalting er eit minefelt
Pettersen seier han handla i god tru og visste ikkje at han gjorde noko gale.
– Det har vore praktisert i kommunen tidlegare for tilsette, men eg har ingen indikasjonar på at det har vore praktisert overfor andre ordførarar. Det trur eg ikkje, seier han.
Likevel forstod han først at dette ikkje var lov etter at revisor hadde oppdaga pengeoverføringane.
– Burde ikkje du i rolla som ordførar ha kontroll på desse reglane for kva som er lovlege uttak av kommunen sine midlar og ikkje? Også når det kjem til forskjell på løn og godtgjersle, og det å vere tilsett og folkevald?
– Når eg ser det i ettertid er det heilt klart at eg burde det. Det er ingen tvil, svarar han.
– Offentleg forvalting er eit minefelt. Og som uerfaren politikar og ordførar er det lett å trå feil.
Meiner internkontrollen burde vore betre
Pettersen seier han spurde nokre tilsette i kommunen om det gjekk an å få eit forskot på godtgjersla.
– Eg skulle sjølvsagt gått til kommunestyret og kommunedirektøren. Det er det som er normalt, men det blei ikkje gjort sånn.
– Kvifor informerte du ikkje kommunestyret og kommunedirektøren då, som du seier no i ettertid at du burde ha gjort?
– Det har eg ikkje noko svar på. Eg har gjort ein feil og legg meg langflat. Det er ikkje noko meir å seie om det.
Han meiner også at internkontrollen i kommunen burde ha vore betre, slik revisor og kommunedirektøren påpeiker.
– Meiner du at det burde ha vore betre rutinar som fanga dette opp, og at det også er delvis årsak til at overføringane skjedde?
– Eg skal ikkje begynne å fordele skuld på nokon i det heile tatt, men det er klart at det har jo vore mangel på rutinar her. Det er det ingen tvil om, svarar han.
– Kva tenker du at dette gjer med folk si tillit til politikarar i kommunen?
– Det er jo rydda opp i dette. Dette kjem aldri til å skje igjen. Eg føler meg trygg på at tillita bør dei ha vidare, svarar Pettersen til slutt.
Publisert 31.01.2026, kl. 10.31










English (US)